Nyheter

Sør-Afrikas jødar i klemma av landets Israels-politikk

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Sørafrikanske jødar stod i framskotne posisjonar og var med å velte apartheidregimet. No blir landets jødiske samfunn hardt råka av antisemittisme.

Dei er Afrikas største jødiske samfunn. Dei tel om lag 50.000. No kjenner Sør-Afrikas jødar seg utsette. Det skuldast rettsprosessen det styrande ANC-partiet har starta, for å hjelpe gamle vener, palestinarane.

Då rabbinar Moshe Silberhaft nyleg vitja ein jødiske gravlund fekk han høglydte tilrop frå ein bil som kjørte forbi, fortel han til dw.com:

– «Reis tilbake til Israel» ropte dei.

Rabbinaren meiner å vite kvifor sørafrikanarar ytrar seg slik:

– No vågar folk å uttrykkje seg på ein antisionistisk måte fordi dei veit at regjeringa støtter det.

Årelangt venskap mellom ANC og palestinarane

Sør-Afrikas regjering klaga Israel inn for Den internasjonale domstolen (ICJ) ved årsskiftet. ICJ er FNs domstol og det øvste juridiske organet i FN

Regjeringa meiner Israel er ansvarleg for eit folkemord i Gaza. Allereie i november avgjorde landets folkevalde at Israel måtte stengje ambassaden i Pretoria, og kutte alle band fram til våpenkvila er på plass.

Sør-Afrika, med ANC i brodden, har i tiår støtta det palestinske kravet om ein eigen stat. ANC-leiarane har samanlikna lagnaden til palestinarane med tilhøva til den svarte fleirtalsbefolkninga under apartheidregimet.

sa

Jødiske leiarar var med å velte apartheid

Fremst i kampen mot raseskiljeregimet stod fleire jødar.

Denis Goldberg blei dømt saman med Nelson Mandela, landets første svarte president, og ANC-toppen Walter Sisulu i rettssaka i 1964 og dømt til fengsel på livstid.

Joe Slovo leia det sørafrikanske kommunistpartiet, måtte rømme i eksil, kom tilbake i Mandelas regjering som bustadminister.

Ruth First var som aktivist og journalist aktiv i anti-apartheid-kampen, ho var gift med Joe Slovo, og blei myrda i eksil.

Helen Suzman var frå 1961 til 1974 den einaste kvite folkevalde i det heil-kvite parlamentet som var i opposisjon til raseskiljet.

Sterk vekst i antisemittisme

Med ICJ-saka er søkjelyset blitt retta mot den jødiske minoriteten i Sør-Afrika.

Sidan 7. oktober, laurdagen då Hamas utførte terroråtaket på Israel, og landet svarte med krig, har talet på antisemittiske ytringar og hendingar skote i vêret.

Frå 7. oktober til årsskiftet er det registrert 139 saker – noko som er meir enn seks gonger så mykje som i same periode i 2022.

I 2023 var det også seks fysiske åtak på jødar.

Det er organisasjonen South African Jewish Board of Deputies som samlar inn og registrerer antisemittismesakene.

Eg kjenner meg mykje mindre stolt over å vere sørafrikanar i dag enn eg var for tre månader sidan

—  Mandy Yachad, sørafrikansk jøde

«Kjenner meg mykje mindre stolt»

Avgjerda om å ta Israel til Haag og ICJ avdekkjer ein sprekk i landet som sidan 1994 har omtalt seg sjølv som ein «regnbogenasjon» av etnisitetar og kulturar.

Justisministeren har rykt ut og forklart at ICJ-søksmåla er retta mot «handlingane til staten Israel», og ikkje det jødiske folket.

President Cyril Ramaphosa stør også opp. Han lovar å verne Sør-Afrikas jødar mot antisemittisme.

Advokaten Mandy Yachad, som er jødisk, er ikkje roleg:

– Som minoritetsgruppe i Sør-Afrika kjenner det jødiske samfunnet seg trua. Eg kjenner meg mykje mindre stolt over å vere sørafrikanar i dag enn eg var for tre månader sidan, fortel han til Financial Times.

Massiv innvandring, så utvandring

Jødane kom til landet heilt sør på det afrikanske kontinentet saman med portugisiske oppdagarar, men slo seg ned først då nederlendarane byrja å kolonisere landet.

Då britane fekk fotfeste byrja det å komme mange jødar – frå 1880 til 1914 steig talet frå 4.000 til 40.000. Storparten av immigrantane kom frå land i Europa, som Slovos og Goldbergs familiar – dei kom frå Litauen.

Toppen kom i 1970-åra. Då budde det kring 120.000 jødar i Sør-Afrika. Utvandringa byrja for alvor då apartheid-regimet kom under hardt internasjonalt press på 1980-talet, og heldt fram i åra etter at Nelson Mandela blei statssjef i 1994.

Mange fann vegen til USA, Canada, Storbritannia, Australia og New Zealand.

slovo

Heidrar gislane i Gaza på butikken i Johannesburg

I Sør-Afrikas kommersielle hovudstad Johannesburg ligg bydelen Glenhazel, kjent som eit livleg jødisk samfunn. Her går menn med kippa på hovudet.

På langveggen til supermarknaden KosherWorld har butikkeigar Joel Baum stifta opp 100 plakatar. Alle har eit foto av eit gissel som sit i Hamas´ varetekt i Gaza.

– Det var ei emosjonell oppleving då me sette dei opp, fortel Baum til dw.com. Han er sjølv jøde.

Han likar ikkje avgjerda til regjeringa i Pretoria.

– Me er ikkje samde politikken regjeringa fører akkurat no. Politikk har sitt eige momentum, men lat oss vente og sjå, det kjem snart eit val.

Sør-Afrika skal velje nytt parlament i vår, og med det ny regjering. ANC kan miste fleirtalet partiet har hatt sidan det første frie valet i 1994.

Melde seg ut i protest

Gabriella Farber-Cohen var talskvinne for ANCs kvinneavdeling fram til oktober i fjor. Ho trekte seg etter at ANC vegra seg mot å omtale Hamas-åtaket på Israel som terror, og fordømme massakren.

– I ei veke venta eg, seier ho til Jewish Report.

– Gang på gang understreka eg at å fordømme Hamas ikkje betydde at ANC ville selje ut støtta til den palestinske saka. Eg spurde kvifor ANC, eit parti som står for menneskerettar, nekta å anerkjenne den smertefulle krenkinga av mitt folk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter