– Eg vonar denne saka løyser seg snart, me har venta vel lenge, seier Pål Martin Andreassen til Vårt Land.
I eit brev til Justisdepartementet (JD) i juni brukar han hardare ord om det som manglar: Gode forsikringar:
«Departementet har nå, nær to år senere, fortsatt ikke avklart dette. Medlemmene i rådet som har sagt ja til å delta på tvangsreturer er dermed avskåret fra å gjøre dette. Forholdet utgjør dermed et fortsatt vedvarende brudd på forpliktelsen i returdirektivet som krever at Norge har en effektiv monitoreringsordning.»
Lagdommar Pål Martin Andreassen leiar Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternatet, som har 11 medlemmer. Dei er oppnemnt av Justisdepartementet for to år om gongen.
Forholdet utgjør dermed et fortsatt vedvarende brudd på forpliktelsen i returdirektivet som krever at Norge har en effektiv monitoreringsordning
— Pål Martin Andreassen, tilsynsrådsleiar
Sa ja til direktiv i 2011, har ikkje utført tilsyn
Rådet Andreassen leiar har eit halvt år att av funksjonstida. Det blei oppnemnt i desember 2022.
Like lenge har Tilsynsrådet mangla forsikringar for medlemmene.
Konsekvens: Medlemmene i rådet som har sagt ja til å delta på tvangsreturar har ikkje fått reist – og dermed ikkje fått kontrollert om tvangsreturar blir gjennomført i samsvar med lovar og reglar.
I perioden januar-mai i år har Politiets utlendingseining (PU) tvangsreturnert 1.033 personar. Tre av dei har Vårt Land omtalt. Dei blei sendt til Etiopia.
Stoltenberg-regjeringa innførte i 2010 EUs returdirektiv. Eit samla Storting fatta lovvedtaket i desember 2010. I 14 år har norske styresmakter vore pliktig til å «innføre et effektivt system for kontroll av tvangsretur»
Like lenge har tilsyn ikkje blitt gjennomført.

Krav om forsikringar er greidd ut i to år
Ut over å kort kommentere tidsbruken ønskjer ikkje rådsleiar Pål Martin Andreassen å svare på spørsmål.
Han viser til breva rådet har sendt Justisdepartementet. Andreassen er til dagleg lagdommar i Borgarting lagmannsrett.
Vårt Lands innsyn avdekkjer at forsikringssaka er blitt sendt att og fram mellom departement og underliggjande etatar sidan sommaren 2022.
«(...) bør det også̊ gjøres vurderinger av hvilke forsikringsordninger mv som skal gjelde for medlemmene (...) Problemstillingen har ikke fått plass i departementets brev av 17. og 20. juni 2022», skriv Andreassen i ein epost til JD i august 2022.
Rådsleier: – Skuffande
Justisminister Emilie Mehl gav det som heitte Tilsynsrådet for Politiets utlendingsinternat, Trandum ei ny oppgåve i juni for to år sidan.
Oppdraget kom i forskrifts form: Tilsynsrådet skal også føre tilsyn med tvangsreturar.
Jobben starta 1. januar 2023. Men halvanna år seinare har det omdøypte Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternatet ikkje ført tilsyn med ein einaste tvangsretur.
«Forsinkelsen er selvsagt også skuffende for medlemmene som har påtatt seg vervene og som har forberedt seg til disse oppdragene. Det gjenstår nå kun seks og en halv måned av oppnevningsperioden», skriv Andreassen i eit brev til JD.
Skal utføre tilsyn i risikoområde
I eit brev Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har sendt JD vedgår førstnemnde at tilsynsreiser ikkje er ufarlege:
«Slik vi forstår det, foretar medlemmer av tilsynsrådet blant annet reiser til risikoområder, hvor det også kan være problemer med å få kjøpt en privat forsikring som gir dekning for reisen.»
DFD meiner at løysinga kan bli at JD eller Statens sivilrettsforvaltning kjøper forsikringar i private selskap for medlemmene i Tilsynsrådet.
Departementet slår fast at fordi medlemmane i rådet er oppnemnt til eit statleg verv, og ikkje er tilsette, kan dei ikkje vere dekka av statens forsikrings- og erstatningsordningar.

Politiet låser inn dei som vil stikke av
Alle som får endeleg avslag på asylsøknaden pliktar å reise frå Norge. Men fleire overser pålegget og vel å bli. Når politiet pågrip desse, og det er fare for at dei vil gøyme seg for politiet, blir personane internerte på Politiets utlendingsinternat på Trandum – etter at domstolen har sagt ja til internering.
Når heimlandet til den internerte seier ja til å ta i mot, gjennomfører politiet ein tvangsretur, politiet eskorterer personen heilt fram.
Nemnde ikkje manglande forsikringar, lovar tilsyn i år
I mai stilte SVs stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad eit skriftleg spørsmål til justisminister Emilie Mehl – og minna om både EUs returdirektiv og Tilsynsrådets nye oppdrag:
«Når vil Justis- og beredskapsdepartementet tilrettelegge for at tilsynet med tvangsretur kommer på plass?»
Utan å nemne dei manglande forsikringane, svarte Mehl:
«Departementet er opptatt av at Norge skal ivareta sine forpliktelser til å føre tilsyn med tvangsreturer og forventer at tilsynsrådet i løpet av 2024 vil komme godt i gang med dette arbeidet.»
Mehl forklarte at Tilsynsrådet har brukt tid på «nødvendig opplæring og få på plass avtaleverk med politiet og tilsynsmetodikk knyttet til returordningen».
«Uheldig», seier Mehls departement
På spørsmål om kvifor forsikringane ikkje er på plass – og på kritikken frå Tilsynsrådet – svarar departementet til justisminister Mehl, via kommunikasjonsavdelinga, at «spørsmålet om forsikringer er fortsatt til behandling»:
«Årsaken til at dette arbeidet tar tid, er at det har vært nødvendig å innhente vurderinger fra ulike hold, blant annet Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Justis- og beredskapsdepartementet ble gjort kjent med utfordringer rundt forsikringsordninger i forbindelse med brev fra tilsynsrådets sekretariat i desember 2023. Forsikringsordningen som etterspørres dekkes ikke av det ordinære regelverket for statsansatte, det er derfor nødvendig å vurdere dette spørsmålet nærmere. Det er uheldig at dette arbeidet forhindrer tilsynets viktige mandat.»
---
Tilsyn tvangsretur
- Norge innførte EUs returdirektiv i 2011.
- Justisminister Emilie Mehl påla Tilsynsrådet oppgåva med å føre tilsyn med tvangsreturer frå 1. januar 2023.
- Tilsynsrådet skal årleg gjere eit utval tilsyn. Det vil seie å reise saman med politiet og den tvangsreturnerte.
- Tilsyn skal tuftast på nasjonale og internasjonale lover og retningsliner for uttransport, inkludert bruk av makt og maktmiddel.
---