– Det er viktig for partiet å ha ordførarar over heile landet, og særleg her i nord, fortel Ørjan Albrigtsen til Vårt Land.
Torsdag blei det klart at han får fire nye år som ordførar i Skjervøy kommune i Troms. Bak den politiske styringsplattforma står KrF, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og så har trioen valteknisk samarbeid med SV, noko som sikrar SV plass i formannsskapet. Sp får varaordføraren.
– Eg er svært takksam for tilliten som blir vist meg, seier Albrigtsen. Han er glad Skjervøy held fram som KrF-bastion i nord.
– Kva blir den største utfordringa for den attvalde ordføraren?
– Kommuneøkonomien er god, men me slit med å rekruttere fagfolk, særleg innan helse og utdanning
Hadde 11 menn.
Norge har 356 ordførarar. Før veljarane fortalde kven dei ville ha i by- og kommunestyrer, hadde KrF 11 tillitsvalde som kunne smykke seg med ordførarkjeder.
Alle menn.
Vårt Land har sett innom dei 11 kommune for å sjekke korleis det gjekk.
I Vennesla er det sedvane at det største partiet får ordføraren
— Nils Olav Larsen, ordførar for KrF i Vennesla
To kvinner gjekk til topps
Dette er utfallet i favør KrF etter mange og lange og overraskande maktfordelingsrundar:
Nye ordførarar:
- Gro Helleland i Lund kommune i Rogaland, ho var varaordførar.
- Elisabeth Hammer i Siljan kommune i Telemark.
- Helge Kjøll I Aukra kommune i Møre og Romsdal.
- Morten Haraldstad i Evje og Hornnes i Agder.
- Morten Helland i Bømlo kommune i Vestland.
- Andreas Bjorland i Hå kommune i Rogaland, KrF hadde også den førre ordføraren.
- Nils Christian Harnes i Hustavika kommune i Møre og Romsdal.
- Tarjei Andreas Draugedal i Kviteseid kommune Telemark.
Fekk fornya tilliten
Attvalde ordførarar:
- Kjetil Torp i Vegårshei kommune i Agder.
- Per Sverre Kvinlaug i Kvinesdal kommune i Agder.
- Ørjan Albrigtsen i Skjervøy kommune i Troms.
- Nils Olav Larsen i Vennesla kommune i Agder.
– I Vennesla er det sedvane at det største partiet får ordføraren, sa Nils Olav Larsen til Vårt Land før det blei kjent at han held fram som ordførar i KrF-bastionen.
Menn tapte kampen om kjeder
Fleire KrF-ordførarar blei vraka
- Stian Bjørsvik i Kvitsøy kommune i Rogaland, KrF mistar ordførarmakta etter 24 år.
- Jonas Andersen Sayed i Sokndal i Rogaland, partiet gjekk fram, Sp tek ordføraren.
- Terje Møkjåland i Iveland kommune i Agder, Høgre får ordføraren, KrF og Sp har hatt ordføraren i tiår.
- Ove Gundersen i Froland kommune i Agder tok ikkje attval, KrFs ordførarkandidat, Ingunn Fjærbu Roppestad, nådde ikkje opp, ho blir varaordførar.
- Harry Valderhaug i Giske kommune i Møre og Romsdal, gjorde KrF til største parti, men tapte ordførarmakta til Høgre, Valderhaug blir varaordførar.
- Harald Rydland i Fitjar i Vestland, tapte ordførarkjedet til Høgre.
[ Ap i krise hjelper Frp til ordførermakt ]
Kvinner i fleirtal i bibelbeltet
KrF har sikra seg det nest gjævaste vervet i fleire kommunar. Desse 14 blir varaordførarar – flest i Agder, sju er kvinner:
- Jytte Somme i Lillehammer kommune i Innlandet.
- Charlotte Beckmann Finnestad i Kristiansand i Agder.
- Ingunn Fjærbu Roppestad i Froland kommune i Agder.
- Ruth Kylland Martinsen i Birkenes kommune i Agder.
- Kjetil Glimsdal i Grimstad i Agder.
- Henrik Halleland i Stavanger kommune i Rogaland.
- Torbjørn Indrebø i Suldal kommune i Rogaland.
- Bjørg Tryland i Strand kommune i Rogaland.
- Gustav Løge Fosse i Vindafjord kommune i Rogaland
- Astrid Aarhus Byrknes i Alver kommune i Vestland.
- Harry Valderhaug i Giske kommune i Møre og Romsdal, han var ordførar sist periode.
- Iselin Bjørnstad i Rakkestad kommune i Østfold.
- Per Arild Torsen i Rennebu kommune i Trøndelag.
- Geir Christian Enger i Nissedal kommune i Telemark.
Ein fylkesvaraordførar
KrF har sikra seg eit framskote fylkesverv. Jorunn Gleditsch Lossius blir fylkesvaraordførar i Agder fylkeskommune. Ho tapte i vår kampen om å bli nestleiar i KrF.
---
KrF
- Stifta i 1933, 90 år i haust
- Partileiar er Olaug Bollestad.
- Har tre stortingsrepresentantar.
---