Nyheter

– Støre-regjeringa må stoppe skatteinnkrevjinga

ERITREA: Sverges regjering vil ha slutt på at eritreiske flyktningar blir tvinga til å betale eksilskatt til heimlandet. – Støre-regjeringa må gjere det same, krev Abraham Tekle. Han har opplevd å bli trua.

Utanriksminister Tobias Billström har tydeleg tale:

– Regjeringa kjem til å handle. Regjeringa har ikkje gjeve Eritrea løyve til å drive inn skatt i Sverige.

Til Sveriges Radio seier den svenske utanriksministeren at dei vil stoppe inndrivinga av toprosentsskatten som eritrearar i eksil opplever som rein utpressing. Billström representerer Moderaterna, Sveriges Høgre.

Nekta å gå på gudstenester

Då Eritrea blei sjølvstendig i 1993 innførte staten ein «rehabiliterings- og gjenoppbyggingsskatt for eritreere bosatt utenfor landet», opplyser Landinfo, utlendingsforvaltningas fagorgan.

Eksilskatten på to prosent av årslønna er langt frå frivillig. Eritreiske flyktningar i Norge fortel Vårt Land om svært hardhendt innkrevjing. To rapportar frå analyseselskapet Proba, levert til to departement, i 2020 og 2023, stadfester dette:

«Norsk-eritreere som ikke betaler to-prosentskatten kan bli nektet adgang på møter, gudstjenester og kulturarrangementer (...) norsk-eritreere som avstår fra å betale, har blitt gjenstand for ulike former for trakassering», melder 2020-rapporten til Kunnskapsdepartementet.

Det er eritrearar busette i Norge som er ansvarlege.

Også i januar var Russlands utenriksminister Sergej Lavrov i Afrika, men da i land lenger sør på kontinentet. Her er han sammen med Eritreas president Isaias Afwerki i Asmara. Foto: Det russiske utenriksdepartementet / AP / NTB

Kvinne fekk bot for hatefull ytring

– Fleire såkalla eritreiske flyktningar i Norge truar, via sosiale medium, oss som kritiserer regimet i Eritrea, fortel Abraham Tekle til Vårt Land.

I fjor haust fekk ei eritreisk kvinne ei bot på 15.000 kroner for brot på straffelovens paragraf om hatefull ytring. Bodskapen blei lagt ut på kvinnas Facebook-side, og politiet vektla i «at ytringen i videoen, hvor hun i praksis oppfordrer til folkemord, må anses som grovt», skriv politiet i saksdokumenta.

Straffar familien i Eritrea

heimesida til Eritreas ambassade for Norden står det at alle som ønskjer nytt pass «må innfri alle nasjonale plikter, inkludert 2 % betaling frå 1992».

Skatteinnkrevjinga skaper strid i fleire land. I Nederland finansierte utanriksdepartementet ein studie av praksisen i sju land, mellom annan Norge, The 2% Tax for Eritreans in the diaspora.

Rapporten skriv at eritrearar som ikkje betalar skatten, blir nekta tenester ved eritreiske utanriksstasjonar, og familien i Eritrea kan bli straffa.

Betalinga skjer både kontant og med pengeoverføring, i og utanfor Eritrea. Rapporten frå Nederland har rekna ut den årlege verdien på skatten: Minst 100 millionar dollar.

Kyrkjelydar og prestar er viktige i arbeidet med å drive inn skatten.

Regjeringa kjem til å handle. Regjeringa har ikkje gjeve Eritrea løyve til å drive inn skatt i Sverige

—  Tobias Billström, utanriksminister
Sveriges utenriksminister Tobias Billström (M) skriver til Expressen at Sverige vil rådføre seg med EU om synet på Tyrkias bombing i Syria. Foto: Michael Sohn / AP / NTB

Eksilskatten er ulovleg

I Sverige opplyser utanriksminister Tobias Billström at politiet skal stoppe den ulovlege inndrivinga av eksilskatten, og legg til at regjeringa også har ei rekkje verktøy i verktøykassa.

Billström får støtte frå Socialdemokraternas Morgan Johansson, han var justis- og innanriksminister i Sverige fram til regjeringsskiftet i fjor.

Abraham Tekle, som kom til Norge i 2002, krev at Norges utanriksminister seier det same som Billström.

– Støre-regjeringa må stoppe skatteinnkrevjinga, seier han til Vårt Land.

Anniken Huitfeldt (Ap) svarar ikkje sjølv på Vårt Lands spørsmål til henne, men gjev ordet til statssekretær Andreas Kravik (Ap):

«Eritreiske myndigheter og deres representanter har ikke anledning til å inndrive skatt av eritreiske borgere i Norge», skriv han i ein e-post.

Regjeringa peikar på politiet

Kravik melder at Norge er «forpliktet til å iverksette tiltak overfor personer som krever inn skatt av eritreere i utlandet gjennom utpressing, trusler om vold, bedrageri eller andre ulovlige metoder».

Men statssekretæren i UD varslar ikkje tiltak frå regjeringa si side:

«Det er viktig at personer som er utsatt for ulovligheter i Norge tar kontakt med politi- og justismyndigheter, som er de rette instanser i denne forbindelse», skriv han.

I mai peika også justisminister Emilie Mehl (Sp) på politiet då toprosentsskatten blei debattert i Stortinget:

«Dersom det er slik at noen i Norge opplever at de blir utsatt for ubehagelig press eller noe som kan være ulovlig, er det viktig at disse personene, dersom de ønsker det, tar kontakt med politiet slik at de kan få hjelp.»

Ikkje følgt opp

Vårt Land kjenner til at fleire har meldt den ulovlege innkrevjinga av eksilskatten til politiet, men sakene er blitt lagde vekk.

– Dermed held skattlegginga av norsk-eritrearar fram, fortel Abraham Tekle.

---

Eritrea

  • President Isaias Afwerki har styrt Eritrea sidan landet reiv seg laus frå Etiopia i 1993.
  • Kvart år rømmer tusental frå den lange, brutale samfunnstenesta.
  • Kring 28.000 eritrearar bur i Norge. Dei første kom i tiåra fram til sjølvstende i 1993, og mange er lojale mot president Isaias Afwerki, som er blitt ein eineveldig statssjef.
  • I åra 2015-2020 har vel 15.000 eritrearar søkt og fått opphald og vern i Norge, opplyser Utlendingsdiretoratet.
  • I sommar har eritrearar støytt saman i Norge, Sverige og Danmark.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter