Nyheter

Tredobling i årets første fire månader

POLITIET REGISTRERER: Norske jødar får unngjelde, kraftig vekst i registrerte antisemittismesaker hjå politiet.

Gaza-krigen mellom Israel og Hamas slår brutalt inn i norske jødar kvardagsliv.

Politiets eige fagorgan, Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet, fører oversikta over registrerte straffesaker som handlar om antisemittisme, eller jødehat.

Vårt Land har henta ut tal for første tertial, altså perioden januar-april, i år og i fjor. Dei viser at talet saker er nesten tredobla:

21 saker første tertial 2024 – mot åtte saker i første tertial 2023.

Før og etter 7. oktober

Til samanlikning blei det meldt 19 saker med hatmotiv antisemittisme i kvart av åra 2022 og 2021, opplyser politiet.

Ifølgje Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet er det eit klart før og etter: 7. oktober 2023.

Då gjekk Hamas inn i Israel og drap kring 1.200 og tok eit hundretal gislar. Israel svarte med krig. Gaza-krigen har no vart i over sju månader.

HAKEKORS: S i Israel er blitt byttet ut med hakekors på denne banneren i Tromsøgata i Oslo.

Fleire melde for skadeverk

Politioverbetjent Tina Håvelsrud Eklo i politiets fagorgan for hatkrim, forklarar kva slags saker dei 21 frå årets første fire månader handlar om:

Hatefulle ytringar: Sju.

Omsynslaus framferd: Seks.

Skadeverk: Fire.

Mindre skadeverk: To.

Truslar: Ei.

Diverse: Ei.

Flest hatefulle ytringar

Dei åtte sakene frå første tertial 2023 fordelte seg slik:

Hatefulle ytringar: Seks.

Omsynslaus framferd. Ei.

Skadeverk: Ei.

«Ikkje jødanes ansvar å overvinne antisemittisme i Norge»

Solberg-regjeringa la i 2021 fram Handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023. Planen gjekk ut ved årsskiftet, men Støre-regjeringa varsla i november at det skal komme ein ny plan i år.

– Det er ikkje tvil om at det er behov for vedvarande og auka innsats mot antisemittisme no, sa kommunalminister Erling Sande (Sp).

Han minna om kven som har ansvaret:

– Me har alle eit ansvar for å overvinne fordommar og rasisme. Det er ikkje jødanes ansvar å overvinne antisemittisme i Norge, det er vårt felles ansvar.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter