Nyheter

Blir nekta visum til Norge for andre år på rad

FÅR IKKJE REISE: Falastin Qaddumi gledde seg til besøket på Kyrkjeveka for Israel og Palestina. Men ho får ikkje visum. Utlendingsnemnda tvilar på at kvinna vil reise heim. I Palestina har ho mann og barn.

– Eg er veldig overraska, årsaka til avslaget er uheldig og urettvist, fortel Falastin Qaddumi til Vårt Land, via Trond Pedersen.

Som leiar i Vennskapsforeningen Nes-Jayyous hadde han organisert eit vekelangt besøk i Viken-kommunen Nes på Romerike frå den palestinske landsbyen Jayyous på Vestbreidda.

På programmet sto mellom anna eit lokalt arrangement der Årnes menighet og venskapsforeininga markerer den årlege Kyrkjeveka for fred i Israel og Palestina, som er neste veke. Arrangementet er globalt.

Biskop refsar avslag

I år kjem biskop emeritus Atle Sommerfeldt til kyrkjelyden i Årnes for å snakke om Den norske kyrkja og Palestina.

Han reagerer sterkt på visumavslaget:

– Det er oppsiktsvekkjande og veldig uheldig. Når palestinarane blir nekta innreise til Norge får ikkje folk førstehands kunnskap om korleis det er å leve under den israelske okkupasjonen på Vestbreidda, seier han til Vårt Land.

Akkurat det bør fleire få, meiner den tidlegare Borg-biskopen, som også har vore generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, ein organisasjon som driv både langsiktige utviklingsprogram og humanitær innsats i Palestina.

NES

Sa nei også i fjor

For andre år på rad opplever Vennskapsforeningen Nes-Jayyous at utlendingsforvaltninga nektar å sleppe gjester frå Jayyous inn i Norge.

Pedersen hadde invitert Falastin Qaddumi og to andre til Norges og Nes. På programmet stod også besøk på tre vidaregåande skular og møter med både riks- og lokalpolitikarar.

– Etter at Israel fekk ny regjering ved årsskiftet, har kvardagslivet i Jayyous og på heile Vestbreidda blitt mykje vanskelegare. Dette skulle dei tre gjestene våre snakke om, fortel Pedersen.

Som leiar for Gjevarlandsgruppa for Palestina kan ikkje Norge vere kjent med dette

—  Trond Pedersen, Vennskapsforeningen Nes-Jayyous

«Eit slag i andletet»

Men først sa Utlendingsdirektoratet (UDI) nei til å gje dei tre frå Jayyous visum, så sa Utlendingsnemnda (UNE) det same då avslaga blei påklaga.

Trond Pedersen er opprørt:

– Dei får ikkje visum fordi UDI påstår at dei ikkje har nok tilknyting til eige heimland, og UDI seier rett ut at dei trulegvis ikkje vil reise heim etter ei veke i Norge.

– Korleis tok dei visumavslaga?

– Dei såg fram til eit avbrekk frå ein krevjande kvardag, men når UDI og UNE seier rett ut at dei mistrur dei, at dei mistenkjer dei for å hoppe av, så er det eit slag i andletet – og ein mental knekk.

Falastin Qaddumi fortel at ho aldri kan tenkje seg å forlate Palestina.

UNE: Har «svake returforutsetninger»

Vårt Land har lest avslaga klageorganet UNE fatta i august. UDI og UNE skriv at Falastin Qaddumi og dei to andre palestinarane frå landsbyen Jayyous «ikkje i tilstrekkelig grad hadde dokumentert tilknytning til hjemlandet».

UNE skriv at Falastin Qaddumi ikkje har dokumentert at ho har jobb i barnehage, at ho er gift og har barn, og at ho dermed har «svake returforutsetninger».

Fordi ho kjem frå Palestina, som har eit «utvandringspotensiale», blir konklusjonen: Nei til visum for å reise til Nes. Ho fekk ikkje det som heiter Schengenvisum, som gjev rett til innreise i til heile Schengenområdet.

Avslaga til dei to andre frå Jayyous har likelydande formuleringar.

Oslo-avtalene har sikret palestinsk selvstyre i 165 områder på den okkuperte Vestbredden. Områdene henger ikke sammen, og israelske soldater kommer og går som de vil. Foto: AP / NTB

Har dokumentert familie og jobb

– Dette er vondt og sårande å høyre for palestinarar som er gifte, har barn og fast inntekt. Alt dette har dei dokumentert, inntekt med lønnsslippar og på deira ID-kort er både ektefellar og barn registrerte. Teksten er på både arabisk og hebraisk, noko UDI og UNE kan lese.

Pedersen, som var leiar i venskapsforeininga fram til februar, sender eit stikk til Støre-regjeringa og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap):

– Som leiar for Gjevarlandsgruppa for Palestina kan ikkje Norge vere kjent med dette.

Trond Pedersen var med å skipe Vennskapsforeningen Nes-Jayyous etter at han hadde vore følgjesvein i Jayyous og Betlehem. Følgjesveinprogrammet til Verdskyrkjerådet arbeider for å styrkje palestinaranes tilgang til land, arbeid og skule, og for å redusere vald og trakassering av sivile.

«Alle har reist heim»

Steinar Ims, seniorrådgjevar i Mellomkyrkjeleg råd, har god kontakt med Evangelical Lutheran Church in Jordan and the Holy Land (ELCJHL). Han er overraska over UNEs konklusjonar at det er fare for «avhopping».

– Så langt eg kjenner til har ingen palestinarar i nyare tid som har komme på besøk til Norge og norske kyrkjelydar blitt verande her i landet. Alle har reist heim, fortel Ims til Vårt Land.

Mellomkyrkjeleg råd er Den norske kyrkjas utanriksdepartement.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter