Nyheter

Bestefars synd sender familien på gata. Sjokket kom i brun konvolutt

OPPGJERETS TIME: Kvinna trudde ho budde trygt. Sonen skulle arve barndomsheimen. Så låg eit 16 sider langt brev i postkassa.

Livet var godt i Wegener strasse 2.

Frå hagen rundt murhuset i den vesle landsbyen Wandlitz, tre mil nord for Berlin, var det ein kort rusletur ned til innsjøen Wandlitzer See.

Gabriele Lieske er 83 år. Ho var barn under ein verdskrig, vaks opp i ein kommuniststat, blei pensjonist i eit samla Tyskland.

Når ho stig ut av livet skulle sonen Thomas overta Wegener strasse 2.

Kontoret for opne eigedomsspørsmål

Konvolutten var brun. Avsendaren var offisiøs.

Bundesamt für zentrale Dienste und offene Vermögensfragen.

Eller: Forbundskontoret for sentrale tenester og opne eigedomsspørsmål.

Innhaldet var meisla ut over 16 sider. Bodskapen var brutal. Bestefars løyndom kom for ein dag. Huset i Wegener strasse 2, med romsleg tomt, tilhøyrer ikkje Gabriele Lieske.

Den vesle familien blir pålagt å flytte ut.

Den reelle eigaren har kontor i New York, og driv inn verdiar som kjem eldre menneske til gode, menneske som har lite å rutte med i alderdommen.

holo

245.000 overlevande frå folkemordet

Conference on Jewish Material Claims Against Germany – eller i kortform berre Claims Conference – blei skipa i 1951.

Konferansen om jødiske materielle krav mot Tyskland er ein ideell organisasjon som sikrar materiell kompensasjon til Holocaust-overlevande over heile verda.

Han løyser inn eigedommar som tilhøyrde jødar, sel dei på den opne marknaden, gjev pengane til institusjonar som yter sosiale velferdstenester til dei som overlevde nazistanes industrielle folkemord – og bevarer minnet og lærdommen frå Holocaust.

Kravkonferansens ferske kartlegging viser at dei overlevande er ein talrik flokk.

Kring 245.000 i vel 90 land, halvparten bur i Israel, er mellom 77 og godt over 100 år – snittalder 86, 95 prosent var barn under Holocaust, seks av ti er kvinner.

Fire av ti mottok ei velferdsteneste i fjor, betalt med pengar frå Kravkonferansen.

Loven kravde tvangssal

Alice Donat. Helene Lindebaum. Kvinnene dreiv barneheim i Wandlitz, tre mil nord for Berlin.

Tante Alice var særleg godt likt av barna. Ho las godnatthistoriar, bada i innsjøen med dei, serverte mat ute når vêret var godt.

Barna delte to lagnadar. Dei var foreldrelause, dei var jødiske.

Alice Donat og Helene Lindebaum var også jødiske. Difor stod dei brått på bar bakke i 1939.

Rikskanslar Adolf Hitler innførte nye lover som alle regulerte jødiske liv i Tyskland. Nürnberglovene forbaud tyske jødar å eige fast eigedom.

Difor mista Donat og Linebaum den store murvillaen i 1939. Nazistane tvinga kvinnene til å selje hus og hage til han som kunne innfri kravet.

«Eg er arisk», stadfesta Felix Moegelin, tekstilhandlar.

For 21.500 riksmark skaffa han seg ein romsleg bustad i eit naturflott rekreasjonsområde.

xx

Valde å teie om hushandelen

Claims Conference byrja allereie i 1951 å spore opp jødisk eigedom, som stod utan eigarar eller arvingar, i Tyskland.

Men krava nådde ikkje Wandlitz, tre mil nord for Berlin.

For då krigen gjekk over i freden i 1945 delte eit jernteppe Europa i to, og Tyskland i to.

I DDR, Deutsche Demokratische Republik, avviste dei Konferansen om jødiske materielle krav mot Tyskland, og med det alle krav om å føre tilbake ariskifiserte eigedommar, til jødiske eigarar. DDR-staten betalte heller ikkje ut erstatningar til Holocaust-overlevande.

Difor gjekk huset i Wegener strasse 2 vidare til neste generasjon, og til neste generasjon.

Felix Moegelin var bestefar til Gabriele Lieske.

Han døydde i 1943, kona i 1961. Dei tok husløyndommen med seg i grava.

---

Nazioppgjer

  • Kring 245.000 Holocaust-overlevande lever i vel 90 land, om lag halvparten bur i Israel.
  • Organisasjonen Conference on Jewish Material Claims Against Germany har sidan 1951 forhandla fram erstatningar og kompensasjonar til Holocaust-overlevande.
  • No blir dei siste sakene frå gamle Aust-Tyskland sluttførte.

---

Kan få bu i huset livet ut

I 1990 gjekk austportane opp for Claims Conference. Tyskland blei samla til éin nasjon.

Eigedom for 2,4 milliardar euro, eller vel 27 milliardar kroner, er realisert. 16.800 saker er løyst.

Striden om Wegener strasse 2 er uløyst.

Mor og son Lieske meiner dei burde fått vite løyndommen til huset straks etter samlinga, for då hadde dei evna å løyse ut kravet. I 1990 var marknadsverdien rundt ein tidel av dagens takst, nesten 17 millionar kroner. Så store summar har ikkje Lieskes.

I Claims Conference er det lite trøyst å hente. Huset tilhøyrde Alice Donat og Helene Lindebaum. Punktum.

Tysklands etterkrigslover er klare: Eigedom kan ikkje gå i arv til familiemedlemmer av han, ho eller dei som ariskifiserte han i åra fram til 1945.

Men Lieskes kan få bu i huset så lenge Gabriele lever.

Tilbodet er avvist. Saka blir heller prøvd i domstolen. I første rettsinstans tapte dei.

Gjekk ut av tida. I ein dødsleir

På Forbundskontoret for sentrale tenester og opne eigedomsspørsmål er det heller ikkje trøyst å få.

Med hjelp av tvangsmiddel på rasemessige, politiske, religiøse eller ideologiske grunnlag blei eigedom ulovleg beslaglagt mellom 1933 og 1945, melder byråkratane i Berlin.

Desse tapa blir erstatta ved at eigedommane blir leverte tilbake til dei rette eigarane – og omfattar også gamle Aust-Tyskland.

Alice Donat og Helene Lindebaum gjekk ut av tida i ein dødsleir.

Dei to jødiske kvinnene blei sendt til Auschwitz. Tante Alice saman med eit brødrepar frå barneheimen. Eldstemann overlevde konsentrasjonsleiren, yngstemann ikkje.

Han, Alice og Helene blei tre av alt seks millionar som måtte bøte med livet.

kvinner

Hentar inn milliardar til overlevande

I 73 år har Conference on Jewish Material Claims Against Germany ført årlege forhandlingar med særleg tyske styresmakter, om kompensasjonar og erstatningar.

950 milliardar kroner er blitt omfordelt sidan 1951.

Berre i år vil Claims Conference betale ut 5,6 milliardar i direkte kompensasjon til over 115.000 Holocaust-overlevande i 84 land og løyve 9,4 milliardar kroner i tilskot til over 300 organisasjonar verda over som yter tenester til Holocaust-overlevande, som mat, medisin og heimehjelp.

Greg Schneider, Executive Vice President i Claims Conference, seier det slik:

Å kunne sikre direkte utbetalingar til overlevande, i tillegg til å utvide velferdstenestene, er avgjerande for å sikre at alle Holocaust-overlevande blir tatt hand om så lenge det er naudsynt, og dekkjer behovet til den einskilde.

I Wegener strasse 2 i Wandlitz bur mor og son Lieske seg på ankerunden i domstolen.

Dei ventar på dommen.

Kjelder: Der Spiegel, Jewish Cronicle, katjahoyer.no, Claims Conference, Berlingske, BADV

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter