Sidan 2011 har den tidlegare stortingsrepresentanten og statsråden frå KrF vore statens kvinne for store delar av Austlandet.
Først som fylkesmann i Oslo og Akershus, så statsforvaltar i Oslo og Viken og til sist statsforvaltar i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
No er det snart slutt.
«I dag fekk eg lyst til å reklamera for ein veldig kjekk, men krevjande jobb som snart blir ledig», skriv Svarstad Haugland på eiga Facebook-side.
«Mitt åremål går ut 31. desember og eg søkjer ikkje eit nytt åremål», legg ho til.
Kom med kontantstøtta
Før ho blei fylkesmann og statsforvaltar var den tidlegare læraren sentral i to regjeringar, leia av statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF):
Først barne- og familieminister frå 1997 til 2000, så kultur- og kyrkjeminister frå 2021 til 2005.
Valgerd Svarstad Haugland var folkevald på Stortinget i åra 1993–2005. I nesten ti år var ho leiar i KrF, frå 1995 til 2004.
Mellom dei største politiske sigrane hennar, var innføringa av kontantstøtta.
Jobben har eg hatt sidan 1. desember i 2011 og det har (nesten) aldri vore ein kjedeleg dag på jobb
— Valgerd Svarstad Haugland, statsforvaltar
Fint om ny statsforvaltar skriv nynorsk
No blir 67 år gamle Valgerd Svarstad Haugland pensjonist.
«Jobben har eg hatt sidan 1. desember i 2011 og det har (nesten) aldri vore ein kjedeleg dag på jobb», lyder oppsummeringa av åra som fylkesmann og statsforvaltar.
Ho minner potensielle søkjarar om éi sak:
«Du treng ikkje skriva nynorsk for å få denne jobben, men det er sjølvsagt ein fordel om du kan.»