Nyheter

Sjefen kalla han «talknusar»: E-postar viser at Sindre Finnes kontakta Statsministerens kontor med tips

AKSJESAK: Norsk Industri har sagt at Sindre Finnes berre skulle jobba som «talknusar». E-postar viser at at Statsministerens kontor sette i gang undersøkingar etter tips frå Sindre Finnes då kona var statsminister.

«Dette er godt vaksinenytt, som kanskje kan gi grunnlag for en artikkel om mulig norsk vaksineproduksjon.»

Slik starta Sindre Finnes ein e-post han sende til ein journalist i avisa Dagens Næringsliv (DN) 26. august 2020. Denne e-posten formidla han så vidare til Statsministerens kontor.

På dette tidspunktet var kona hans, Erna Solberg, statsminister i Noreg. Sindre Finnes arbeidde som fagsjef i bransje- og industripolitisk avdeling i Norsk Industri.

I september i år, i kjølvatnet av aksjesaka, har Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen sagt at Sindre Finnes berre jobba som «talknusar» og at han ikkje skulle vera involvert i saker knytt til regjering, departement eller lobby.

E-postar som Vårt Land har fått innsyn i, viser at Sindre Finnes i august 2020 kontakta både DN og Statsministerens kontor om ei sak han ønska merksemd om: utviklinga av ei mogleg norsk koronavaksine.

Statsministerens kontor svara på kontakten frå statsministerens ektefelle, og faktasjekka opplysningar frå han.

r

«Ingen i media har så langt skrevet om disse mulighetene»

I Noreg vart det første korona-tilfellet påvist i slutten av februar 2020. Mars 2020 sette statsminister Erna Solberg (H) i verk inngripande smitteverntiltak.

Sindre Finnes kontakta DN i slutten av august 2020 der han viser til ein artikkel i det medisinske tidsskriftet Nature om utvikling og produksjon av covid-vaksine.

Artikkelen skal ifølge Finnes ta for seg at to selskap har planar om å starta norsk produksjon av vaksinen.

«Dette er helt nytt, og ingen i media har så langt skrevet om disse mulighetene», skriv Finnes i e-posten til DN.

Sindre Finnes hadde ikkje direkte eigarskap i desse to selskapa, ifølge VGs oversikt.

Avtalen som vart inngått med SMK, var at Finnes ikkje skulle vera involvert i nokon saker knytt til regjering, noko departement eller lobby. Han vart innelåst som talknusar og jobba berre som talknusar.

—  Stein Lier-Hansen, i intervju med VG

Gav journalist telefonnummer til sjefen

I e-posten til DN skriv Finnes at Norsk Industri jobbar «på spreng» saman med LO, LMI og NHO for å laga ein rapport om moglegheiter for norsk vaksineproduksjon. LMI er ein lobbyorganisasjon for norsk legemiddelindustri.

Sindre Finnes opplyser at Stein Lier-Hansen «uttaler seg gjerne» om saka og den kommande rapporten. Han oppgjev vidare mobil-nummeret til Lier-Hansen til DN-journalisten.

Stein Lier-Hansen står i kopi på denne e-posten. I tillegg står ein seniorrådgjevar frå LMI i kopi.

«Han vart innelåst som talknusar»

Etter det nyleg kom fram at Sindre Finnes har gjort over 3.600 aksjehandlar medan kona var statsminister, rykka hans øvste leiar Stein Lier-Hansen i Norsk Industri ut i VG.

I intervjuet garanterer han at Sindre Finnes ikkje har fått innsideinformasjon hjå Norsk Industri og sa at Finnes berre skulle vera talknusar.

«GLADSAK»: Administrerande direktør Stein Lier Hansen i Norsk Industri kallar saka der Sindre Finnes tipsa Dagens Næringsliv og regjeringa for ei gladsak.

Han fortel at då Erna Solberg vart statsminister, inngjekk Norsk Industri en avtale med Statsministerens kontor (SMK).

– Avtalen som vart inngått med SMK, var at Finnes ikkje skulle vera involvert i nokon saker knytt til regjering, noko departement eller lobby. Han vart innelåst som talknusar og jobba berre som talknusar. Det har me alltid følgt opp og han har aldri vore med på eit møte knytt til lobby og politikk, sa han til VG.

Dette er kun informasjonsformidling av ei offentleg gladnyheit, eg ser ikkje noko problem med at han tipsa om dette.

—  Stein Lier-Hansen, Norsk Industri

Norsk Industri: Berre informasjonsformidling

Vårt Land har spurt Stein Lier-Hansen korleis e-postane frå Sindre Finnes stemmer overeins med det han har sagt til VG om Finnes si rolle.

– Sindre har ikkje vore brukt av Norsk Industri når det gjeld å driva påverknad opp mot regjering, departement eller media, svarer Lier-Hansen.

Han skriv at innsalg til media ikkje var ein vanleg del av arbeidsoppgåvene til Sindre Finnes.

– Kva tenker de om at han tipsa Statsministerens kontor om denne moglege nyheita?

– Dette er berre informasjonsformidling av ei offentleg gladnyheit, eg ser ikkje noko problem med at han tipsa om dette, skriv Stein Lier-Hansen.

– Var kommunikasjon mellom SMK og Norsk Industri noko Finnes ofte bidrog med?

– Nei, absolutt ikkje.

Stein Lier-Hansen seier at han var i kontakt med Finnes i samband med denne saka, saman med dei andre involverte partane.

– At han informerer om noko som potensielt kan bli ei stor sak, meiner eg ikkje er problematisk, skriv Lier-Hansen.

Fekk faktasjekk frå SMK

E-postar som Vårt Land har fått innsyn i, viser at Sindre Finnes også kontakta Rune Alstadsæter, som då var statssekretær for statsminister Erna Solberg (H). Finnes viser til e-posten han sende til DN.

I e-posten 26. august 2020 skriv Finnes:

«Rune,

se nedenfor.

Dette er godt vaksinenytt, som kanskje det kan være greit å vite om.

Sindre»

To dagar seinare, fredag 28. august, svarar Rune Alstadsæter. Han skriv at han har kontakta Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) om artikkelen. Han viser vidare til «svaret frå rågjevaren til Bent», som sannsynlegvis er dåverande helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

I e-posten kjem det fram at artikkelen i Nature er blitt sjekka med fleire offentlege instansar. Statssekretæren skriv at «per nå ser det ut til at innholdet som gjelder Norge i nyhetssaken er helt feil.»

Det fulle svaret frå Alstadsæter er slik:

«Hei Sindre,

Jeg tok kontakt med HOD i går, og sendte dem Nature-saken. De har forsøkt å sjekke ut substansen, men har ikke funnet treff. Her er svaret fra rådgiveren til Bent:

«Snakket med en av dem som jobber med vaksiner i embetsverket nå. EU har allerede inngått en avtale med AstraZeneca (som det i Nature-nyhetssaken hevdes er en av to som skal produsere vaksiner i Norge), og den har vi innsyn i. Der står det hvor de skal produsere, og Norge er ikke nevnt. Han snakket med Legemiddelverket også vedrørende det andre av de to selskapene som visstnok skal produsere vaksiner i Norge (Curevac). Legemiddelverket hadde ikke hørt noe om det – dersom det stemmer at det skal produseres så mye, hadde i så fall Legemiddelverket vært koblet på allerede – forstod det sånn at de må godkjenne slikt på forhånd eller lignende. Kilden til tallene i nyhetssaken er “Airfinity”, som er et konsulentselskap innen biotek fra U.K. Så per nå ser det ut til at innholdet som gjelder Norge i nyhetssaken er helt feil. Han i embetsverket skal sjekke med Legemiddelindustrien for sikkerhets skyld.»

Kommer tilbake til deg om det skulle dukke opp noe nytt.»

Meiner kontakt var uproblematisk

Tidlegare statssekretær Rune Alstadsæter meiner svaret han sende Sindre Finnes, var uproblematisk.

– Eg opplevde at Sindre her tok kontakt med meg for å gje eit tips om ei nyheitssak han syntest var interessant. Det meiner eg er uproblematisk. Av rein nysgjerrigheit sende eg den vidare til våre folk i Helsedepartementet for ein faktasjekk, skriv Rune Alstadsæter til Vårt Land.

Han skriv at då han jobba på SMK, handla hans kontakt med Sindre Finnes hovudsakleg om førespurnader frå media om intervju med han og Erna Solberg.

Stein Lier-Hansen seier til Vårt Land at faktasjekken frå Alstadsæter ved SMK ikkje vart formidla vidare i Norsk Industri, og skriv at dette ikkje var eit stort tema hos dei.

Sindre Finnes ønsker ikkje å kommentera saka.

– Me har ingen kommentar til denne saka utover at det som kjem fram, er offentleg tilgjengelege opplysningar, seier advokat til Finnes, Thomas Skjelbred i Elden Advokatfirma.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Eivind Nicolai Lauritsen

Eivind Nicolai Lauritsen

Eivind Nicolai Lauritsen er nyhetsleder i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter