– No er dei samfunnsmessige konsekvensane så store at eg ikkje har noko anna val enn å bryte inn med tvungen lønnsnemnd, seier Tonje Brenna.
Onsdag morgon heldt ho eit kort møte med Unio og staten der ho varsla partane om lønnsnemnda.
– Terskelen for å bruke tvungen lønnsnemnd er, og skal vere, høg. Det er partane som har ansvaret for å finne løysingar på arbeidskonfliktar. Det har dei ikkje klart. Vi har fått løpande konsekvensvurderingar av streikeuttaket frå dei delane av staten som er ramma. Følgjene av streiken inneber så alvorlege samfunnsmessige konsekvensar at vi no ikkje har noko anna val enn å gripe inn, seier Brenna i ei pressemelding.
Unio varsla måndag at streiken skulle trappast opp med 163 nye medlemmer onsdag slik at nesten 3500 medlemmer ville vere i streik. Blant dei nye som vart teke ut i streik, er tilsette i politiet og Meteorologisk institutt.
Forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat ber no dei streikande om å komme tilbake på jobb.
– Vi er skuffa over at regjeringa ikkje har vist nokon vilje til å komme oss i møte. Heile prosessen frå vi byrja lønnsforhandlingane, gjennom streiken og til no, har vore prega av at regjeringa ikkje har ønskt noko anna enn å presse oss på plass, seier Lind i ei pressemelding.
(NTB)