Nyheter

Israelarane er ikkje dei første som har øydelagt Gaza

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Etter sju månader med krig er Gaza knust til landskap av nedrast betong og forvridd stål. Det vil ta tiår å byggje opp att.

Gaza.

Ordet kjem av det hebraiske azzah, som tyder «sterk by».

I dag, etter sju månader med israelsk bombing, er Gaza knust.

– Omfanget av øydeleggingane er utan sidestykke. Dette er eit arbeid det globale samfunnet ikkje har gjennomført sidan andre verdskrig, seier Abdallah al-Dardari, FNs assisterande generalsekretær.

Han snakkar om utrekningar med berre store tal:

  • Det vil koste kring 40 milliardar dollar å byggje opp Gaza, og arbeidet vil ta tiår.
  • Opp mot 80 prosent av alle bustader er fullstendig eller delvis øydelagt.
  • Viktig infrastruktur som skular, sjukehus, vatn- og straumnett er knust.
  • Det vil gå nesten 70 år før økonomien i Gaza er den same som før krigen.
This satellite image taken by Planet Labs PBC shows Rafah in the Gaza Strip, center, Saturday, May 4, 2024. The Israeli army ordered some 100,000 Palestinians on Monday, May 6, 2024, to begin evacuating from the southern city of Rafah in Gaza, signaling that a long-promised ground invasion there could be imminent and further complicating efforts to broker a cease-fire. In the image, Egypt can be seen to the left, Israel to the bottom right corner. (Planet Labs PBC via AP)

Okkupert, øydelagt og bygd opp at talrike gonger

Gaza ber namnet til den største byen på det vesle landområdet, ein by som er okkupert, øydelagt og bygd opp at talrike gonger opp gjennom historia.

Israelarane er langt frå dei første som har knust Gaza, byen og omlandet, som i dag er 41 kilometer lang og frå seks til 12 kilometer brei.

Gazas kjente historie strekkjer seg 4.000 år tilbake i tid. Opphaveleg var Gaza ei kanaanittisk busetjing – kanaanittane blir rekna som etterkommarar av Kanaan, ein av Noahs sonesøner. Så kom egyptarane, filistrane, assyrarane og romarane.

Eit viktig omslag kom i 637 etter Kristus. Den muslimske generalen Amr ibn al-’As erobra byen og innførte islam. Gaza var, med nokre unntak, under muslimsk styre heilt fram til 1917. Då reiv britane landområdet ut av osmansk styre.

I 1967 okkuperte Israel Gaza, men trekte seg ut i 2005. Men i fire krigar, 2008–2009, 2012, 2014 og frå oktober 2023, har Israel bomba Gaza.

Verre enn dei alliertes bombing av Tyskland

Som svar på Hamas-angrepet på Israel som kom 7. oktober og kosta kring 1.200 livet, har Israel bomba Gaza nesten utan avbrot i over sju månader.

Dei som analyserer krigar har ikkje sett noko liknande.

Proporsjonalt sett overgår bombinga av Gaza også dei alliertes bombing av Tyskland under andre verdskrig, fortalde forskningsleder Dag Henriksen ved Luftkrigsskolen til NTB – i januar.

– Israels bruk av luftmakt i Gaza er den mest massive og intense bruken av luftmakt mot eit lite, avgrensa og tett befolka område eg kjenner til etter andre verdskrig, forklarte Henriksen.

Ødeleggelser etter israelske luftangrep i Khan Younis på Gazastripen. Israel truer med en bakkeinvasjon i Rafah, der over 1,1 millioner internt fordrevne palestinere har søkt tilflukt. Foto: Fatima Shbair / AP / NTB

Skraphaugen ved 37 millionar tonn

FNs sjef for minerydding, Pehr Lodhammar, har også reikna på Gaza:

  • Krigen har skapt 37 millionar tonn «skrap», i form av øydelagde bygningar.
  • På kvar kvadratmeter ligg det i snitt 300 kilo med knust betong og vridd metall.

– Det vil ta 100 lastebilar 14 år å kjøre vekk alt, opplyser Lodhammar.

Men fordi krigen held fram, er dette berre eit forsiktig overslag, legg han til.


---

Gazakrigen

  • Hamas-styrkar gjekk inn i Sør-Israel 7. oktober, drap kring 1.200 personar.
  • Israel svarte med å bombe Gaza, og har bomba landområdet i over sju månader.
  • 34.844 palestinarar er drepne i israelske angrep på Gazastripa, ifølgje palestinske helsestyresmaktar.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter