Sola skin på den kvite mursteinsfasaden til gravferdsbyrået. Døra går opp, ein mann i mørk dress og skjorte like kvit som fasaden helsar velkommen inn.
– Vil du ha kaffi, spør han med mjuk sørlandsdialekt.
Lokala er rolege og beskjedent innretta. I vindaugskarmen står fleire urner – som minner besøkjande om kva tenester som blir bydde fram.
I eine hjørnet av lokalet står det ein plakat med skrifta «ei feiring av livet». Nokså passande, for det er nettopp det dette skal handle om.
I august 2023 møtte nemleg ein mann opp på kontoret til gravferdskonsulent Kenneth Slaatten med eit ønske han håpa Slaatten kunne hjelpe han med.
Som gravferdskonsulent i byrået Fonus er Slaatten vane med å møte pårørande i sorg etter tapet av ein kjær person og planleggje gravferda saman med dei.
Men det var ikkje det mannen spurte om.
Den siste festen
– Det er første gong eg har fått ein slik førespurnad i løpet av dei sju åra eg har vore i yrket, fortel han.
No snakka Slaatten plutseleg med ein person som, ikkje berre ville planleggje si eiga gravferd, men også vere til stades sjølv.
– Kvifor kom han til deg?
Mannen hadde høyrt at gravferdsbyrået Slaatten jobbar for kunne gjennomføre ein personleg seremoni, utan tilknyting til ei bestemt trusretning eller livssyn. Det var derfor ikkje heilt tilfeldig at han kom innom nettopp her.
– Han ville ikkje at folk skulle stå ved ei kiste og sørgje over ein som ikkje var der, men at han sjølv kunne vere til stades og takke kvar enkelt, seier Slaatten.
Billettar til utlandet
Gravferdskonsulenten og mannen hadde ein god samtale om livet over ein kopp kaffi, før dei byrja å planleggje seremonien. I løpet av praten snakka dei også om grunnen til at mannen ønskja å ha ei gravferd mens han sjølv var i live.
– Han fortalde at han hadde langtkommen ALS og skulle til utlandet for å avslutte livet. Men før det ville han altså arrangere ei før-gravferd for å feire livet han hadde levd saman med venner og familie, seier Slaatten.
Amyotrofisk lateral sklerose (ALS) er ein sjeldan nervesjukdom som gjer at nerveceller i hjernen og ryggmergen svinn hen og blir borte. Sjukdommen fører til gradvis aukande lammingar og muskelsvinn, og hos nokre kognitive vanskar, ifølgje Helse Norge.
Den besøkjande fortalde Slaatten at han allereie hadde sett seg ein dato for avreise. Han hadde flybillettane heime, hadde avslutta kontoane sine, gjort opp økonomisk, og snakka ut med familien; kone og barn om valet.
Berre den siste festen og avskjeden stod att.
Tapas og Elvis
Den neste tida gjekk til vidare planlegging. Slaatten hjelpte mannen med å velje ut songar, blomar, musikarar og å lage invitasjonar – alt for at seremonien skulle bli mest mogleg slik mannen hadde sett for seg.
Då sjølve dagen kom, var rundt 150 personar – familie, venner og andre kjente av mannen – samla i det store lokalet leigd for anledninga. Elvis-låtar vart framført av eit live-band, det vart heldt talar og servert tapas. Folk var fint kledd, men ikkje nødvendigvis i svart. Det skulle vere ein fest, ikkje ei sørgjestund.
Likevel hadde seremonien eit teppe av alvor over seg – det var trass alt ein avskjedsfest.
Familien til mannen er kjend med at Vårt Land omtalar historien.
Levande gravferder
Historia Kenneth Slaatten fortel er uvanleg i Norge, men i fleire andre land er såkalla levande gravferder meir utbreidd. Avisa The Guardian snakka med fem britar som, av ulike grunnar, hadde hatt ein gravferdsseremoni dei sjølve var med på.
Alle nemner dei at ein slik seremoni er ei fin moglegheit til å samle familie og vener, for å uttrykkje kor mykje ein betyr for kvarandre.
Michael (47) fortel at han ville normalisere snakket om døden, Millie (87) ville samle familie og vener på sine eldre dagar, medan Claire (36), Rob (33) og Gillian (54) hadde alle ein kreftdiagnose, og ville derfor feire eit levd liv.
– Nokre folk skjønar ikkje konseptet med ei levande gravferd, men ein treng ikkje kalle det for det – ein kan kalle det akkurat kva ein vil, seier Millie (87) til avisa.
Levande gravferder vart, så vidt ein veit, gjort først i Japan på 1990-talet. Ideen var at venner og familie skulle sleppe å organisere ei gravferd etter at eit familiemedlem hadde døydd, ifølgje The Guardian.
I dag er det, ifølgje avisa, fleire grunnar til at folk sjølve ønskjer å delta på seremonien, men som regel er det folk som er nær døden – gamle eller sjuke – som ønskjer dette.
---
Levande gravferd
- Levande gravferd, på engelsk living funeral, er ein seremoni som blir arrangert før ein person døyr – slik at vedkommande sjølv kan delta.
- Living funerals fekk popularitet i Japan på 1990-talet, der dei blir kalla seizenso.
- I Storbritannia har det å arrangere og delta på si eiga gravferd fått aukande interesse dei seinare åra.
- Det er ofte eldre, eller sjuke personar som veit at dei skal døy snart, som ønskjer ein slik seremoni.
- Kjelder: The Guardian, Wikipedia og Store Norske Leksikon
---
Ikkje høyrt om før
Fleire gravferdsbyrå Vårt Land har vore i kontakt med er usikre på om slike «levande gravferder», eller før-gravferder, er noko dei vil tilby, men Kenneth Slaatten i Fonus ser ikkje noko problem med å hjelpe til med dette for dei som måtte ønskje det.
– Kvifor gjer du det?
– Eg tenkjer at det ikkje er så annleis enn dei som kjem inn til oss og planlegg si eiga gravferd, for det er det fleire som gjer. Men å delta sjølv på gravferda hadde eg ikkje høyrt om før, seier han.
Vårt Land fortalde i juni om Berit Birkeland som planlegg si eiga gravferd.
Prest, kiste og kyrkje
Kenneth Slaatten trur at det kjem til å verte fleire som ønskjer andre typar seremoniar i tida som kjem.
– Denne bransjen er i ei endring. Før var det berre eitt alternativ, og det var prest, kiste og kyrkje. No kan ein i større grad bestemme korleis ein vil gjennomføre ei gravferd, og eg trur det kjem til å bli meir vanleg, seier han.
Dersom det i framtida kjem andre som ønskjer ein alternativ seremoni, vil han hjelpe dei med det.
– Det finst sikkert gravferdskonsulentar der ute som tenkjer at eg har strekt strikken langt, og at dette ikkje er vår jobb, men eg hadde likevel lyst til å gje denne mannen det vesle ekstra for å oppfylle ønsket hans, seier Slaatten.
---
Trenger du noen å snakke med?
- Kontakt en av disse:
- Kirkens SOS: 22 40 00 40 eller chat: soschat.no
- Mental Helse: https://www.sidetmedord.no eller Hjelpetelefonen 11612
- Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
- Røde Kors: 800 33 321 eller https://www.korspahalsen.no
---