Nyheter

Offer for svindel, tjuveri og underslag

BISTANDSKRONER: Utanriksdepartementet er knallharde. Difor måtte bistandsorganisasjonar betale tilbake 21 millionar kroner i 2023. Metodistkirkens Misjonsselskap måtte ut med 1,3 millionar.

  • Ein tilsett ved landskontoret utførte utbetalingar basert på forfalska fakturaer.
  • Det blei krev betaling for å tildele kontrakt.
  • Ein tilsett hjå lokal partnar overførte i fleire år midlar som skulle gått til skattestyresmaktene, til eigen konto.
  • Svindel med forskotsutbetalingar hjå eigne tilsette.

Dette er fire døme på økonomisk misleghald som råka norske bistandsorganisasjonar i fjor.

Må bruke eigne kroner for å dekkje tap

Vårt Land har henta inn tal frå Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, som har ansvaret for oppfølginga av misleghaldssaker der norske bistandskroner er involvert.

Misleghald kan kome for ein dag etter tips, eller blir avdekt av internkontrollen. Totalt måtte bistandsorganisasjonar erstatte 21,1 millionar kroner i fjor.

Summen er fordelt på to postar:

  • Betalt tilbake til Norad: 15.589.541 kroner.
  • Betalt tilbake til prosjekt: 5.564.001 kroner.

Det siste inneber at tilskotsmottakaren, altså bistandsorganisasjonen, dekkjer tapet ved å skyte inn eigne midlar.

krim

Avdekt av internkontrollen i misjonsorganisasjon

To land i Vest-Afrika blei åstad for ei rekkje saker i fjor, Liberia og Sierra Leone. Her måtte to misjonsorganisasjonar rydde opp. Misjonsalliansen og Metodistkirkens Misjonsselskap måtte til saman stå til rette for 3,2 millionar kroner i Sierra Leona og 1,2 millionar i Liberia.

Metodistkirkens Misjonsselskap måtte betale tilbake vel 1,3 millionar åleine.

Generalsekretær Anne Ng Forster forklarar sakene i ein epost til Vårt Land:

«Etter at internkontrollgjennomganger avdekket svakheter i økonomisystemene hos partnerne våre, UMC i Sierra Leone og Liberia, ble det satt i gang en granskning som resulterte i tilbakebetaling til Norad.

Konklusjonen fra revisjonsfirmaet var at det dreide seg om mangelfull dokumentasjon på kostnader og anbudsrutiner.»

Forster skriv at det ikkje blei gjort funn som tyda på korrupsjon eller underslag, og at alle prosjekt blei fullførte. Difor synes ho at det «er leit at vi måtte betale tilbake penger som kunne kommet til nytte i samarbeidslandene våre.»

Generalsekretæren understrekar at dei saman med partnarane arbeider «kontinuerlig med å styrke våre økonomiske strukturer, sånn at vi skal unngå å komme i lignende situasjoner i framtiden».

---

Nulltoleranse

  • Utanriksdepartementet har Retningslinjer for Utenrikstjenestens håndtering av mistanke om økonomiske misligheter.
  • Dei seier at: «Utenrikstjenesten har nulltoleranse for økonomiske misligheter. Dette innebærer at utenrikstjenesten vil reagere på et hvert avvik fra de forutsetningene som ligger til grunn for forvaltning av departementets midler, herunder avtaler knyttet til drift og tilskuddsforvaltning.»

---

Systematisk misbruk og svindel

Generalsekretær Heidi Sandvand Hegertun i Misjonsalliansen fortalte Vårt Land i fjor sommer at dei visste at det var risiko for korrupsjon i både Sierra Leone og Liberia, men at organisasjonen ikkje var budd på det systematiske misbruket av midlar og forsøka på svindel som dei møtte.

Misleghaldsakene til Misjonsalliansen frå Liberia og Sierra Leone handlar om lån på falske vilkår, svikt ved innkjøp, underslag, forfalskingar og svindel.

Konklusjonen fra revisjonsfirmaet var at det dreide seg om mangelfull dokumentasjon på kostnader og anbudsrutiner

—  Anne Ng Forster, generalsekretær i Metodistkirkens Misjonsselskap

Piratar plyndra anti-pirat-prosjekt

Dei to største misleghaldssakene blei gjort opp i fjerde kvartal, og Kirkens Nødhjelp (KN) var involvert i den eine.

Hjå ein av dei lokale partnarane til Kirkens Nødhjelp blei det avdekt at alle midla som var overførte i perioden 2014–2021 anten er blitt underslått eller ikkje kan gjerast greia for. Pengane sikre unge utdanning, slik at dei ikkje byrja med sjørøveri.

KN måtte betale tilbake nesten 4,7 millionar kroner til Norad.

«KN burde håndtert denne saken langt bedre. Det finnes noen forklaringer på at vi ikke oppdaget svindelen tidligere, men ingen unnskyldning», sa KNs utenlandssjef Arne Næss-Holm til Panorama då misleghaldet blei kjent i februar.

I den andre saka måtte helsedepartementet i Malawi betale tilbake 3,7 millionar kroner til prosjektet – fleirgjevarfondet Joint Sector Health Fund.

I dette prosjektet ytte Norge støtte saman med andre bistandsgjevarar. Det blei råka av ein nettsvindel der kriminelle gav seg ut for å vere rette mottakarar av betaling til ein leverandør.

Sjølv små summar må betalast

Sjølv små summar skal Norad ha tilbake. Redd Barna i Niger avslørte fiktive kvitteringar for kjøp av drivstoff og overnatting. 675 kroner blei betalt tilbake til Norad.

Det var fjorårets minste oppgjer.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter