Nyheter

Startskot for milliardordning til kyrkjene

KIRKER: Kyrkjer som treng hjelp til viktige reparasjonar skal få hjelp. No er det endeleg mogleg å søkje om pengar frå kyrkjevernsfondet.

Denne veka lanserast ordninga der kyrkjer kan søkje om tilskot til restaurering av kyrkjebygg. Stortinget gjorde vedtak om revidert nasjonalbudsjett på fredag, og no er første del av pengane til vern av kyrkjer på plass.

– Dette er ein merkedag. I dag opnar den fyrste utlysinga frå kyrkjevernsfondet til det store verningsarbeidet, seier Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) då Vårt Land møter ho i Gamle Aker kyrkje I Oslo.

Saman med Toppe er blant anna riksantikvar Hanna Geiran, kyrkjeverje Kjetil Haga og Marit Hougsnæs frå KA på plass i kyrkjerommet.

Haga, Hougsnæs, Toppe og Geiran. Søke om penger for kirkene.

Kyrkjene skal vere brukarvennlege

Kyrkjeverje i Oslo, Kjetil Haga, viser stolt fram Gamle Aker Kyrkje som er under restaurering.

– Me står i Oslo si eldste kyrkje og byen sitt eldste ståande bygg frå 1100-talet. No har me bora etter grunnvarme og kyrkja har blitt universelt forma ut. Eg vil gjerne også få fram at det er viktig at desse kyrkjene som blir restaurert skal vere bruksbygg, ikkje museum, seier Haga.

Haga brukar Gamle Aker Kyrkje som eit døme på korleis fleire aktørar samarbeider om midlar til verning. Han opplyser om at den lokale kyrkjelyden har bidrege med 35 millionar til restaurering.

– Eg tenkjer dette er eit døme på at ein får til gode ting med at gode krefter samlast, seier Haga.

Gamle Aker. Søke penger for kirker.

Dei gamle kyrkjene som skal restaurerast vil truleg vernast langt inn i framtida.

– Me reknar med at den jobben som no blir gjort med vern av kyrkjer sikrar bygga for fleire hundre år, seier han og legg til:

– Dersom ein ikkje hadde fått til ei ordning ville jo forfallet berre ha eskalert, og bygga kunne rett og slett blitt øydelagde. Og så veit me at det ville ha ramma bruken og kostnadane hadde berre auka. For det er klart me har eit vedlikehaldsbov som eskalerer, det blir mykje dyrare di lenger ein ventar.

Eit stort løft

Haga er også nøgd med lanseringa av regjeringa si tilskotsordning, men vil understreke at det blir eit samarbeid mellom stat, kommune og kyrkjelyd. I Gamle Aker kyrkje har den lokale kyrkjelyden gått inn med 35 millionar kroner, ifølgje Haga.

– Meiner du at det er sett av nok pengar til verning av kyrkjer?

– Dette vedtaket gir eit veldig stort løft, men som det blir understreka, føreset det bidrag frå kommunen. Det jobbar me med. Det kjem statlege middel og kommunen vil også bidra med det. i tillegg er det ein del meinigheiter som sjølve har høve til å leggje pengar inn for å realisere dette, seier Haga.

Høyringsfrist i august

Denne fyrste utlysinga gjeld dei prosjekta som allereie står og er gryteklare. I denne runden vil tilskotet som kan søkjast på derfor anten gå til forprosjekt, eller til kyrkjer som allereie har komme langt og som eigentleg er klare til å begynne med restaurering. Dei andre vil falle utanfor no, men dei vil kunne søkje neste omgang, ifølgje Toppe.

– Alt kan ikkje skje på ein gong, me må byrje med det som er klart no, seier Toppe.

Toppe seier også at mellomalderkyrkjene skal prioriterast i forprosjekta, både fordi dei har eit mål om å komme langt med rehabilitering av desse til 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030. Det er også ofte dei kyrkjene som er i dårlegast forfatning.

11. august er høyringsfristen for å søkje om tilskot, men det vil også komme ein ny runde ein kan søkje på seinare i haust.

Riksantikvar Hanna Geiran kallar ordninga det største løftet for kulturminne i Norge.

– Kyrkjene er våre slott og borgar. Andre land har slott, store monument, borgar og den slags. Me har kyrkjene. Det betyr veldig mykje for truande og for alle som ikkje trur, fordi dei er fellesskapsbygningar. Me veit at kyrkjene er i dårleg stand, og det er strålande at me no kan setje verningsprogrammet for kyrkjene i sving, seier Geiran.

Langsiktig finansiering

I fjor skreiv Vårt Land om at regjeringa vedtok å opprette eit kyrkjebevaringsfond der dei skal løyve 10 milliardar kroner til vern av norske kyrkje. Pengane vert fordelt over 20–30 år, altså 500 millionar årleg til kyrkjevern.

– Framtidige regjeringar må forhalde seg til dette, sa Toppe til Vårt Land i august i fjor.

Dei 10 milliardane skal sikrast gjennom tidlegare Opplysningsvesenets fond, og dessutan gjennom statsbudsjettet dei åra avkastninga frå fondet er mindre enn 500 millionar kroner. Hovudorganisasjonen KA, KrF, fagfolk og handverkarar har tidlegare kritisert regjeringa for «kvileskjer» i løyvinga, noko Kjersti Toppe og Trygve Slagsvold Vedum i november slo tilbake påstandar om.

Kjetil Haga. Søke om penger for kirkene.

---

Kyrkjevernsprogrammet

  • Regjeringa skal gi 10 milliardar til verning og restaurering av norske kyrkjer over dei neste 20-30 åra.
  • Mellomalderkyrkjer prioriterast fram mot markeringa av slaget på Stiklestad (2030)
  • Samarbeid mellom Regjeringen, Den norske kyrkje, Riksantikvaren og KA.

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Julian Mellingsæter

Julian Mellingsæter

Julian Mellingsæter er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter