Ezana Abebe fortel Vårt Land at han blei kalla inn til eit møte hjå Politiets utlendingseining (PU) i Oslo. Herfrå gjekk ferda til Politiets utlendingsinternat (PU) på Trandum.
Abebe er far til ei jente på åtte år. To gonger har ho vitja far på det fengselsliknande internatet.
– Første gongen klarte eg ikkje å fortelje henne kvifor eg sat her. Andre gongen fekk ho vite det. Då ville ho ikkje sleppe taket i meg, fortel Abebe på telefon frå Trandum.
– Korleis opplever du situasjonen?
– Svært vanskeleg, alt er svært vanskeleg.
– Veit du om eller når du blir sendt ut av Norge?
– Nei.
– Har du møtt representantar for etiopiske styresmakter som er i Norge no?
– Ja, dei stilte spørsmål om meg.
Skal avklare identitet før heimsending
Dei som blir internerte på Trandum skal tvangssendast ut av Norge. Dei har ei sak felles: Dei har fått endeleg avslag på søknaden om asyl eller opphald på humanitært grunnlag – og dei har ikkje reist ut av Norge frivillig, slik dei er pålagde i siste vedtak frå Utlendingsnemnda (UNE).
Sist måndag fortalde Vårt Land at minst 21 etiopiarar er samla saman av politiet og plasserte på utlendingsinternatet, som ligg like ved flyplassen på Gardermoen.
Tre av dei er foreldre, dei har barn som bur i Norge.
Vårt Land fortalde også at etiopiske styresmakter har komme til Norge for å avklare identiteten til dei som Norge vil tvangsreturnere til Etiopia.
Første gongen klarte eg ikkje å fortelje henne kvifor eg sat her. Andre gongen fekk ho vite det. Då ville ho ikkje sleppe taket i meg
— Ezana Abebe
Skal i retten denne veka
André Møkkelgjerd er Ezana Abebes advokat. Han fortel Vårt Land at det er fremma krav om omgjering – og at hans sak difor blir vurdert på nytt av UNE.
Møkkelgjerd svarar via tekstmelding når Vårt Land spør om Abebe slepp ut frå Trandum.
«Hvis UNE gir utsatt iverksetting – rett til å være her til saken er vurdert på nytt – så øker det sannsynligheten. Men at man ber om at saken vurderes har ingen direkte betydning. Staten vil ofte fremheve at dette betyr at man ikke vil reise hjem.»
Han fortel at dei skal i retten igjen, og at retten då skal vurdere om det finst grunnlag for fortsatt internering.
Advokaten seier han ikkje veit om Abebe blir sendt ut i nær framtid.
«Vi har ikke noe konkret informasjon. Ved liknende prosesserer har det vært nødvendig med undersøkelser i Etiopia før norske myndigheter får et svar. For å kunne sende noen til Etiopia, er norske myndigheter avhengig av at det kan dokumenteres at vedkommende er etiopisk borger.»
Skal vise større omsyn til «barns beste»
Fleire parti har engasjert seg i lagnaden til etiopiarane som politiet har samla på internatet på Trandum. Både KrF og SV ber justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) om å gripe inn ved at ho snarleg rullar ut eit tiltak Stortinget har pålagt henne å gjere til praktisk politikk.
Utlendingsloven slår fast at «barns beste» skal vere eit grunnleggjande omsyn i saker som omfattar barn.
Stortinget har gjort eit vedtak som seier at praksisen med utvising av foreldre på grunn av brot på utlendingsloven skal endrast i løpet av 2024 – i tråd med innstillinga ifrå Baumannsutvalet, som blei sett ned av Solberg-regjeringa.
I fjor haust fekk SV knesett eit prinsipp i budsjettavtalen med regjeringa: Personar med endeleg avslag skal som hovudregel få tilleggstid i staden for utvisingsvedtak av omsyna til borna deira som bur i Norge.
Mehl svarar at ho har året på seg
Justisminister Mehl svarar i eit brev til Stortinget at ho ikkje kjem til å forsere arbeidet:
«Stortinget har selv satt en frist for dette oppfølgingsarbeidet ut året.»
Ho skriv at «oppfølgingen krever at departementet definerer nærmere hvordan innholdet i en slik hovedregel skal avgrenses og formuleres inn i en instruks eller lov- eller forskriftsbestemmelse. En del av vurderingen er hvordan dette kan gjøres på en måte som samtidig ivaretar en god balanse mot regelverket for øvrig og nødvendig innvandringsregulering.»
Til sist minner Mehl om at dagens regelverk «fullt ut ivaretar våre folkerettslige forpliktelser, herunder de som følger av den europeiske menneskerettighetskonvensjon og barnekonvensjonen».