Nyheter

Frp: Skipa er den forlenga armen til menneskesmuglarane

VIL TIL EUROPA: Redningsbåtar som plukkar opp skipbrotne migrantar og flyktningar i Middelhavet bør miste det norske flagget. Dei skadar Norges omdømme, meiner Framstegspartiet.

Straumen av migrantar og flyktningar inn i Europa skaper kraftige politiske spenningar i EU. Kommisjonen la fram forslag til asylreform i 2020, men krangelen om krisemekanismen har fått arbeidet til å stoppe opp.

EU-landa i nord fryktar særleg av medlemslanda langs Middelhavet vil vere raske til å trykkje på kriseknappen og sende migrantar og flyktningar nordover.

Medan EU prøver å løyse asylstriden, ønskjer Framstegspartiet å straffe dei som driv redningsarbeid i Middelhavet.

Når Stortinget opnar tysdag står Erlend Wiborg (Frp) klar med eit privat lovforslag:

«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag, for å sikre hjemmelsgrunnlag til å tilbakekalle et skips rett til å segle under norsk flagg av hensyn til nasjonale interesser.»

Frp vil sende båtreisande tilbake til Nord-Afrika

– Skipa som er leigt inn av ulike hjelpeorganisasjonar blir den forlenga armen til menneskesmuglarane som sender store grupper migrantar over Middelhavet til Europa, seier Wiborg til Vårt Land.

Han er innvandringspolitisk talsmann i Frp.

– Skipbrotne skal sjølvsagt få hjelp, dei skal bli plukka opp frå havet. Men dei skal ikkje bli frakta til Europa, men tilbake til hamnene dei kom frå, i Tunisia og Libya, meiner Wiborg.

– Kvifor?

– No ser me starten på ei ny migrantbølgje til Europa. Norge skal prioritere å hjelpe flyktningane frå Ukraina, andre må få hjelp i nærområda. Dei må ikkje leggje ut på den farlege ferda over havet, forklarar Wiborg.

The Ocean Viking rescue ship enters in the commercial port of Taranto in Taranto, southern Italy, Wednesday, Oct. 16, 2019. The ship run by SOS Mediterranee rescued 176 migrants. (Ingenito/ANSA via AP)

«Me etterlet ikkje folk på havet»

To norskeigde skip seglar i dag i Middelhavet. Ocean Viking er leigd inn og blir drifta av organisasjonen SOS Méditerranée. Geo Barents blir operert av Leger uten grenser.

På begge vaiar det eit norsk flagg i masta. Vårt Land ringjer Karstein Høyland, eigar og styremedlem i Høyland Offshore, som eig Ocean Viking.

– Kva tankar gjer du deg om forslaget frå Frp?

– Det har eg ingen tankar om. SOS Méditerranée leiger båten. Og me er uansett sjøfolk, me etterlet ikkje folk på havet.

Skipa som er leigt inn av ulike hjelpeorganisasjonar blir den forlenga armen til menneskesmuglarane som sender store grupper migrantar over Middelhavet til Europa

—  Erling Wiborg, Framstegspartiet

Fleire vil drukne

Leger uten grenser, som opererer redningsskipet Geo Barents, reagerer kraftig på forslaget Frp fremmar:

«Et hvert forsøk på å stanse Leger uten grensers livreddende arbeide i Middelhavet vil føre til at enda flere mennesker vil drukne. Søk- og redningsarbeidet til de norske båtene i Middelhavet er regulert av internasjonale konvensjoner som Norge har ratifisert, i hovedsak Internasjonal konvensjon om ettersøking og redning til sjøs (SAR-konvensjonen) og Havrettskonvensjonen», skriv maritim rådgjevar Jack Herheim i ein epost til Vårt Land.

Hittil i år har 2.356 forsvunne i Middelhavet i forsøk på å nå Europa i skrøpelege farkostar, melder IOM som overvakar båttrafikken. I heile 2022 enda dødstalet på 2.411 personar.

ARKIV: 785 båtflyktninger ble reddet i Middelhavet og satt i land i Italia av det norske skipet Siem Pilot en lørdag i fjor sommer. Migrantene ble plukket opp av tre italienske kystvaktskip, brakt om bord i det norske skipet og satt i land i Palermo på den italienske øya Sicilia lørdag morgen. De fleste av dem oppgir å være fra Eritrea.

Regjeringa betalte for redningsskip

I 2015 vedtok Solberg-regjeringa at Norge skulle delta i Frontex-aksjonen som redda migrantar og flyktningar i Middelhavet. I nesten to år betalte Norge for å ha til saman tre skip på havet. Frp sat i regjeringa. Frontex er EUs grensevaktbyrå.

– Kva skil dette engasjementet frå det dei frivillige organisasjonane driv i dag?

Erling Wiborg svarar:

– Det var noko regjeringa valde å gjere, og eg stiller spørsmål om det var klokt.

Me etterlet ikkje folk på havet

—  Karsten Høyland, skipsreiar

Skadar Norges omdømme

Når Framstegspartiet og Wiborg skal forklare kvifor dei vil ta flagget frå norske skip som blir brukte som redningsbåtar, er dette hovudargumenta:

  • Skipa er med å auke migrasjonspresset mot Schengen-området, særleg mot medlemslanda ved Middelhavet.
  • Dette utfordrar igjen asylsystemet i Schengen, og kan skape gnissingar mellom medlemslanda i Schengen, der Norge er med.
  • Redningsaktiviteten skadar Norges internasjonale omdømme og diplomatiske band til landa ved Middelhavet.

Wiborg peikar på hending i fjor haust: Då Ocean Viking plukka opp ei større gruppe skipbrotne kravde Italias visestatsminister at det norskflagga skipet burde søkje hamn i Norge, og ikkje setje dei 234 migrantane og flyktningane i land i Italia.

– Slikt er ikkje heldig for Norge, meiner Wiborg.

Ingen ville til Norge

Enden på striden om kva land som skulle ta i mot 234 enda med at Frankrike let dei gå i land i ei fransk hamn – og Støre-regjeringa lova å ta 20 reelle asylsøkjarar til Norge.

Men kvoten blei ikkje brukt.

– Når det gjeld dei 20 som blei plukka opp av Ocean Viking, så var dette ei frivillig ordning mellom Norge og Frankrike, og det var ingen som ønskte å reise til Norge, fortel Torun Mølstad til Vårt Land. Ho er assisterande direktør for avdelinga beskyttelse i Utlendingsdirektoratet.

---

Flaggstat

  • Flagget viser kva flaggstat eit skip offisielt seglar under.
  • Flaggstaten er styresmakta som har autoritet og ansvaret til å gjennomføre reguleringar andsynes skip og fartøy som er registrerte under dette flagg.
  • Norge har Norsk Ordinært Skipsregister og Norsk internasjonalt skipsregister.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter