Nyheter

Erna Solberg ber ektemannen offentleggjere aksjehandlar

AKSJEHANDEL: Erna Solberg ber ektemannen Sindre Finnes om å lage ei offentleg oversikt over alle aksjehandlane sine, melder E24.

– Eg kjem til å be Sindre lage ei oversikt over aksjehandelen hans i tida eg var statsminister, og at han offentleggjer den når han er klar, seier Høgreleiar Erna Solberg til E24.

Same avis skreiv førre veke at Finnes hadde kjøpt og selt aksjar i børsnoterte selskap i dei åtte åra Solberg var statsminister.

Solberg understrekar at det lenge har vore kjent at ektemannen hennar eig aksjar, og at det er noko han har hatt høve til å gjere.

– Det eg har vore oppteken av, er at eg må vite nok om kva selskap Sindre eig aksjar i, til å kunne vurdere habiliteten min eller be om ytterlegare informasjon i tvilstilfelle, seier ho.

Finnes har tidlegare sagt til E24 at han måtte redusere aktiviteten sin i aksjemarknaden då kona vart statsminister i 2013. Då måtte han selje seg ut av fleire selskap.

– Dei få – samanlikna med tida før og etter ho var statsminister – kjøp og sala som vart gjort i denne perioden, prøvde eg å gjere i samsvar med handboka for politisk leiing, sa han førre veke.

Saka om Finnes’ aksjehandlar kom fram etter at utanriksminister Anniken Huitfeldt innrømde at ektemannen hennar, Ola Flem, hadde handla aksjar i selskap ho var inhabil overfor.


Mer fra: Nyheter