Nyheter

Kjem 1.247 kvoteflyktningar til Norge i år

ÅRLEG KVOTE: Med støtte frå SV har Støre-regjeringa kutta kvoten på overføringsflyktningar. I år kjem det flest kvoteflyktningar frå eitt krigsherja land.

«Stortinget har besluttet at kvoten for 2024 er på 1000 plasser. I tillegg til dette er det 247 plasser som må overføres fra 2023 til 2024», skriv Justisdepartementet (JD) i årets kvotebrev til Utlendingsdirektoratet

Bakgrunnen for overføringa er krigen mellom Israel og Hamas har gjort det vanskeleg å gjennomføre kvoteuttak frå Libanon, opplyser departementet.

Dette er 2024-kvoten, melder JD:

  • 510 syriske flyktningar som oppheld seg i Libanon, Tyrkia og Jordan.
  • 227 flyktningar, med flest frå Kongo og Eritrea, som sit i transittleir i Rwanda.
  • 210 afghanske flyktningar frå Tyrkia.
  • 200 flyktningar som har prøvd den sentrale Middelhavs-ruta, med flest frå Sudan og Eritrea, som skal bli henta i leirar i Rwanda og Romania.
  • 100 flyktningar i open kvote.

Ned frå 3.000 til 1.000

Toppen blei nådd under Solberg-regjeringa: Norge tok årleg i mot 3.000 kvoteflyktningar.

Det er FN som plukkar ut dei som land i særleg Vesten hentar ut som overføringsflyktningar, eller kvoteflyktningar. Dette er sårbare familiar eller einskildpersonar som etter intervju får komme til Norge og blir busette i ein kommune.

Under Støre-regjeringa har kvoten blitt barbert, år for år. Med støtte frå budsjettpartnar SV.

I fjor var talet 2.000, i år er talet 1.000.

I fjor haust fremma Framstegspartiet eit forslag om at Norge ikkje skal ta i mot kvoteflyktningar så lenge Ukraina-krigen rasar. Forslaget blei stemt ned.

Afghanske flyktninger i en leir satt opp av Røde Kors i Avezzano, Italia. Foto: Andrew Medichini / AP / NTB

Klarar ikkje å fylle EU-kvote

Hausten 2022 slutta Støre-regjeringa, i det stille, til det som heiter EUs mellombelse solidaritetsmekanisme for middelhavslanda. Norge lova å avlaste land som er «særleg berørt av migrasjonen over Middelhavet».

Avtalen Norge gjorde med EU omfatta flyktningar som kjem til Italia, Hellas og Kypros, og hadde ei øvre grense på 200 som er reelle asylsøkjarar.

I kvotebrevet for 2024 varslar Justisdepartementet at kvoten ikkje blir brukt fullt ut: «(...) har regjeringens beslutning om å relokalisere 200 asylsøkere som del av EUs midlertidige solidaritetsmekanisme ikke fullt ut har latt seg implementere. Restplasser fra denne prosessen på totalt 73 kvoteplasser er derfor besluttet tilbakeført til den ordinære kvoten.»

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter