Nyheter

Religionsprofessor har meldt Vinmonopolet-sjef til politiet

PALESTINA: Professor Dag Øistein Endsjø har meldt direktøren i Vinmonopolet til politiet. Grunnen er sal av to vinar frå israelsk-okkupert område.

– Eg set pris på menneskerettar og meiner det er viktig å respektera internasjonal rett. Derfor gjer eg dette.

Det seier Dag Øistein Endsjø til Vårt Land. Han er professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo. Torsdag melde han administrerande direktør i Vinmonopolet Elisabeth Hunter til politiet.

Han skuldar pol-sjefen for heleri, ved å ha utbyte av ei straffbar handling. Politimeldinga gjeld to vinar frå israelsk-okkuperte område på Vestbreidda, som Vinmonopolet har hatt i sitt bestillingsutval.

I politimeldinga bruker Endsjø sterke ord, og viser til fleire paragrafar i straffelova. Han skuldar Elisabeth Hunter for å ha utbyte frå både tjuveri, brotsverk mot menneskeheita og krigsbrotsverk.

Vinmonopolet er kjend med politimeldinga, men seier til Vårt Land at selskapet ikkje vil kommentera den.

Meiner utbytet kjem frå krigsbrotsverk

Vinane er produsert i ei israelsk busetting som ligg mellom dei palestinske byane Ramallah and Nablus. Størsteparten av denne busettinga er bygd på privat palestinsk land, skriv Dag Øistein Endsjø i meldinga og viser til organisasjonen Peace Now og avisa The Times of Israel.

Han meiner dette gjer at vinproduksjonen kjem under den norske straffelovas definisjon av tjuveri. I tillegg koplar han inn paragrafar som dekker brotsverk mot menneskeheita og krigsbrotsverk.

Vinprodusenten Gva’ot Winery er grunnlagt av ein israelsk busettar.

– Sjølve etableringa av Gva’ot Winery er basert på at den israelske staten overfører ein del av sin eigen sivilbefolkning til eit okkupert område, som ifølgje straffelova er ei krigsbrotsverk, seier Endsjø til Vårt Land.

I politimeldinga skriv han at israelske militære hindrar dei rettmessige eigarane tilgang til eigedommane sine. Det koplar han til straffelovas definisjon av forbryting mot menneskeheita, som inkluderer at nokon «deporterer eller tvangsflytter en befolkning i strid med folkeretten».

I 2022 gav Dag Øistein Endsjø ut ei fagbok om religion og menneskerettar.

Vinbonde starta busetting på Vestbreidda

Vingarden Gva’ot Winery er grunnlagt av den israelske busettaren Shivi Drori. Nyheitsbyrået AP skildrar korleis han som ung bonde i 1998 tok med tre trailerar til ein bakketopp langt inne på Vestbreidda. Der starta han med å planta bringebær. Det var starten på busettinga Givat Harel.

g

Givat Harel var del av den israelske busetting-boomen på 1990-talet. Busettarane var oppmuntra av dåverande utanriksminister Ariel Sharons råd om å «løpa og ta» palestinske bakketoppar.

– Me oppfylte regjeringas ønsker, berre på ein merkeleg måte, seier vinbonde og busettar Shivi Drori til AP. Han seier at det ikkje var palestinarar i området då han etablerte busettinga.

I fjor vart Givat Harel anerkjend av Israels nasjonalistiske høgreregjering, saman med åtte andre busettingar.

Kjenner meldinga gjennom media

Dag Øistein Endsjø har tidlegare omtala planane om å melda Vinmonopolet i ein kronikk i Nettavisen.

– Me har ingen kommentarar til sjølve politimeldinga anna enn at me har registrert gjennom media at den skal koma, skriv samfunnskontakt i Vinmonopolet, Halvor Bing Lorentzen, i ein e-post til Vårt Land.

Han skriv at Vinmonopolet ikkje er blitt kontakta av politiet. Han stadfester at dei to vinane frå Gva’ot Winery er eller har vore i bestillingsutvalet, men ikkje er å få tak i no.

– Årsaka kjenner eg ikkje. Dette er jo ikkje produkt som Vinmonopolet har etterspurd, skriv han.

Har vist til alkohollova og norske politikarar

Vinmonopolet har tidlegare visa til at selskapet ikkje tek eigne utanrikspolitiske vurderingar. Boikott-forslag er nyleg stemt ned i Stortinget.

Selskapet har også vist til alkohollova, som slår fast at selskapet ikkje kan forskjellsbehandla leverandørar på grunnlag av nasjonalitet eller land.

d

Elisabeth Hunter har vore administrerande direktør i Vinmonopolet sidan 2019. Vårt Land spør Endsjø kvifor han melder henne personleg og ikkje Vinmonopolet som selskap, til politiet.

– Fordi ho er den ansvarlege. Ho må svara på kvifor Vinmonopolet ønsker å stå ansvarleg for ein slik import, svarer Endsjø.

Ikkje lenger til sals

Vårt Land har i fleire artiklar sett søkjelys på Vinmonopolets sal av vinar frå israelske busettingar. I fjor vart det seld 3.839 liter vin frå israelsk-okkuperte område på Golanhøgdene og Vestbreidda.

I dag har Vinmonopolet inne sju vinar frå israelsk-okkuperte område. Dei to vinane Endsjø trekker fram i politimeldinga, er i dag ikkje til sals.

– Eg trekte fram desse vinane sidan dette er dei beste døma på utbyte av heleri. Her er det tydelegast snakk om utbyte frå straffbare handlingar. Eg kjenner ikkje til den detaljerte historia til vinane frå Vestbreidda og Golanhøgdene som er til sals på Vinmonopolet no, seier Endsjø til Vårt Land.

Ber politiet sjå på andre okkuperte område

Dag Øistein Endsjø oppmodar politiet om å etterforska personar som driv annan handel i okkuperte område. Han trekker mellom anna fram russiskokkuperte område i Ukraina, Georgia og Moldova.

– Det er viktig å understreka at politimeldinga ikkje gjeld israelske varer, men varer frå okkuperte område. Eg har vore i kontakt med aktivistar som ønsker å bruke same argumentasjon i saker rundt handel med Vest-Sahara og import av frukt og grønt frå israelsk-okkuperte område, seier Endsjø.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter