Nyheter

Staten dreg inn herrelaus arv, gjev han til barn og unge

ARV: Kvart år døyr nordmenn som ikkje har arvingar. Difor kan staten gje større summar til kristne ungdomsorganisasjonar.

Berre i fjor blei det delt ut 11,5 millionar kroner gjennom ordninga som no ber namnet Aktivitetsstøtta. Fram til i fjor heitte posten på statsbudsjettet til Kulturdepartementet Herreløs arv. Støttepotten blir administrert av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner.

Dei tre siste årene er det totalt delt ut 28,3 millionar kroner, viser tal Vårt Land har henta inn frå Aktivitetsstøtta.

Mellom dei som fekk utbetalt maksimumssummen på 300.000 kroner, etter søknad, var Acta barn og unge i Normisjon, KFUK-KFUM Norge og Normisjon region Rogaland.

Mellom dei som fekk mindre enn 300.000 var KFUK-KFUK Speiderne, Normisjon region Agder, Normisjon region Øst, KrFU, Kristen idrettskontakt (KRIK) og Normisjon region Vestfold Buskerud.

Staten tok lenge arven

Lenge var det slik staten tok hand om herrelaus arv – og sende millionane til statskassa. Fram til 2015 sa nemleg arveloven:

«Har arvelataren ikkje slektningar eller ektemake som arvar han, og har han ikkje gjort testament om arven, går arven til staten.»

No får barn og unge

Statens arverett blei avskaffa i 2015. No seier arveloven:

«Har avdøde ikkje slektningar, ektemake eller sambuar som arvar han, og har han ikkje gjort testament om arven, skal nettoformuen fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. Kongen kan i forskrift gi nærmare føresegner om ordninga for fordeling av formuen til slik verksemd.»

Difor får LNU millionar til utdeling til arbeid mellom barn og unge.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter