Nyheter

Skatteetaten har betalt tilbake 6,4 millionar

FOR HARDT SKATTA: Skatteetaten har returnert 6,4 millionar kroner til flyktningar som har betalt ein skatt dei ikkje skulle ha betalt – og fleire skal få.

Arne Viste har eitt ord for det som har skjedd – og skjer:

– Skandale.

– Det er ein skandale at dei måtte betale, og det er ein skandale at Skatteetaten ikkje vil finne dei som skal ha pengar tilbake frå staten, seier han til Vårt Land.

Han snakkar om dei mange millionane som ikkje skulle ha vore betalt inn til staten i form av trygdeavgift.

Vårt Land har fått ein statusrapport frå Skatteetaten:

  • Til saman er det fatta 55 vedtak i saker som gjeld refusjon av trygdeavgift.
  • Per mai er det refundert 6,4 millionar kroner.
  • Rundt 140 saker er ikkje avslutta.
Mandag startet rettssaken mot Arne Viste (52), som er tiltalt for å ha ansatt asylsøkere uten lovlig opphold. 

Rettssalen var fullsatt, og demonstranter hadde møtt opp utenfor tinghuset for å vise støtte til Viste. 

Arne Viste er daglig leder i et bemanningsbyrå og en nettbutikk. Han har brutt loven med vilje, ved å ansette asylsøkere uten lovlig opphold og har uttalt at han er villig til å gå i fengsel for saken.

Opp mot ein halv million

– Dei aller fleste vedtaka gjeld krav frå 10.000 kroner og oppover, fortel seksjonssjef Lene Ringså i Skatteetaten til Vårt Land.

Mottakarane har fått frå nokre tusen til nær ein halv million kroner, opplyser Viste om dei som han hjelper.

Han etablerte i si tid vikarfirmaet Plog som hjelper papirlause flyktningar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden, men som likevel blir i Norge.

Betalte ein skatt dei ikkje skulle ha betalt

Viste har i ei årrekkje engasjert seg i levekåra til papirlause og ureturnerbare flyktningar, personar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden, men som av ulike grunnar ikkje kan sendast tilbake til heimlanda.

Han har avdekt at flyktningar i fleire år betalte inn trygdeavgift til staten fordi dei fekk lov til å ta løna arbeid sjølv om dei ikkje hadde opphald i Norge, men dei skulle aldri ha betalt ei krone i trygdeavgift, for dei hadde aldri medlemskap i folketrygda.

---

Trygdeavgift

  • Fram til 2011 fekk papirlause og ureturnerbare personar eit D-nummer, eller eit mellombels personnummer. Dermed kunne dei få skattekort frå Skatteetaten og rett til lovleg, løna arbeid. Desse betalte også inn trygdeavgift på 7,8 prosent av bruttoløn.
  • Det skulle dei ikkje gjort, for dei hadde ikkje gyldig medlemskap i folketrygda.
  • No returnerer Skatteetaten innbetalt avgift – til dei som set fram krav sjølve.
  • Mange er papirlause i Norge, andre har fått opphald.

---

Mista retten til å arbeide

Den første som fekk refundert innbetalt trygdeavgift, fekk tilbake 232.250 kroner for åra 2002-2011, fortalde Vårt Land i januar i fjor.

Det var Skatteetatens opprydding hausten 2010 som skapte problem for papirlause og ureturnerbare. Aftenposten avdekte at kriminelle lett kunne få godkjent falsk ID når dei søkte om mellombels personnummer.

Då Skatteetaten skjerpa inn rutinane ved årsskiftet 2010-2011, blei alle som hadde fått eit mellombels personnummer, eit D-nummer, pålagt å møte til fornya ID-sjekk for å få skattekort.

Dermed mista ei stor gruppe asylsøkjarar med endeleg avslag, i januar 2011, retten til å arbeide i Norge. Desse hadde fått D-nummer og med det skattekort. Styresmaktene konkluderte med at dei hadde tetta eit smotthol.

I åra fram til 2011 hadde dei som hadde hatt løna arbeid, heilt lovleg, betalt inn i trygdeavgift på 7,8 prosent av bruttoløn.

Me har no oppretta ein særskild dialog med UDI for å prøva å skaffa den nødvendige dokumentasjonen, då me forstår at det er krevjande for nokre skattepliktige å sjølv skaffa dette

—  Lene Ringså, seksjonssjef Skatteetaten

Ber finansminister Vedum om å snu

Arne Viste er glad for at Skatteetaten returnerer pengar som er svært viktige for dei mottakarane. Men han refsar den «manglande politiske viljen til å rydde opp»:

– Her har både Støre-regjeringa og Stortinget ein jobb å gjere. For det første skulle finansminister Trygve Slagsvold Vedum pålagt Skatteetaten å finne alle som har rett på pengar. I dag må dei som meiner å ha rett på innbetalt trygdeavgift sjølv finne ut at dei har krav på pengane, så må dei setje fram krav til Skatteetaten.

– For det andre har Skatteetaten vegleiingsplikt etter forvaltningslova, altså kan dei drive oppsøkjande arbeid, men Stortinget vel å ikkje gå inn i den saka og stille Vedum til ansvar.

Veien har tidligere blitt lovet penger, men nå lover Vedum at Arna-Stanghelle skal bygges. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Var ikkje medlem i folketrygda

I februar i fjor slo finansminister Vedum fast Skatteetaten ikkje skal drive oppsøkjande verksemd. Det blir opp til den einskilde å be om refusjon, for saka er blitt opplyst i media, melde Sp-ministeren:

«Personer kan henvende seg til Skatteetaten både på engelsk og andre språk dersom de ikke forstår norsk, for å få veiledning og bistand til å få rettet tidligere skattefastsettinger», skreiv Vedum i eit brev til Stortinget.

Seksjonssjef Ringså i Skatteetaten forklarar at dersom ein person feilaktig er blitt kravd trygdeavgift, kan vedkommande be om endring av likninga.

– Når det i slike tilfelle blir framlagt informasjon som viser at ein person ikkje var medlem av norsk folketrygd, vil Skatteetaten kunna betala tilbake den feilaktige betalte trygdeavgifta.

Om bunken på nesten 140 saker som ikkje er behandla ferdig, seier Ringså:

– Blant desse sakene er det fleire saker der me ikkje har fått naudsynt dokumentasjon om at personen ikkje var medlem av folketrygda. Me har no oppretta ein særskild dialog med UDI for å prøva å skaffa den nødvendige dokumentasjonen, då me forstår at det er krevjande for nokre skattepliktige å sjølv skaffa dette.

UDI er Utlendingsdirektoratet.

Får ikkje renters rente

På summane som blir refunderte blir det også utbetalt renter for tidsperioden frå betaling fann stad og fram til fristen for tilbakebetaling.

– Per 1. januar 2024 er denne 4,50 prosent. Det blir ikkje utbetalt renters rente, opplyser Ringså.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter