Nyheter

Servitørar jobba dugnad under NHO-konferansar

FEST FOR FIFFEN: Mange av servitørane under NHOs årskonferanse jobba på dugnad for eit selskap med fleire band til Brunstad Christian Church. NHO seier det same har skjedd under tidlegare konferansar og beklagar praksisen.

Det var høg kjendisfaktor då NHO inviterte til årskonferanse 9. januar i år. Kronprins Haakon, statsminister Jonas Gahr Støre, Høgre-leiar Erna Solberg og oljefond-sjef Nicolai Tangen var blant dei som kasta glans over konferansen i Oslo Spektrum.

Mange av dei som stod for servering under NHO-konferansen, jobba dugnad denne dagen. Dei hadde signert ei erklæring om at inntektene skulle gå til eit selskap knytt til Brunstad Christian Church (BCC) i Horten. BCC er tidlegare kjend som Smiths vener.

Også under tidlegare årskonferansar er det brukt frivillige, opplyser NHO til Vårt Land. NHO seier dei ikkje kjente til praksisen, men at dei beklagar at det er skjedd.

Samtykka til å gje vekk inntekta

Det var selskapet Adal Multiservice AS som leverte rundt ein tredel av timeverka brukt til servering under NHOs årskonferanse. Det opplyser Iman Winkelman ved Nova Spektrum, som arrangerte konferansen.

– Me har innhenta frivilligerklæring frå alle som var på jobb for Adal Multiservice under NHOs årskonferanse. I erklæringa samtykker dei at dei gjer frå seg eiga inntekt og at inntekta skal tilfalla Adal Multiservice, skriv Winkelman i ein e-post til Vårt Land.

h

Adal Multiservice er eigd av den ideelle stiftinga Dal Gård. Ifølgje eiga nettside tek Adal Multiservice AS på seg «arbeidsoppdrag innan varetelling, flyttejobber, søppelplukking og andre typer oppdrag som normalt blir utført på dugnad av allmennyttige organisasjoner.»

Ifølgje Dagbladet var det 22 servitørar som jobba for Adal Multiservice under årskonferansen.

Adal: Alt overskot går til kristent arbeid

– Me har ein heilt ordinær avtale med Oslo Spektrum, og har full openheit der oppdragsgjevar er godt kjend med at me brukar frivillige. Frivillig innsats er ein viktig berebjelke i forretningslivet både innan idrett og kyrkjeliv. Både fotball- og handballklubbar er ofte avhengige av dugnadsjobbar for å tena pengar til drift.

Det skriv Mathias Vetsch, styreleiar i Adal Multiservice, i ein e-post til Vårt Land.

Adal Multiservice har fleire band til BCC Horten. Vårt Land har spurt om pengane Adal Multiservice har fått frå NHOs årskonferanse, har gått til BCC.

– Alt overskot i Adal Multiservice går til vårt lokale kristne arbeid i Horten, mellom anna til aktivitetar for ungdom, skriv han.

BCC Horten – eller Brunstad Kristelige Menighet Horten – omtaler seg på nettsidene sine som er «en kristelig kyrkjelyd som teologisk er knytt til Brunstad Christian Church (BCC)», men som er økonomisk og juridisk frittståande.

I september 2021 vart Brunstad Christian Church (BCC) teken opp som fullverdig medlem i Norges Kristne Råd.

NHO: – Uheldig og beklageleg sak

NHO beklagar at det vart brukt frivillig arbeid under årskonferansen.

– Dette er ikkje ein type arbeid vi ønskjer å bruka. Me er opptekne av at det skal vera ryddige og ordentlege løns- og arbeidsvilkår og difor er dette ein uheldig og beklageleg sak, skriv Gjermund Løyning, ansvarleg for årskonferansen i NHO, i ein e-post til Vårt Land.

d

Han seier at NHO har fått vite av arrangøren i Oslo Spektrum at ein av dei faste underleverandørane dei brukar til å skaffa personell til arrangement, nyttar frivillig arbeid.

– Dette var tilfellet på årets konferanse og det har også vore tilfellet på tidlegare årskonferansar. Etter det vi har klart å finna ut, var denne informasjonen ukjent for oss i NHO sentralt. Dette er absolutt noko me burde visst om, skriv Gjermund Løyning i NHO.

Arrangøren: Me er lei oss

Gjermund Løyning skriv at NHO har fått stadfesta frå Nova Spektrum at alle arbeidstakarar, både eigne og innleigde, knytt til årskonferansen har ei timeløn som svarar til tariff. Dette gjeld også dei frivillige frå Adal Multiservice, sjølv om dei ikkje blir rekna som arbeidstakarar i lovverket.

NHO meiner Nova Spektrum burde orientert om bruken av frivillige, men Løyning seier saka er ei påminning om kor viktig det er å gjera aktsomheitsvurderingar i heile leverandørkjeda.

Stiftinga Nova Spektrum eig og driv Nova Spektrum i Lillestrøm og Oslo Spektrum.

Iman Winkelman ved Nova Spektrum lover ein gjennomgang av eigne rutinar.

– Me er lei oss for å ha skapa utfordringar for ein viktig kunde av vår verksemd, og vil ta ein gjennomgang av rutinane og leverandørane våre for å vera trygg på at framtidige kundar ikkje hamnar i ein situasjon der dei tek imot kritiske spørsmål i forlengelsen av underleverandørane me gjer nytte av, skriv Winkelman i ein e-post til Vårt Land.

Fleire koplingar til Brunstad Christian Church

Det er fleire koplingar mellom Adal Multiservice AS og trussamfunnet Brunstad Christian Church (BCC) i Horten.

  • BCC Horten deler same bedriftsadresse som Adal Multiservice AS.
  • Styreleiar i BCC Horten, Kjetil Nilsen, er også styremedlem i Adal Multiservice AS. Han har tidlegare vore i styret til Dal Gård Eiendom AS.
  • Adal Multiservice AS vart oppretta i 2010 av Knut Erik Haukelidsæter og Per Konrad Østern. På den tida var Østern styreleiar i BCC Horten, og Haukelidsæter var styremedlem. Begge var også knytt til Dal Gård Eiendom AS.
  • Fram til mai 2020 var Adal Multiservice eigd av Dal Gård Eiendom AS, som igjen var heileigd av BCC Horten. Etter dette vart eigarskapen av desse selskapa flytta frå kyrkjelyden inn i eit nytt selskap: Dal Gård Holding AS.
  • Stiftinga Dal Gård har som formål å fremme den lære, de verdier og det kristelige innhold Johan O. Smith stod for, slik det fremkommer i bladet Skjulte Skatter, i boken Johan O Smiths Etterlatte Brev og «for øvrig slik Forstanderskapet i Brunstad Christian Church har fastsatt». Det kjem fram i stiftingas vedtekter. Johan O. Smith grunnla trussamfunnet som i dag er kjend som Brunstad Christian Church.

Arbeidstilsynet i 2020: Lovleg dugnad

Direktoratet for Arbeidstilsynet har tidlegare sett på dugnadsselskapa til det som då heitte Smiths Venner. I 2020 slo direktoratet fast at Smiths venners dugnadsselskap er organisert på lovleg vis.

Det skjedde etter at kyrkjelyden hadde klaga inn eit pålegg frå Arbeidstilsynet der det stod at dei frivillige arbeidarane måtte få løn og skriftlege arbeidskontraktar.

Dåverande styremedlem i Brunstad Christian Church (BCC), Finn Åge Ødegård, sa i ei pressemelding frå BCC at dei var glade for denne avklaringa.

– Me set stor pris på direktoratets stadfesting på at vår måte å organisera dei frivillig sitt store engasjement er lovleg, uttalte han.


Endringslogg: Oppdatert tysdag 13. februar 09:35 med uttaling frå Adal Multiservice og informasjon om tidlegare sak i Arbeidstilsynet.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Eivind Nicolai Lauritsen

Eivind Nicolai Lauritsen

Eivind Nicolai Lauritsen er nyhetsleder på innenriksavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter