Nyheter

Har «arva» døden som yrke: – Ikkje ein jobb for alle

UNGE KVINNER: Dei tre kvinnene er ein ny generasjon gravferdskonsulentar. – Mange har eit bilde av ein gravferdskonsulent som ein mann i 50-åra, seier Elise Mikkelsen.

Dei er alle i 20-åra, dei er gravferdskonsulentar og dei elskar jobben sin. Vårt Land har snakka med Celina Strøm (20), Maria Woie (22) og Elise Mikkelsen (26) om korleis det er å jobbe med døden.

Dei har ein ting til til felles – dei jobbar alle med fedrane sine.

Åtte år i bransjen

Celina Strøm (20) jobbar i Alta gravferdsbyrå og byrja tidleg i yrket som gravferdskonsulent – ho har allereie vore i bransjen i åtte år. Korleis er det mogleg, tenkjer du kanskje?

Celina Strøm i Alta begravelsesbyrå byrja å jobbe i familiebedrifta då ho var 13 år gammal.

– Eg kom inn i yrket gjennom familien. Pappa eig gravferdsbyrået og har jobba der i 25 år, fleire i familien har også vore innom der. Eg har eigentleg vore med pappa på jobb så lenge eg kan hugse, men det var fyrst då eg var 13 år at eg fekk hjelpa meir til, fortel Strøm.

Sidan ho var 13 år har ho jobba i feriar og helger mens ho gjekk på skule. For to år sidan, då ho var ferdig på vidaregåande, starta ho å jobbe hundre prosent i byrået til faren. Folk ho møter er ofte nysgjerrige og har mange spørsmål til yrket.

– Eg synest det er fint at dei spør om kva me driv med. Me gjer mykje jobb som ingen ser, seier Strøm.

Prioriterer ofte jobb

Å møte og snakke med pårørande, og få vere deira trygge følgje, er noko av det Strøm likar best med jobben som gravferdskonsulent.

– Det å få lov å hjelpe og skape eit verdig avskjed gir meg mykje, seier ho.

20-åringen har ikkje eitt sekund tenkt at ho ville gjort noko anna enn det ho gjer.

– Det er ingenting anna eg heller ville ha jobba med. Eg gruer meg aldri til å gå på jobb, og eg prioriterer ofte jobb over andre ting, seier ho.

Tredje generasjon

Ein vanleg dag på jobben kan involvere alt frå å hente og stelle avdøde, til å redigere bilete, lage program, vaske bilar og pusse messinglys, fortel Elise Mikkelsen (26).

For ho var det ikkje plan A å bli gravferdskonsulent, men heilt tilfeldig var det heller ikkje.

– Det var delvis tilfeldig, ettersom eg er tredje generasjon i familien som jobbar som gravferdskonsulent, seier Mikkelsen.

Elise Mikkelsen, Solstrands begravelsesbyrå.

Ho fortel at farfaren hennar i si tid starta eit gravferdsbyrå på Askøy – i dag er det onkelen som driv byrået. Sjølv jobbar Mikkelsen i Solstrands gravferdsbyrå, der også faren hennar jobbar.

– Du kan seie at døden har vore eit naturleg samtaletema i familien vår, som nok også har vekkja ein nysgjerrigheit hos meg.

Mikkelsen hadde eigentleg planar om å ta bli ambulansearbeidar, men planen endra seg etter at ho måtte dimittere frå Garden grunna kyssesjuke. Slik fekk ho jobb i Solstrand gravferdsbyrå, som hadde ei ledig stilling.

– Eg vart overraska over kor allsidig jobben var. Eg trudde ein jobba mest med å hente avdøde – som eg no veit er ein liten del av jobben, seier ho.

Det ho likar best med å vere gravferdskonsulent er å få vere med på å gjere ein skilnad for dei som er i sorg.

Du kan seie at døden har vore eit naturleg samtaletema i familien vår

—  Elise Mikkelsen

– Det som også motiverer meg er at kvar gravferd er unik, så det blir aldri ein rutine. Eg vert også alltid imponert over at folk i sorg er så utruleg takksame, det gir ein ny giv, seier ho.

Tøff jobb

Mikkelsen innrømmer at det likevel har hendt at ho har ønskt seg vekk frå jobben.

– I periodar der det er ekstra travelt og ein må gjere same jobb, då er det krevjande. Nokre gonger er ein også borti svært tragiske dødsfall og då har eg tenkt at «dette blir for mykje, dette syns eg ikkje noko om», fortel ho.

Sjølv om jobben som gravferdskonsulent til tider kan vere tøff, finn Mikkelsen måtar å handtere det på.

– Eg er veldig bevisst på at min jobb er å hjelpe med dei praktiske tinga ved eit dødsfall, det er ikkje mi sorg. Samtidig er eg ikkje fri for kjensler, det går sjølvsagt inn på meg, seier ho.

Blomar og gravferd

22-åringen Maria Woie flytta tilbake til Øksnes i Vesterålen i 2023 for å byrje å jobbe i familiebedrifta. Øksnes gravferdsbyrå vart stifta av Woie sin bestefar i 1984.

– Bestefar og pappa jobba i bedrifta fyrst. No er det hovudsakleg faren min og meg, men også bestefar og onkel er med innimellom, seier Woie, som også jobbar som blomsterdekoratør i bedrifta.

Maria Woie jobbar som gravferdskonsulent og blomsterdekoratør i familiebedrifta på Øksnes i Vesterålen.

Woie står derfor også i butikk og lagar blomeoppsatsar. Men, plutseleg ringjer telefonen, og då må ho vere klar til å reise ut på oppdrag.

22-åringen trur at å vekse opp med far og bestefar i yrket har vore med å førebu ho på jobben som gravferdskonsulent.

– Det er jo mykje tøft, det kan eg med handa på hjartet seie. Det er mange inntrykk i løpet av ein dag, men ein går inn i ei rolle når ein er på jobb. Eg trur likevel at det ikkje er ein jobb for alle, seier ho.

– Eg har eigentleg berre vorte meir sikker på at dette er noko for meg, svarar ho på spørsmål om ho har vore usikker på yrkesvalet så langt.

Jobbar med pappa

Alle dei tre jobbar med fedrane sine. For Strøm er dette ein stor tryggleik. Då kan dei snakke saman dersom det er ting som har vore vanskeleg i løpet av jobbdagen.

– Eg går inn i ein modus når eg er på jobb, og me snakkar om korleis me skal gå fram i bilen på vegen dit me skal, men det er likevel trygt å jobbe med pappa, seier ho.

Woie og Mikkelsen seier seg einige.

– Det er veldig fint å få jobbe med faren sin. I jobben kan det vere enkelte opplevingar som gir spesielt sterke inntrykk, då er det fint å ha pappa å snakke med, seier Woie.

– Eg hadde aldri planar om å bli tilsett i Solstrands begravelseasbyrå, og tenkte vel at det blei for nært å jobbe med faren min. No er eg glad for at me delar arbeidsplass. Me jobbar godt saman, gir kvarandre plass og har blitt kjent på ein annan måte, seier Mikkelsen.

Bryt med ei forventning

Strøm opplevde i starten at det var fleire som vart overraska over at ho jobba i gravferdsbyrået, grunna hennar unge alder.

– Det var sikkert mange som tenkte at over at eg var ung, men pappa hadde ikkje latt meg gå aleine på jobb før eg hadde kunnskap nok til det. Me bur på ein liten plass, så dei fleste veit også at eg har vakse opp med dette, seier ho.

Mikkelsen opplevde også i byrjinga av karrieren å få reaksjonar på alderen, men seier at dei aldri har vore negative.

– Mange har eit bilde av ein gravferdskonsulent som ein mann i 50-åra. Men eg trur ikkje at ein treng å ha levd eit liv for å gjere denne jobben, ein kjem langt med å vere empatisk og hyggeleg.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter