Og forklaringa på at salet av turar gjekk ned med 17, 5 millionar kroner og underskotet enda på 1,2 millionar kroner, etter skatt, er:
Krigen mellom Hamas og Israel, som har rast sidan 7. oktober i fjor.
– Israel er vårt viktigaste reisemål og hausten er vår toppsesong, forklarar dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne i Plussreiser.
Ho fortel at reiseselskapet såg svært lyst på 2023, ei veke før krigen braut ut.
– Me hadde styremøte og tala viste at me låg an til å tidenes år.
Israel er vårt viktigaste reisemål og hausten er vår toppsesong
— Aud Kindervåg Halsne, dagleg leiar Plussreiser
Frå overskot til underskot
Då Hamas gjekk til åtak på Israel og landet svarte med å bombe Gaza, hadde Plussreiser rundt 200 nordmenn i Israel.
– Desse måtte me som eit ansvarleg selskap få trygt heim, seier Halsne.
I 2022 omsette Plussreiser for 87,2 millionar kroner. I fjor enda reisesalet på 69,7 millionar.
I 2022 gjekk selskapet med 1,4 millionar i overskot.
UD seier «ikkje reis til Israel»
Utanriksdepartementet er klare på at nordmenn ikkje bør reise til Israel. Reiserådet lyder: «fraråder alle reiser som ikke er strengt nødvendige.»
– Kva konsekvensar har dette for Plussreiser?
– Grunna lågare sal av gruppereiser har me måtta seie opp og permittere tilsette, mellom anna er den faste guiden vår i Israel permittert inntil vidare.
– Per i dag veit me ikkje når turane våre til Israel kan starte opp att, seier Halsne.
Fleire selskap er blitt eit stort
Plussreiser er eit resultat av konsolidering. Lenge var det fleire reiseselskap som selde reiser på kristenmarknaden.
Si-Reiser var store på reiser i inn- og utland, særleg Israel. Så kjøpte selskapet som er eigd av Indremisjonsforbundet opp Ravinala Reiser, som var eigd av Det Norske Misjonsselskap, i 2014.
I 2016 blei Sabra Fokusreiser kjøpt og Si-Reiser blei til Plussreiser.
Fram til i vår var Indremisjonsforbundet (IMF) og to IMF-regionar største eigar i reiseselskapet – dei kontrollerer 59,7 prosent.
Minoritetsaksjonær Normisjon kjøpte så eigarpostane til Det Norske Misjonsselskap og reisearrangøren Manova Invest, og eig no 38,8 prosent.
Indremisjonssamskipnaden eig dei siste 1,5 prosent.
Å drive misjon betyr å reise med fly
Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Normisjon, forklarte i april kvifor misjonsorganisasjonen vil eige meir av Plussreiser:
– Me har eit ønskje om å kunne skreddarsy større gruppe- og teamreiser, og dette er Plussreiser godt rigga for, sa han og la til:
– Som internasjonal misjonsrørsle kjem me ikkje utanom strategisk og naudsynt reiseverksemd.
Oppkjøpet provoserte fleire, som skreiv debattinnlegg i Vårt Land.
«Går det virkelig an som kristen organisasjon å ta klimatrusselen på alvor og samtidig promotere økning av private flyreiser og dermed økt forbruk?», skreiv professor emeritus Leif Gunnar Engedal i eit debattinnlegg i Vårt Land.
«Mennesker i misjonsfeltene som aldri har sittet i et fly, men som kjenner klimaproblemene på kroppen, vil kanskje undre seg en smule over at Normisjon velger å stå som medeier i et selskap der fortjenesten ligger i klimaskadelige «kristelige» feriereiser for voksne velstående nordmenn», skreiv Elisabeth Briseid frå Besteforeldrenes klimaaksjon.
Plussreiser er ikkje reisebyrå, me skreddarsyr gruppereiser som er noko meir enn ferie, me sel ikkje strandturar
— Aud Kindervåg Halsne, dagleg leiar Plussreiser
«Skreddarsyr gruppereiser som er noko meir enn ferie»
– Kva svarar du på klimakritikken mot Plussreiser, Aud Kindervåg Halsne?
– Me er fullt ut klar over at reiser med fly påverkar klimaet. Men Plussreiser er ikkje reisebyrå, me skreddarsyr gruppereiser som er noko meir enn ferie, me sel ikkje strandturar. Ta til dømes turen me har til Madagaskar i haust. Her får dei som reiser innsikt i misjonsarbeidet, dei får vere med å ta eit tak og dei får med seg kunnskap heim dei vil gjere seg nytte av, seier Halsne, og legg til:
– Slike reiser skaper arbeidsplassar i Madagaskar, ein turist sysselset to årsverk. Og me vel berre lokalt eigde hotell, ikkje internasjonale kjeder.
Skal møte teltmakarar
– Men kva med haustturen til Oman?
– Her skal me mellom anna møte nokon som arbeider som teltmakarar, og som vil gje gruppa innsyn i arbeidet dei driv.
– Men det er mange reiser med fly i katalogen dykkar?
– Ja, men me reiser så grønt me kan. Me legg mykje arbeid ned i det å gjere dei beste vala av omsyn til klimaet. Me er stolte over å ha reiser for ei kvar lommebok, også minstepensjonisten skal få tilbod om turar og opplevingar. Difor kjører me mykje buss, seier Halsne.
---
Plussreiser
- Sender årleg over 200 grupper på tur i inn- og utland.
- Kring 8.000 reiser med selskapet.
- Store på reiser til Israel.
- Eigd av Indremisjonsforbundet og Normisjon.
---