Nyheter

Så vidt fleirtal for dei raudgrøne i Oslo på nye målingar

JEVNT I OSLO: Raymond Johansen (Ap) og dei raudgrøne i hovudstaden ligg an til attval på nye meiningsmålingar frå Nettavisen og TV 2.

– Samanlikna med resten av landet har Arbeidarpartiet i Oslo ein vesentleg høgare lojalitet, seier valanalytikar Terje Sørensen i TV 2 om den ferske meiningsmålinga frå mediehuset.

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 20,9 prosent, medan dei raudgrøne partia samla sett får ei oppslutning på 50,3 prosent. Det ville gitt 31 mandat i bystyret, nok til fleirtal om målinga slår til.

Det er likevel svært jamt. Borgarleg side treng berre å stele to av mandata til den andre sida for å danne fleirtal, skriv TV 2.

Oslo Høgres byrådsleiarkandidat, Eirik Lae Solberg, kallar målinga for dødt løp.

– Denne målinga viser at det er dødt løp i Oslo. Alle som ønskjer eit skifte og som vil kvitte seg med politikken til tospannet MDG og Arbeidarpartiet må no gå og stemme Høgre, seier han.

Også på ei fersk meiningsmåling hos Nettavisen gjort av InFact får dei raudgrøne eit knapt fleirtal med 30 mandat. Det skjer etter stor tilbakegang for Høgre og solid oppgang for SV frå førre måling i januar.

Målinga hos TV 2 er gjennomført av Kantar gjennom telefonintervju med eit representativt utval av 797 veljarar Oslo i perioden 15. august til 3. september. Målinga har ein usikkerheitsmargin på mellom +/-1,5 og +/-3,2 prosentpoeng. Endringar er berekna mpt valresultatet i 2019.

Heile TV 2-målinga: R 7,8 (+ 0,6) SV 9,6 (+ 0,5) Ap 20,9 (+ 0,9) SP 1,4 (- 0,8) MDG 10,6 (- 4,7) V 10,3 (+ 4,5) KrF 1,1 (-0,6) H 30,2 (+ 4,8) Frp 6,6 (+1,3) Andre 1,6 (- 6,4).

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter