Nyheter

Høgre-nestleiar etter Økokrim-konklusjon: – Betyr ikkje at alt er avgjort

HØGRE: Høgre-nestleiar Henrik Asheim seier det ikkje er avgjort kven som blir statsministerkandidaten til partiet i 2025 trass Finnes-konklusjonen frå Økokrim fredag.

– Som Erna gjorde greie for på pressekonferansen og har sagt heile tida, er jo det ein lengre prosess. Dette er ein viktig milepæl, men det betyr ikkje at alt no er avgjort, eller at Høgre ser bort frå kor alvorleg saka er, seier Asheim til E24.

Nestleiaren seier han er letta, men også redd for at habilitetsrotet kan gi eit inntrykk hos veljarane av at norsk politikk blir prega av inhabilitet.

– Dette med innsidehandel og habilitet, det er ein diskusjon som vi må ha i partiet framover, som Erna må tenkje på, og som veljarane må ta stilling til, seier Asheim til NTB.

– Det er ein jobb å kunne gjenreise tilliten. Så håpar eg at folk trur på det, då, at dette ikkje er noko som pregar norsk politikk, legg han til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter