Nyheter

Snur om regnbogeflagg-nekt etter press

SNUR OM PRIDE: Politikarane overkjører kommunedirektøren i Ålesund, skulane får bestemme sjølve om dei heiser regnbogeflagget eller ikkje.

Eit fleirtal i formannskapet i Ålesund har bestemt at det er skulane, ikkje kommuneadministrasjonen som avgjer om det blir flagging med regnbogeflagget. Det skriv NRK tysdag.

KrF var det einaste partiet som støtta kommunedirektøren, som sende ein epost til skulane i kommunen. Her slo han fast at det ikkje var lov til å heise regnbogeflagget under markeringa av pride i år, melde Sunnmørsposten i mai.

Mykje press

Vedtaket i formannsskapet kjem etter at statens vakthund i likestillings- og diskrimineringssaker gjekk inn i Ålesund-saka sist veke.

– Dei seier dei arbeider med mangfald heile året, men vil ikkje at skulane skal feire pride. Det ligg ein motsetnad i dette og det er trist at Ålesund har gått denne vegen, sa likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon til NRK.

Han tok opp flaggstriden i eit brev Til kommunen. Ombodet krev at Ålesund kommune svarar ut korleis dei arbeider for mangfald og mot diskriminering.

Ombodet ville sjå Ålesund nærare i korta når dei «nektar skulane å flagge på den viktigaste mangfaldsmarkeringa vi har i Norge».

Kommunalsjef Hildegunn Pedersen fortalde NRK at det er heilt greitt at den statlege vakthunden vil sjå nærare på likestillings- og mangfaldsarbeidet i kommunen.

– Eg vonar kommunen gjer ei ny vurdering, sa Thon sist veke.

Oslo 20220622. 
Et regnbueflagg vaier i vinden Oslo sentrum,
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Flaggheisar ber ombod halde seg unna

Då flaggnekten blei kjent rykte ein rektor ut og varsla at han ville heise regnbogeflagget – og med det trasse pålegget frå kommunedirektøren.

Men rektor Hallgeir Buset er lite nøgd med at ombodet blanda seg inn i flaggstriden.

– Eg ser ingen grunn til at det skal opprettast noko tilsyn mot Ålesund kommune. Det blir jobba utruleg godt i alle ledd i kommunen, både på skular og andre arbeidsplassar, så dette finn eg heilt meiningslaust, sa han til NRK.

Likestillingsministeren: Har kommunalt sjølvstyre

Flaggnekten skuffa kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap). Men ho fortalde NRK at ho ikkje ville overprøve forbodet.

– Me har kommunalt sjølvstyre i Norge, så difor må Ålesund få lov til å bestemme korleis dei ønskjer å markere pride. Eg tykkjer det er skuffande at skulane ikkje skal bruke prideflagget under pridemånaden.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter