Nyheter

Kan få fire år i fengsel for å fornekte Holocaust

LOVBROT: Sverige skjerpar straffeloven. No blir det straffbart å fornekte Holocaust, folkemordet på seks millionar jødar.

Hatkriminalitet, ytringar og handlingar, som rettar seg mot jødar er i sterk vekst Europa rundt.

I Sverige endrar regjeringa og Riksdagen no straffeloven ved at dei justerer forbodet mot hets av folkegrupper. Dei som etter 1. juli fornektar Holocaust, nazistanes industrielle folkemord, kan bli straffa med bøter eller fengsel i inntil fire år.

I lovproposisjonen som regjeringa sende den svenske nasjonalforsamlinga rett før påske, forklarar justisdepartementet at det er dei grovaste fornektingane som kan gje fengsel:

Særskilt truande eller støytande innhald som blir spreidd til eit høgt tal menneske og som får stor merksemd.

Vil slå ned aukande antisemittisme

Fire statsrådar forklarar kvifor Sverige treng eit forbod mot Holocaust-fornekting.

– Med dette forslaget styrkjer me vernet mot og tek tydelegare avstand frå krenkingar på grunnlag av rase, ikkje minst med antisemittiske motiv, seier justisminister Gunnar Strömmer.

– Me må gjere alt me kan for å møte den uakseptable antisemittismen og Holocaust-fornektinga her og no, seier kulturminister Parisa Liljestrand.

– Å kriminalisere fornekting av visse folkemord, som Holocaust, er ein viktig måte å motverke antisemittisme, seier likestillingsminister Paulina Brandberg.

– Antisemittismen må bli kvelt lenge før den kan vekse seg sterk. Å nekte for eller forvri påstandar om Holocaust gjev næring til antisemittisme, seier sosialminister Jakob Forssmed.

SVERIGE

Gasskamra blei brukt til «avlusing»

«Selv om Holocaust er det mest veldokumenterte folkemordet noensinne, finnes det mennesker som benekter at folkemordet på de europeiske jødene fant sted», skriv HL-Senteret i Oslo på eiga heimeside.

Holocaust-benekting byggjer ofte på fire påstandar:

  • Talet på jødar som blei drepne under andre verdskrig var langt færre enn seks millionar, for mange døydde av naturlege årsaker, som sjukdom.
  • Gasskamra blei ikkje brukt til å ta livet av eit høgt tal jødar, dei blei brukt til «avlusing» – eller bygd etter krigen av dei allierte.
  • Adolf Hitler og nazistane arbeidde ikkje systematisk og planmessig med å drepe jødane i Europa.
  • Holocaust er eit resultat av ein internasjonal samansverjing, som løyner den «eigentlege sanninga».

MDG vil ikkje sjå mot Sverige

I 2022 fremja MDG forslag i Stortinget om at Norge bør gjere 26. november til nasjonal minnedag for å heide dei mange norske jødane som døydde i det norske Holocaust – dei som blei samla saman og sendt til dødsleiren Auschwitz med lasteskipet Donau.

Lan Marie Berg, stortingsrepresentant for MDG fronta forslaget. Ho meiner ikkje at Norge bør sjå til Sverige og gjere Holocaust-fornekting straffbart.

– Me meiner at Norge ikkje bør vurdere å gjere det same. Hatytringar er allereie dekka av lovverket. Antisemittisme er alvorleg, og det er urovekkjande at det er aukande, men eit slikt forbod trur me ikkje er rett medisin, seier ho til Vårt Land.

Norges straffelov seier at «med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler».

Grunnlaget kan vere hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav, religion eller livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, eller nedsett funksjonsevne.

Brei politisk semje om lovskjerpinga

Arbeidet med det svenske forbodet starta i oktober 2021. Ein tverrpolitisk komite i Riksdagen fekk i oppdrag å vurdere som det skulle bli straffbart å fornekte folkemord.

I april 2023 leverte Komiteen om kriminalisering av fornekting av Holocaust og visse andre brotsverk ein SOU – Statens offentliga utredningar.

Lovendringane skal etter planen tre i kraft 1. juli i straffeloven og 1. januar 2027 i trykkefridomsforordningen.

Unionen har pressa hardt på

Innstramminga er også eit svar på eit EU-vedtak om skjerpe lovgjevinga på området. EU-kommisjonen har lagt press på Sverige og 12 andre EU-land for å få dei til endre straffelovene.

Sverige risikerte å bli dregen for EU-domstolen om lovgjevarane ikkje kriminaliserer det å fornekte Holocaust.

Justisdepartementet opplyser det er eit sterkt strafferettsleg vern mot hatpropaganda på rasistisk grunnlag i Sverige, mellom anna er hets av etnisk grupper straffbart.

Men no er det naudsynt å endre lovverket ved å gjere Holocaust-fornekting straffbart.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter