Nyheter

SV: Semje om nær ein halv milliard ekstra til bistand i saldert budsjett

SV og regjeringspartia har vorte samde om å auke bistanden med nesten ein halv milliard kroner i korrigering av 2023-budsjettet.

Det er klart etter forhandlingar om den såkalla nysalderinga, altså korrigering av 2023-budsjettet.

– Desse pengane er det er skrikande behov for, skriv utanrikspolitisk talsperson Ingrid Fiskaa i SV i ein e-post til NTB.

Delar av summane går til konfliktramma område som Gaza, Somalia og Sudan. I tillegg blir klimafondet styrkt, som fleire land allereie første dag av klimatoppmøtet i Dubai kunngjorde at dei ville betale store summar inn til.

Slik vil bistandspengane bli fordelte:

  • 20 millionar kroner til kunnskapsbank og fagleg samarbeid, inkludert programmet Skatt for Utvikling.
  • 20 millionar kroner til sivilt samfunn.
  • 100 millionar kroner til humanitær nødhjelp på Gazastripa.
  • 25 millionar kroner til humanitær nødhjelp i Sudan.
  • 25 millionar kroner til humanitær nødhjelp i Somalia.
  • 268 millionar kroner (auke på 25 millionar kroner) til klimafondet, som skal gå til tap og skade etter klimaendringar.


NTB Nyheter

NTB nyheter

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter