Bekymra etter knivstikking: – Ungar kjem ikkje på sånt sjølve
MOGLEG HATKRIMINALITET: Leiar i støttegruppe for terrorramma er bekymra etter knivstikkinga i Oslo natt til laurdag. Politiet etterforskar om hendinga var motivert av hat mot skeive.
FELLES ANSVAR: Leiar i Støttegruppa 25. juni Espen Alexander Evjenth meiner ein må jobbe med å forhindre hat mot skeive på fleire nivå. – Ein kan byrje med å ha gode samtalar med borna, seier han.
Annika Byrde/NTB
Natt til laurdag vart to menn i 20-åra knivstukke på uteserveringa til restauranten Bølgen & Moi på Aker Brygge. Mennene vart alvorleg skadde, men skadene skal ikkje vere livstrugande.
Etter hendinga vart fire menn i slutten av tenåra sett flyktande frå staden, men vart etter vitneskildringar arresterte av politiet kort tid etterpå. Dei er no sikta for grov kroppsskade, og dei to eldste vart laurdag varetektsfengsla i ei veke. Alle dei fire skal vere under 18 år.
Ifølgje NRK trur politiet at dei to mennene som vart knivstukke, vart angripne på grunn av seksuell legning.
Bestill abonnement her
KJØP