Nyheter

Soknepresten vil engasjere seg for religionsdebatt

YTRINGSFRIDOM: Kjersti Gautestad Norheim, sokneprest i Den norske kyrkja, er valt inn som nytt styremedlem i Fritt Ord og erstattar journalist og forfattar Sigrun Slapgard.

Nyleg blei det klart at sokneprest i Birkeland sokn i Bergen, Kjersti Gautestad Norheim, er nytt styremedlem i stiftinga Fritt Ord.

– Eg tenkjer at dette er ei særdeles viktig rolle når det kjem til å sikra rommet for ytringsfridom og den frie meiningsutvekslinga i samfunnet, både i Norge og utlandet. Og kanskje særleg no i desse tider, seier soknepresten til Vårt Land om kvifor ho ønskja å gå inn i styret i Fritt Ord.

– Kva vil du engasjera deg mest for i det nye vervet?

– Med den bakgrunnen eg har, tenkjer eg det er naturleg og viktig å jobba for den offentlege religionsdebatten. I tillegg har eg jobba mykje med ungdom gjennom karrieren, så det er også noko som engasjerer meg – å engasjera unge i den offentlege debatten, svarar Norheim.

Vore prest i Estland

Norheim har tidlegare jobba som prest på Austlandet – og i Estland.

– Mi erfaring frå å bu og arbeida i ein tidlegare kommunistisk stat, har gjort meg særleg bevisst på kor krevjande det kan vera å skapa gode rammer for den offentlege samtalen, når ytringsfridomen over tid har vore avgrensa, seier ho på Fritt Ord sine heimesider.

Ho uttaler at ho ser fram til å bidra i arbeidet med å «stimulera til ein levande debatt, og gjennom å styrkja kunst- og kulturfeltet, bidra til å styrke ytringsfridomen sine rammer.»

– Erfaringar frå nye miljø

Styreleiar Grete Brochmann seier på nettsida at styret i Fritt Ord ser fram til samarbeidet med Norheim:

– Ho vil tilføra perspektiv og erfaringar frå nye miljø i inn- og utland, og vil utvida styret sin horisont både geografisk og tematisk, seier Brochmann.

Fritt Ord er ei allmennyttig privat stifting som arbeidar for å fremje ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur, heiter det på stiftinga sine heimesider. Stiftinga vert leia av eit styre med sju til ni medlemmar som skal veljast på fritt grunnlag, med ei funksjonstid på fire år, ifølgje vedtektene.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter