Nyheter

Geir Pollestad vil stagga kommunar som bygger ned matjord

JORDVERN: Norske kommunar planlegg å bygga ned 140.000 dekar matjord. Det kan dei berre gløyma, er beskjeden frå landbruksminister Geir Pollestad (Sp). Han sender no ut brev til alle kommunane.

– No er det komne inn nye representantar i kommunestyra. Det er viktig at dei tek inn over seg kva ansvar som ligg på dei, seier Geir Pollestad (Sp) til Vårt Land.

Den relativt ferske landbruksministeren har ein beskjed til endå ferskare kommunepolitikarar: Ligg unna matjorda.

Geir Pollestad varslar at han om kort tid vil skriva brev til alle kommunar og be dei følga opp vernet av matjorda. Han ivrar også for statleg vern av matjord.

– Me er i ein ny sikkerheitspolitisk situasjon. Klimaendringar, Ukraina-krigen og pandemi gjer at me er meir merksame på beredskap. Då er det aller viktigaste evna vår til å produsera mat i Noreg.

Om kommunars planar: – Det talet er alt for høgt

Ein fersk rapport frå Norsk institutt for naturforskning viser at kommunane i Noreg har planar om å bygga på 139.500 dekar matjord.

Det var Altinget som først omtala denne rapporten.

– Det talet er alt for høgt. Det må ned, seier Pollestad.

Talet står i sterk kontrast til det som er statens strategi for matjord. Målet er at det innan 2030 ikkje skal byggjast ned meir enn 2.000 dekar i året.

– Kommunane må innsjå at desse 140.000 dekara som dei har planlagt å bygga ned, det kjem dei ikkje få lov til. Då er det mykje betre å plukka dei vekk no, seier Pollestad.

Landbruksminister Geir Pollestad.

Vurderer statleg jordvern

Brevet frå Pollestad skal gå til alle dei 356 kommunane i Noreg, i tillegg til statsforvaltarane.

– Statsforvaltarane kan koma med innvendingar i saker. Og det skal dei gjere. Dei har det nasjonale oppdraget om at me skal nå jordvernmålet.

Hans forgjengar Sandra Borch (Sp) sende eit liknande brev til kommunane i mars i år.

– Skulle du ønska at du hadde fleire verktøy i verktøykassen?

– Ja, og det jobbar me med, seier Pollestad.

Han viser til at regjeringa ser på måtar staten kan gripa inn for å gje område varig vern. Ei varsla utgreiing skal sjå på ei endring av jordlova slik at ein kan få vern av viktige jordbruksareal.

Ser til Oslo for inspirasjon

Når Sp-statsråden skal forklara korleis statleg vern av jorda kan sjå ut, ser han til hovudstaden.

– Det er litt som med markagrensa i Oslo. Der er det bestemt at utbygging stoppar ved grensa.

Markaloven er ei norsk særlov for skogs- og utmarksområde i Oslo og omland, som gjev eit generelt bygge- og anleggsforbod innafor markagrensa.

Pollestad peiker på Jæren som eit område som kan vera aktuelt for statleg vern. I utkanten av tettstadar kan det vera jordbruksområde som på sikt kan hamna under press.

– Får du på plass eit vern av dei områda, då slepp du ein diskusjon om utbygging i framtida.

Ikkje for seint å snu

Pollestad var sjølv lokalpolitikar i Time kommune fram til han i august tok over som landbruksminister. I Jær-kommunen var han med å få kommunestyret til å snu i ei jordvernsak.

Her klara ein allianse av Sp, SV og MDG å hindra at 200 dekar matjord vart del av eit stort handels- og industriområde, skriv NRK.

– Det kom argument om at saka var komme så langt at det var for seint å snu. Det er eit generelt problem at det blir skapa eit bilde at det enten er for tidleg eller seint å påverka prosessen i saker om jordvern.

Til kommunar som har vedteke å bygga ned matjord, har Pollestad eit råd: Det er lov å snu.

– Det er viktig å gjera kommunane trygge på at sjølv om noko lenge har vore i ein kommunal plan, så er ein verken politisk eller økonomisk forplikta til at dette skal enda med nedbygging av matjord.

Naturvernforbundet peiker på Sp lokalt

– Det er kjempebra at Pollestad tek tak i jordvern. Så kan ein grubla på om det trengst meir enn eit brev for å hindra kommunane i å bygga ned matjord.

Det seier Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet. Ho peiker på at regjeringa er ansvarleg for nedbygging av matjord gjennom store vegprosjekt.

r

– Lokalt har Senterparti-folk pressa på for å bygga nye motorvegar med fire felt og 110-fartsgrense.

Naturvernforbundet er kritiske til vegar med høg fartsgrense.

– Problemet med 110-grense, er at du nesten ikkje kan ha svingar på ein slik veg. Då må du køyra på same kva du støyter på. Det er utruleg skadeleg for matjorda vår, som må vika for ny veg.

Vil ha meir gjenbruk av veg

Denne veka kom regjeringa med ei ny vegnorm, som gjer at nye motorvegar skal bli smalare og hastigheita lågare. Målet er å spara natur og matjord.

– Ny vegnorm er bra, og må få konsekvensar for prosjekta som er planlagt med fire felt og 110-grense, seier Pernille Bonnevie Hansen i Naturvernforbundet.

Naturvernforbundet meiner regjeringa no må sjå på desse strekningane på nytt. Forbundet ivrar for meir gjenbruk av dagens vegar, og heller utbetra kryss og farlege strekningar.

Landbruksminister Geir Pollestad seier han var med i handsaminga av ny vegnorm, som var lagt fram av Samferdselsdepartementet.

– Eg vil tru at våre lokale politikarar støtter denne endringa. Det får ned byggekostnadar, bompengar og sparer matjord, seier Pollestad.

Noreg blant landa med minst matjord i verda

Matjord i Noreg er ein knapp, men viktig ressurs, seier Arne Bardalen, spesialrådgjevar i Nibio

– Noreg er blant landa med minst matjord i verda. Berre tre prosent av arealet vårt er dyrka mark.

g

Han fortel at det tek lang tid å utvikla god matjord. Matjorda vår i dag vart danna i ein prosess som går tilbake til siste istid.

– Eit anslag er at det blir berre danna ein millimeter ny matjord i året. Om me bygger ned matjorda, så er det ikkje noko me kan bygga opp igjen i morgon, seier han.

Mindre jord blir bygd ned

Arne Bardalen har skrive to jordvernrapportar som har vore grunnlag når Stortinget har sett nye mål for jordvern. Han kallar jordvernet for ein suksesshistorie.

– Stadig mindre matjord blir bygd ned. Det viser at det verkar å setja konkrete mål.

Han fortel at i 2005 ville dåverande landbruksminister Lars Sponheim (V) halvera nedbygginga av matjord. På den tida vart det kvart år omdisponert rundt 12.000 dekar matjord. Dette er dekar som blir vedteke omdisponert frå å vera matjord til å brukast til andre formål.

Målet var å redusera nedbygginga til 6.000 dekar i året, og det vart nådd. Målet har blitt forsterka fleire gonger.

I år fastsette Stortinget målet om at omdisponeringa ikkje skal vera meir enn 2.000 dekar årleg innan 2030. I dag blir om 3.000 dekar matjord bygd ned i året.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter