Nyheter

Valdelege protestar mot syriske flyktningar

TYRKIA: I Tyrkia blir syriske flyktningar målskive for folkemobb som ramponerer heimar og butikkar. Nå spreier uroa seg til Syria. Tyrkia-ekspert er bekymra.

Protestane mot syriske flyktningar har spreidd seg til fleire tyrkiske byar, melder den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera.

Dei antisyriske opptøya har teke av etter at ein syrisk mann vart skulda for seksuelt overgrep på ei sju år gammal jente i den tyrkiske byen Kayseri. Protestane hadde tysdag spreidd seg til fleire tyrkiske byar, ifølgje nyheitskanalen.

I ein video publisert på Al Jazeera tysdag, kan ein sjå folkemengder med tyrkiske flagg som ropar «me vil ikkje ha flyktningar i landet vårt».

Meir enn 3,5 millionar syriske krigsflyktningar bur i Tyrkia. Den tyrkiske innanriksministeren seier til Al Jazeera at fleire hundre personar har blitt varetektsfengsla etter opptøya og den tyrkiske presidenten, Recep Tayyip Erdogan, har fordømt angrepa.

– Det er uakseptabelt å tenne på folk sine hus, vandalisere og setje gater i fyr, seier presidenten.

Protestoppblussing i Nord-Syria

Ein nordleg del av Syria er militært kontrollert av Tyrkia. Kort tid etter opptøya i Tyrkia har tyrkiske basar i dette tyrkiskontrollerte området nord i Syria vorte angripne, og tyrkiske lastebilar har vorte skotne på og sett i flammar.

Protestar blussa opp i dette området på grunn av diskrimineringa mot syriske flyktningar i Tyrkia og tyrkiske politikarar si handtering av dette, ifølgje organisasjonen Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

SOHR melder om til saman 30 drepne og såra syrarar nord i Syria etter at tyrkiske styrkjer opna eld i eit forsøk på å slå ned protestar.

- Møter lite gjestfridom

Tyrkia-ekspert og førsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole Jonas Bergan Dræge seier at det er ein pågåande diskusjon i Tyrkia om kva som ligg bak.

– Heile spørsmålet blir i høgaste grad politisert. Erdogan skuldar på opposisjonen og kanskje særleg Det republikanske folkepartiet (CHP) for å ha piska opp situasjonen, mens leiaren for CHP nektar for dette. Det kan nok ikkje forklarast gjennom så enkle partipolitiske forklaringar, seier Dræge til Vårt Land.

Han peikar også på fleire grunnar til dei innvandringskritiske haldningane ein ser i Tyrkia.

– Tyrkia har teke imot veldig mange syrarar, og sjølv om det er eit stort land, blir lokalbefolkninga i stor grad påverka av innvandringa. I tillegg er Tyrkia i stor økonomisk krise. Det ein ser i Tyrkia liknar på ein del innvandringsfiendtlege haldningar ein ser i land i Europa, som også har det vanskeleg økonomisk, seier han.

Han trur ikkje det er lett for syrarar å busetje seg i Tyrkia og ser alvorleg på det som no skjer.

– Det er sterke haldningar mot innvandring i Tyrkia, og også spesifikt retta mot dei arabiske landa, seier han og legg til:

– Eg er både bekymra for syrarar som har måtta starta livet på nytt, og at dei i tillegg har møtt lite gjestfridom både i Tyrkia og i Europa, det er ei vedvarande bekymring. Det er også mykje bekymring knytt til dei underliggjande problema som økonomisk krise og at Tyrkia har fått ei regjering som er såpass autoritær, seier Dræge.

Oppfordra syrarar til å reise

Etter over ti år krig, har med Tyrkia har teke imot fleire flyktningar enn noko anna land sidan 2013 – heile fire millionar, ifølgje Flyktninghjelpen. Landet, med over 85 millionar innbyggjarar, har også teke imot 3,6 millionar syriske flyktningar – som er mest i verda.

Til samanlikning har Europa, med over 700 millionar innbyggjarar, teke imot over 1 million syriske asylsøkjarar og flyktningar, ifølgje tal frå FN sitt flyktningbyrå (UNCHR). 70 prosent av desse er i Tyskland, med 59 prosent og Sverige med 11 prosent, ifølgje UNCHR. Tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI) viser at det er komme 500 syriske flyktningar til Norge dei fyrste fem månadane av 2024.

Ein reknar med at rundt 5,6 millionar syrarar har flykta frå landet sitt, og at over 6 millionar er internt fordrive, ifølgje Røde Kors.

I Tyrkia aukar anti-syriske haldningar og opposisjonspolitikarar har sagt at dei vil sende syrarar heim, ifølgje Al Jazeera. Regjeringa har ope oppfordra syrarar til å forlate landet frivillig, melder nyheitskanalen.

– Ikkje gunstig for returar

Terrorgruppa IS har drepe nesten 4000 personar i Syria sidan 2019, melder NTB. I mars 2019 sa Syrian Democratic Forces (SDF) at den siste IS-skansen var nedkjempa. Terrororganisasjonen har halde fram med terroraksjonar mot lokalbefolkninga, men i mykje mindre grad enn før, ifølgje FN-sambandet.

Flyktninghjelpens medierådgjevar i Amman, Ahmed Bayram, skriv i ein e-post til Vårt Land at situasjonen i Syria gjer at det ikkje er gunstig med returneringar.

– Syrarar i landet (Syria) blir, etter år med konflikt, verande utan utsikter til ei langsiktig løysing. Millionar har vore i limbo i over eitt tiår, og dei noverande forholda i Syria er ikkje gunstige for returar. Syrarar har slite med stor økonomisk krise, lønningar som ikkje taklar inflasjonrater, straummangel og massiv øydelegging – som betyr at der ikkje er nokon stad for folk å reise tilbake til, seier han og legg til:

– Me har sagt at syrarar treng investeringar i program som kan hjelpe dei å byggje opp att liva sine og forbetre tilgangen deira til utdanning, medisinsk behandling og andre tenester.

---

Krigen i Syria

  • Den syriske borgarkrigen har rast sidan 2011 mellom myndigheitene i landet og ulike opprørsgrupper.
  • Krigen i Syria har ført til at mange millionar menneske har måtta flykte. Nabolanda til Syria – Libanon, Jordan, Irak og Tyrkia har alle teke imot eit stort tal syriske flyktningar.
  • Fleire konfliktar utspelar seg i Syria, blant anna Tyrkia sin konflikt med kurdarar og konflikten mellom Tyrkia og Russland
  • I 2014 tok terrororganisasjonen Den islamske staten (IS) kontroll over store område i Syria og Irak og erklærte sitt «kalifat». IS veks fram delvis på grunn av krigen i Syria.

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter