Nyheter

VG: Justisministeren opprettar varslingsombod for politiet

POLITIET: Det nye ombodet skal behandle alvorlege varslingssaker i politietaten, og skal starte arbeidet neste år.

– Eg er glad for at vi kan gå ut med nyheita om at vi no får etablert eit varslingsombod for politietaten, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til VG.

Etableringa av eit slikt ombod har vore etterspurt i ei årrekkje.

– Det har komme opp mange store varslingssaker over mange år, som er noko av grunnen til at vi verkeleg har teke dette på alvor, seier Mehl.

No er planen at det nye varslingsombodet startar opp arbeidet i mars neste år, skriv avisa.

Sivilrettsforvaltinga på Hamar skal stå for drifta, og ordninga skal evaluerast etter eitt års drift.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter