Nyheter

Trur finansbransjens strenge aksje-reglar kan passa i politikken

AKSJAR: Påtroppande Drammen-ordførar Kjell Arne Hermansen har over 30 års erfaring som aksjemeklar. Han meiner finansbransjen har reglar som kan vera relevante i politikken.

– Eg er for at folk skal eiga aksjar. Aksjar er viktig for nyskaping og er ein viktig del av tannhjula i samfunnet. Men ein må følga reglar.

Det seier påtroppande ordførar i Drammen, Kjell Arne Hermansen (Høyre), til Vårt Land.

Fredag vart det kjend at Erna Solbergs (H) ektemann Sindre Finnes gjorde 3.640 aksjehandlar medan ho var statsminister i perioden 2013–2021. Fleire av aksjehandlane gjorde Solberg inhabil i saker som regjeringa behandla.

Kjell Arne Hermansen har bakgrunn frå finansbransjen, der han har arbeidd som aksjemeklar sidan han var i 20-åra. Han peiker på at reglane han har følgt i arbeidslivet, også kan passe for politikarar.

– Regelverket i finansbransjen er tydeleg og enkelt å forholda seg til. Eg meiner ein bør sjå på om det regelverket også kan passa for dei folkevalde og tilsette i byråkratiet.

Må søka om lov til å kjøpa aksjar

Dei siste fire åra har Kjell Arne Hermansen jobba som aksjemeklar i Arctic Securities. Denne jobben hadde han fram til i haust.

Han fortel at om ein aksjemeklar vil kjøpa aksjar privat, så må vedkommande søka arbeidsgjevar om lov til det. Ei slik tillating er tidsavgrensa, slik at ein må kjøpa aksjane innan to dagar.

Fredag kom det fram at Høyre-leder Erna Solbergs ektemann Sindre Finnes gjorde over 3600 aksjehandler mens kona var statsminister i perioden 2013 til 2021. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det er også ei bindingstid på kor lenge du må eiga aksjane før du kan selja igjen. Bindingstida er som regel på seks månader. Reglane gjeld også ektefellar og andre nærståande.

– Med slike reglar, kan sokalla daytrading, med kortsiktig kjøp og sal av aksjar, bli vanskeleg?

– Ja, det blir umogleg.

På berre ein dag i mars 2021 gjennomførte Sindre Finnes heile 62 handlar. Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea seier til NTB at Finnes har brukt svært avanserte og dyre finansielle instrument som blir brukt for å tena pengar kortsiktig.

Alt i 2013 åtvara Statsministerens kontor Sindre Finnes om å driva kortsiktig aksjehandel. Det skriv VG.

Eig ikkje aksjar sjølv

Høgre vart den store valvinnaren i Drammen med 30,2 prosent av stemmene. I avtalen mellom Høgre, Frp, KrF og Pensjonistpartiet blir Kjell Arne Hermansen ordførar.

Han seier han i dag ikkje eig aksjar privat.

– Eg har lov å eiga aksjar, men eg har vald å ikkje eiga aksjar dei siste fire åra. Det er på grunn av at kundane skal kunna stola på meg.

Kjell Arne Hermansen peiker vidare på at det i finansbransjen er vasstette skott mellom ulike avdelingar.

– Dessutan blir alle telefonsamtalar tekne opp, som gjer at alt er mogleg å ettergå.

«Ei djupt tragisk sak for familien»

Han kallar saka rundt Sindre Finnes sine aksjehandlar for «ei djupt tragisk sak for familien».

– Det er viktig å ta vare på menneska i ein slik situasjon.

Sindre Finnes har sagt til TV2 at dette er ei tøff tid for heile familien og at han ikkje er i stand til å fungera som normalt etter merksemda saka har fått. Finnes seier han er veldig lei seg for å ha sett kona i denne situasjonen.

Kjell Arne Hermansen seier han opplever å ha fått god informasjon offentleg og frå Høgre om denne saka.

– Eg tenker Høgre har kompetente folk som kan ta dette vidare.

Varslar krisemøte

Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) vil ha tydelegare reglar rundt aksjehandel for politikarar, melder Dagbladet.

Han vil kalla inn alle partia til eit hastemøte om reglane rundt aksjehandel.

– Stortingets direktør har allereie fått ei bestilling på å legga fram ei sak for presidentskapen om heile regelverket rundt register og økonomiske interesser for stortingsrepresentantar, seier Gharahkhani til Dagbladet.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter