– Det har vore nødvendig å gjere ei grundig vurdering av oppkjøpet. Vi har no konkludert med at dette oppkjøpet ikkje i stor grad vil hindre effektiv konkurranse i den norske luftfartsmarknaden Derfor kan oppkjøpet no gjennomførast, seier konkurransedirektør Tina Søreide.
1,1 milliardar
Flyselskapa vart 17. november varsla om at tilsynet kunne komme til å stanse oppkjøpet. Etter at dei gav tilsvar, har tilsynet gjort fleire analysar og vurderingar og komme til at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å stanse oppkjøpet.
Det var i juli at flyselskapet Norwegian kunngjorde at dei kjøper Widerøe for 1,1 milliardar kroner.
– Dette er ein milepæl i norsk luftfartshistorie, sa konsernsjef Geir Karlsen i Norwegian.
Oppkjøpet vil, ifølgje Norwegian, gi kundane eit betre rutetilbod, fleire valmoglegheiter og bidra til å sikre norske arbeidsplassar.
Skal halde fram som eige selskap
Planen er at Widerøe skal halde fram som eige flyselskap med eiga merkevare, organisasjon og med hovudkontor i Bodø.
– Vi er to norske flyselskap som har levd side om side i mange år, og til saman kjenner vi luftfartsmarknaden i landet svært godt. No vil vi saman skape eit endå betre og heilskapleg tilbod for alle passasjerane våre, og vi ser fram til at kundane kan reise enkelt og saumlaust på tvers av rutenettverka våre, sa Karlsen i sommar.
Til saman vil selskapa fly totalt 107 ulike ruter i Noreg. Av desse er berre er fem ruter overlappande.
Norwegian er det største norske flyselskapet og har rundt 4500 tilsette. Widerøe er det største regionale flyselskapet i Skandinavia med rundt 2500 tilsette. Selskapet flyg til 49 destinasjonar i Noreg og Europa.