Mobiliserer under OL: – Opplever at folk er meir opne

OL I PARIS: Misjonær Arvid Aasen er ikkje sjølv interessert i OL, men skal nytte seg av OL-byen på ein annan måte dei neste vekene. Han opplever at fleire er interessert i arbeidet dei gjer.

Arvid Aasen er pinsevenn og misjonær i Frankrike.
BUSETT I FRANKRIKE: Arvid Aasen er pinsevenn og misjonær i Frankrike, der han har budd i ti år. Før i år skreiv Vårt Land om at Aasen ville starte bibelskule i Paris. – Me jobbar framleis med den saka, så langt har me berre hatt bibelskule i vår eiga stove, seier han til Vårt Land.
Publisert Sist oppdatert

Fredag startar dei 33. olympiske sommarleikane i Paris. Medan heile verda kjem til å følgje spent med på idrettsprestasjonar og medaljar, har nokon andre mål for OL.

– Definitivt! svarar Arvid Aasen på spørsmålet om han trur Paris under OL er ein god stad for misjonering.

Aasen er pinsevenn og misjonær, og har budd i den franske hovudstaden saman med familien i ti år. Då Vårt Land pratar med han er han på veg tilbake til Paris etter ferie i Norge.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP