Støre-regjeringa er samd: Det skal bli rulla ut ein rusreform.
Men Støre-regjeringa er også usamd: For kva slags rusreform skal Ap og Sp rulle ut?
Blir det lagt mest vekt på førebygging og helsetilbod? Eller skal politiet få bruke meir tvang og makt i kampen mot narkotika?
På den eine sida står helseminister Jan Christian Vestre (Ap), på den andre justisminister Emilie Mehl (Sp).
Nettavisen fortel at førebyggings- og behandlingsreforma ligg ferdig i Helsedepartementet, men at presentasjonen blir forseinka av usemje mellom Ap og Sp.
Korleis spelar så statsrådar i regjeringa korta?
Denne saka var dårleg handtert frå regjeringas side
— Marian Hussein (SV), nestleiar
Vestre rykka ut med ny tilskotsordning
Sist måndag kom helseminister Jan Christian Vestre på besøk til Kirkens Bymisjon i Oslo. Han kom med pengar som skal redde eit lågterskeltilbod for rusavhengige.
Med på besøket var også VG. Avisa fortalde kva statsråden, som ønskjer å vektleggje førebygging og helsetilbod, har i verktøykassa.
Til VG seier Vestre at det kjem ei større rusreform frå regjeringa, men ikkje når. Hjå Bymisjonen lova han strakstiltak for å få færre overdosedødsfall.
Konkret betyr det at Kirkens Bymisjon kan få halde fram arbeidet med lågterskeltilbod som 24sju, «helseministeren lover at de skal få pengene», skriv VG.
Vestre sjølv melder, i VG:
«De som har fått avslag vil kunne søke på en ny tilskuddsordning med frist 12. august. Vi har bedt om at Helsedirektoratet gjør fortløpende vurderinger av søknadene til aktører som har fått avslag tidligere, slik at de kan drifte som normalt i sommer.»
SV pressa Ap og Sp i budsjettstriden
Men pengane Vestre langt på delte ut på besøket hjå Kirkens Bymisjon, er ikkje kroner Ap og Sp sjølve har lagt inn i revidert nasjonalbudsjett, som Stortinget vedtok i juni.
Få dagar før budsjettsemja fortalde Vårt Land at Kirkens Bymisjons tilbod 24sju mista statsstøtta, som dei hadde fått årleg sidan 2009. Det var dåverande Ap-helseminister Bjarne Håkon Hanssen som oppmoda organisasjonen om å etablere eit tiltak som 24sju.
Meldinga om støttekuttet kom i mars, frå Helsedirektoratet.
I revidertforhandlingane fekk regjeringas budsjettpartnar SV inn lovnader i form av budsjettmerknader, fortalde Vårt Land:
- Det skal bli oppretta ein ny «tilskuddsordning til oppfølgingstilbud til personer med rusmiddelproblemer, psykiske helseproblemer og/eller erfaring fra salg og bytte av seksuelle handlinger».
- «Det er viktig med rask saksbehandling for at pengene skal kunne benyttes i år» og at «søkere skal kunne søke om midler til kostnader som har påløpt i 2024», og at dette til sist inkluderer kostnadar som er «påløpt før vedtak i Stortinget og før søknadsdato».
– Denne saka var dårleg handtert frå regjeringas side. Ein la om støtteordningar utan å sikre 24sju gode rammer for vidare drift, sa SVs nestleiar Marian Hussein til Vårt Land.
Bad om fingransking av budsjettmilliardar
Her stoppar me opp, for å gå tilbake til vinteren 2022. Då tok regjeringa eit grep som fekk følgjer:
Finansdepartementet, som blir leia av Sp-statsråd Trygve Slagsvold Vedum, gav Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) oppdraget med det som i forvaltningsspråket blir kalla ein «områdegjennomgang», fortalde Vårt Land.
Alle departement blei våren 2022 «områdegjennomgått» av DFØ. Direktoratet fingranska alle støtteordningar som var øyremerka – utan å vere utlyst frå ei tilskotsordning.
Funn: 891 øyremerka tilskot med 12,8 milliardar i samla utbetaling.
Då Vedum la fram statsbudsjettet for 2023, small bomba:
Ei lang rekkje ideelle organisasjonar mista den statlege støtta, og blei vist til å søkje på støtteordningar som ikkje var etablerte, fortalde Vårt Land. Mellom dei som tok tak var dåverande helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
I mars i år nådde denne oppryddinga fram til Kirkens Bymisjons tilbod 24sju.
Dei blei vist til å søkje ei støtteordning som ikkje var etablert, og dei ville ikkje få statsstøtte i 2024, sa Helsedirektoratet.
Men så kom redningsaksjonen i revidert nasjonalbudsjett.
Seier opp tilsette, veit ikkje kor mykje pengar dei får
Men det rustilbodet helseminister Vestre vitja, får ein knekk likevel:
27 faste tilsette er sagt opp, og innan 9. august legg 24sju ned, skriv Avisa Oslo tysdag.
«Det blir en katastrofe for en svært sårbar gruppe», seier Martin Hedemann Søraas til Avisa Oslo. Han er tillitsvalt i Fellesorganisasjonen som organiserer tilsette ved 24sju.
Tiltaka i Ap-statsråd Vestres skrytesak kom for seint. For då Kirkens Bymisjon i mars fekk vite at dei ikkje fekk 25 søkte millionar til 24sju, byrja dei å redusere tilbodet – mellom anna ved å kutte i opningstida – og varsle tilsette om at dei ville bli sagt opp.
Trass i at søkjeordninga blei laga for Kirkens Bymisjons 24sju i revidertbudsjettet, vil ikkje organisasjonen trekkje tilbake oppseiingane, fortel seksjonsleiar Kari Gran til Avisa Oslo:
«Vi stopper ikke oppsigelsene når vi ikke vet hvor mye penger vi får.»
Ting er ikke som før. Det er en ny ordning med nye vilkår vi skal søke om midler fra
— Nora Blaasvær, regionleiar Kirkens Bymisjon
«Ny ordning med nye vilkår vi skal søke om midler fra»
– Blir 24sju lagt ned og alle tilsette sagt opp?
Spørsmålet går til Nora Blaasvær, regionleiar i Kirkens Bymisjon, som svarar Vårt Land i ein epost. Ho skriv at samstundes som dei tok kontakt med politikarar og embetsverk for å få omgjort vedtaket, fekk tilsette varsel om oppseiingar:
«Vi var samtidig tvunget til å starte avvikling av 24sju i henhold til lov- og avtaleverk. Det innebar, naturlig nok, oppsigelser. Vi er flere måneder inn i den prosessen, så den kan ikke reverseres. Vi har nå et midlertidig tilbud for å ivareta dem som trenger det i gatemiljøet, så noen stillinger er videreført.»
– Kvifor blir tilsette sagt opp når Kirkens Bymisjon skal etablere eit tilsvarande tilbod, som skal få støtte frå Helsedirektoratet, som før?
«Ting er ikke som før. Det er en ny ordning med nye vilkår vi skal søke om midler fra», skriv ho, og legg til:
«Først for en drøy uke siden ble den nye tilskuddsordningen lansert, så vi har nettopp fått vite vilkår for tildeling. Vi har fått positive signaler, men ingen pekepinn på beløp. Midlene vi eventuelt får varer faktisk bare ut 2024.»