Han kunne samle familien etter 48 dagar

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: I 48 dagar vaka og venta Yoni Asher på at Hamas skulle gje slepp på familien hans.

HAMAS
FAMILIEN SAMLA: Yoni Asher klemmer døtrene Aviv og Raz på eit sjukehus i Israel. Døtrene og kona Doron var gislar hjå Hamas i Gaza i 48 dagar.
Publisert Sist oppdatert

Endeleg kunne han klemme døtrene Aviv (2) og Raz (4) inntil seg – og kona Doron. Familiesamlinga fann stad på eit sjukehus i Israel.

Men Yoni Asher slepp ikkje jubelen laus. Han feirar ikkje frigjevinga av familien. På ein video Asher har lagt ut på X – tidlegare Twitter – og som avisa Haaretz siterer, forklarar han kvifor:

– Det er greitt å glede seg, og å felle ei tåre, det er ein menneskeleg reaksjon, men eg feirar ikkje og vil ikkje feire før den siste kjem tilbake.

Powered by Labrador CMS