DRAMMEN:
– Eg trur me er på veg inn i ei blå bølgje.
Ordførarkandidat i Høgre Kjell Arne Hermansen står utanfor puben Kings Arms i Drammen med ein røyk i handa. Det er mandag kveld. Inne på puben har Høgre i Drammen pynta til valvake, med vimplar og blåfarga drinkar.
57-åringen frå Drammen har jobba som aksjemeklar og vore Høgre-mann sidan 2015. No er målet å bli ordførar i Noregs sjette største by.
Han seier han merker eit stemningsskifte ute blant veljarane.
– Er merker det når eg er ute å snakkar med folk. Mange er lei dagens regjering. De snakkar om habilitet, høgare renter, surr og rør. Fleire har sagt at dei skulle ønska det var stortingsval i år.
Han legg til:
– Eg trur folk får opp augo for at Høgre er eit breitt folkeparti.
Vil ha tilbake makta
– No må me gå. NRK skal filma ein tautrekking mellom AUF og Unge Høgre.
Kjell Arne Hermansen stumpar røyken og strenar av garde. På vegen skryt han over fargerik, kommunalt velsigna graffiti og peiker på gamle industritomter som er gjort om til konsertscene og moderne husvære.
Drammen har tradisjonelt vore ein industriby, spesielt innan trelast og treforedling. Den store konsentrasjonen av papirfabrikkar gav byen tilnamnet «papirbyen».
Høgre har styrt byen i ni av dei siste elleve periodane. No vil partiet og Hermansen ha makta tilbake.
– Eg er vaksen opp i ein Høgre-familie. For meg er det viktig med valfridom og å skapa og fordela verdiar.
– Eg synest det er fint at politikarar investerer i aksjar
På veg bort til ein ventande NRK-reporter kjem Hermansen inn på habilitets-sakene som har ramma både sittande og tidlegare regjering.
– Alt surret rundt habilitet kunne ha vore unngått. Om ein hadde innført dei reglane me har i finansbransjen, hadde det ikkje vore problem.
Ordførarkandidaten starta å jobba med aksjehandel som 20-åring. Han har mellom anna vore tilknytt meklarhuset Arctic Securities.
– Eg synest det er fint at politikarar investerer i aksjar, dei burde berre følgt reglane me har i finansbransjen. Me har gode rutinar.
Stor koalisjon gjekk i oppløysing
Oppe på gangbrua Ypsilon ventar eit kamerateam, ungdomspolitikarar og rivalen til Kjell Arne Hermansen: Ordfører i Drammen og ordførar for Ap, Monica Myrvold Berg.
Medlemmer frå AUF og Unge Høgre held i kvar sin ende av eit tjukt tau. På beskjed frå NRK begynner dei å dra, og dei raudkledde AUF-arane gjer relativt kort prosess på motstandarane.
Monica Myrvold Berg jublar og klemmer ungdommane. Til Vårt Land smiler ho og seier:
– Me må ta dei sigrane me kan få.
Ho har styrt byen i fire år, i ein stadig krympande koalisjon. No styrer Ap saman med MDG, og får budsjettstøtte frå Raudt, SV, Sp og Venstre.
På målingane ligg partiet mange hestehovud bak Høgre.
Frir til KrF med fritidskort
Tilbake på puben Kings Arms i Drammen står Kjell Arne Hermansen med kameralinsene vendt mot seg. Sjølv har han blikket festa fast på TV-skjermen. Klokka er nesten ni på kvelden, og dei første tala frå oppteljinga er venta.
Når Høgre blir annonsert som Noregs største parti, bryt jubelen laus i Drammen.
Stemninga roar seg fort. Det er framleis uklart kven som skal styra i Drammen. Når dei første tala kjem, har Høgre fleirtal med KrF og Frp. Men det er med knappast mogleg margin.
For å få med KrF på laget, kan Høgre i Drammen mellom anna lokka med fritidskortet. Dette har vore ein hjartesak for KrF.
– Drammen var fullskala forsøkskommune for fritidskortet, før ordninga vart teken vekk. Eg meiner alle barn og unge bør få støtte til ein fritidsaktivitet, seier Hermansen.
Men valet er enno usikkert. Då kan Høgre bli avhengige av støtte frå fleire parti.
Den lange vegen til stortingsvalet
I drammenspolitikken gjeld det å telja til 29. Det er talet på mandat som trengst for å ha fleirtal i kommunestyret.
Rett rundt hjørnet, inn ein bakgard, er valvaka til det som kan bli ein joker i drammenspolitikken.
Rundt eit langbord sit ti godt vaksne menneske, fleire kledd i oransje t-skjorter. Nykommaren Industri- og næringspartiet har gjort det godt, og førstekandidat Lars Stenberg ser ut til å vera inne i kommunestyret.
– Valkampen for stortingsvalet startar i morgon, seier han.
Han er klar på at det relativt nystarta partiet skal bruka plassane dei får i kommunestyre rundt om i landet, til å markera seg og gjera eit godt stortingsval.
Rundt bordet går diskusjonen om rettssaka om Acer, EUs energibyrå, som dei meiner media overser. Fleire tek opp merkelappen «protestparti» som er sett på INP.
«Protestparti? Heller sunn fornuft!», seier ein.
Ap-ordførar prøver å diskutera lokale saker
På andre sida av Drammenselva, inn i eit litt anonymt bygg, ligg Folkets Hus.
På høgtalarane strøymer «Born in the USA» over slitne ansikt. Mange klappstolar står tomme. Ordførarkandidat Monica Myrvold Berg er open på at det har vore vanskeleg å driva lokal valkamp.
– Mange gonger har eg sagt til folk at det ikkje er Jonas dei stemmer på, det er meg og Arbeidarpartiet. Eg har prøvd så godt eg kan å diskutere lokale saker.
Ein må tilbake til 1924 for å finna eit val der Høgre er større enn Arbeidarpartiet.
– Det må me ta på fullt alvor. Det er ein tydleg beskjed til oss frå veljarane, seier Berg.
– Då må me ta ein tydeleg evaluering og kanskje rydda opp litt.
29
Førti minutt over midnatt tikkar dei siste tala for Drammen inn. Høgre endar på 30,2 prosent, Ap på 22. I dei kommande dagane vil talet 29 bli viktig. Høgre, KrF og Frp har berre 28 mandat i kommunestyret i Drammen. Ein slik borgarleg koalisjon manglar ein mandat for å få fleirtal. Det kan dei henta frå Industri- og næringspartiet, som fekk to mandat, eller Partiet Sentrum eller Pensjonistpartiet, som fekk ein mandat kvar.