– La oss be om fred i det heilage landet. La oss be om at vanskane løyser seg gjennom dialog og forhandlingar, og ikkje fører til eit fjell av døde på kvar side av konflikten, seier den 86 år gamle paven.
Han refererer til krigen mellom Israel og Hamas på Gazastripa, som har gått føre seg sidan 7. oktober.
Etter litt over seks veker med krig har rundt 16.000 menneske vorte drepne i Gaza, Israel og på den okkuperte Vestbreidda.