Nyheter

Fredsarkitekt mot geriljakrigar: Desse avgjer lagnaden til Gaza

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Hamas står mot Hamas i Gaza-krigen. Den politiske leiaren arbeider for fredsavtale, den militære leiaren vil halde fram krigen mot Israel, og er villig til å ta store offer.

Analysen blir levert av Hamas-kjennaren og Midtausten-forskaren Erik Skare. Han snakkar om Yahya Sinwar i Gaza og Ismail Haniyeh i Qatar.

– Leiarskapet i Hamas er usamde. Dei som sit i Qatar, dei politiske leiarane med Ismail Haniyeh i brodden, arbeider for å få på plass ein fredsavtale. Yahya Sinwar, Hamas’ øvste leiar i Gaza og arkitekten bak åtaket på Israel 7. oktober, har til no avvist forslaga til våpenkvile som er blitt presenterte.

– Kvifor?

– Han ser at Israel aldri kjem til å nå målet om å knuse Hamas. Han ser at geriljakrigen Hamas no fører mot Israel er vellukka. For når Israel seier at dei har kjempa ned Hamas i område etter område i Gaza, er ikkje det tilfelle. Hamas-krigarar poppar opp på nytt og går til åtak på israelske styrkar, fortel Skare, som er postdoktor ved Universitetet i Oslo.

Head of the Hamas political bureau, Ismail Haniyeh, third from left, and Hamas leader in the Gaza Strip Yahya Sinwar raise their hands up with leaders of the other Palestinian factions as they attend a protest against the conference in Bahrain, which focuses on the economic portion of the White House's long-awaited plan for Mideast peace, in Gaza City, Wednesday, June 26, 2019. (AP Photo/Khalil Hamra)

Meldingar om fredsvilje

Tysdag kjem det melding om fredsvilje. På nytt.

Ein Hamas-representant seier til nyhendebyrået Reuters at dei godtek våpenkvile-resolusjonen frå FNs tryggingsråd.

Måndag kveld godkjende rådet resolusjonen. Russland avstod frå å røyste, dei andre 14 medlemmane sa ja.

Det er den høgtståande Hamas-mannen Sami Abu Zuhri som fortel omverda at Hamas skal vere klare til å forhandle om detaljane i resolusjonen, melder Reuters.

I resolusjonsteksten frå Tryggingsrådet heiter det at også Israel har akseptert våpenkvileforslaget.

hamas

Villig til å ofre mange tusen palestinarar

– Trur du på fredsviljen?

– Eg er optimist på vilkår, seier Skare.

Han forklarar: No står hardlinar Yahya Sinwar mot meir moderate Ismail Haniyeh. Medan Haniyeh i Qatar ønskjer å få på plass ein permanent fredsavtale, er Sinwar i Gaza meir enn villig til å halde fram krigen, og han er villig til ofre mange sivile palestinarar.

Skare viser til retorikken Sinwar og den militære leiinga i Hamas var raske til å sende ut i det palestinske samfunnet etter 7. oktober-åtaket på Israel.

Sinwar meiner at som ei frigjeringsrørsle vil ikkje Hamas klare å nå målet om nasjonal frigjering utan store offer. Akkurat som i Vietnam-krigen der millionar av vietnamesarar mista livet i krigen mot USA, vil mange palestinarar døy i krigen mot USA, og akkurat som Vietnam vann, vil Hamas vinne til slutt.

Eg er optimist på vilkår

—  Erik Skare, Hamas-kjennar og postdoktor

Sigrane må bli store om folk skal godta mange tusen døde

– Korleis responderer palestinarane i Gaza på denne retorikken?

– Palestinarane i Gaza er desperate etter å få slutt på krigen. Kva dei verkeleg meiner om Hamas får me ikkje vite før støvet har lagt seg, seier Skare.

– Svaret på spørsmålet avheng av kva Hamas oppnår i fredsavtalen, når han kjem. Blir til dømes mange palestinske fangar sette fri frå israelske fengsel. Blir sigrane til Hamas store nok kan folk vere villige til å akseptere dei mange tusen døde.

En såret palestiner evakueres etter angrepet. Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

Usemje om vegen til målet

– Når fredsavtalen blir signert, ein dag der framme, kva er det politiske strategien til høvesvis Sanwar og Haniyeh?

– Begge ønskjer at Hamas skal styre over heile Palestina, altså Vestbreidda og Gaza. Men medan Sinwar vil ha den væpna motstandskampen, har Haniyeh prioritert politisk arbeid og reformer. Så det me ser no er usemje om å halde fram krigen i Gaza, med dei tapa og dei sigrane det vil gje, eller prioritere ein politisk prosess med dei tapa og dei sigrane det vil gje.

Erik Skare legg til at ei anna viktig sak er også med på å påverke fredsarbeidet.

– Omdømmet, korkje Hamas eller Israel vil bli den parten som sit att me skulda for at det ikkje blei ein fredsavtale.

---

Hamas-Israel-krigen

  • 37.084 palestinarar er drepne og 84.494 er såra i israelske åtak på Gazastripa i løpet av krigen, ifølgje Hamas-kontrollerte helsestyresmakter.
  • 1.140 menneske blei drepne då Hamas gjekk til åtak på Israel 7. oktober.
  • Dei israelske åtaka har sendt 1,7 millionar av Gazas 2,3 millionar innbyggjarar på flukt frå heimane sine.
  • Drygt 1,1 millionar menneske står ifølgje FN på randa av hungersnaud, og ytterlegare 850.000 svelt.

Kilder: OCHA, UNRWA, IDF, WHO, PA, Haaretz, Al Jazeera, Reuters.

---

USAs utenriksminister Antony Blinken var både i Egypt (bildet) og Israel mandag. Foto: Amr Nabil / AP / NTB

USA utanriksminister: Det er Hamas-leiinga i Gaza som avgjer

Ingrid Rosendorf Joys, generalsekretær i Caritas Norge, er tysdag i Jerusalem for å møte hjelpearbeidarar som arbeider i Gaza og i regionen.

Ho melder at FN-resolusjonen skaper von.

– No er det litt optimisme å spore, men det folk treng er å sjå dette i konkret handling.

Ein grunn til optimismen er også at USAs utanriksminister Antony Blinken i samtalar med Israels statsminister Benjamin Netanyahu har fått høyre at Netanyahu uttrykkjer støtte til våpenkvileforslaget som no blir drøfta av partane.

Men, utdjupar Blinken, ifølgje Reuters, det er reaksjonen frå Hamas-leiinga i Gaza som verkeleg tel i denne samanhengen.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter