Nyheter

Sirwan fekk endeleg besøka sin sjuke far – hyllar innsatsen til Ap-minister

IDENTITET: Han er ein av 645 kurdiske irakarar som har levd i limbo i Noreg. Eit program for identitetsavklaring gjer at Sirwan Nori no kan leva eit vanleg liv.

Sirwan Nori har budd i Noreg i 24 år. Han har opphald, men ID-problem har gjort at han har måtte leva på sida i samfunnet.

– Eg har ikkje fått bank-ID. Det har gjort det vanskeleg å betala rekningar og fleire rekningar har gått til inkasso. Sonen min fekk ikkje delta på førstegongsteneste. Eg har ikkje kunne reisa nokon stad.

Etter at regjeringa har fått fortgang i eit ID-program for kurdiske irakarar, har Sirwan Nori endeleg fått bekrefta identiteten sin. I slutten av april fekk han norsk statsborgarskap.

– Endeleg fekk eg reisa og besøka far min som er alvorleg sjuk. Det betydde svært mykje for meg.

Det å ha eit pass er viktig for sjølvkjensla, forklarer Sirwan Nori.

– No slepp eg å skamma meg når eg blir spurt om ID. No er det avklart at eg er meg sjølv.

Du gjorde det umoglege mogleg. Du har endra liva våre.

—  Sirwan Nori om Marte Mjøs Persen

Vedtok program i 2016

Avsluttinga av ID-programmet vart markert fredag i lokala til arbeids og inkluderingsdepartementet i Oslo. Der møtte ein synleg rørt arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) fleire irakarar som hadde fått hjelp.

Sju år etter at Stortinget bad regjeringa få på plass identitetsavklaring for irakarar, er programmet endeleg i mål. Det betyr at 645 kurdiske irakarar får statsborgarskap i Noreg.

I fleire tiår har ei gruppe irakarar slite med å få stadfesta identiteten sin. Dei kjem frå dei kurdiske sjølvstyreområda i Irak.

Dei har opphald i Noreg, men ID-problem gjorde at dei ikkje har fått norsk statsborgarskap. Det har stoppa tilgangen til mange rettar, som å stemma ved stortingsval og kunne reisa fritt.

Alt i 2016 vedtok Stortinget at regjeringa skulle få på plass eit avklaringsprogram for denne gruppa. Då programmet var sett i gang, inkluderte det 645 menneske.

I mars 2022 tok Marte Mjøs Persen over som minister. Åtte månader seinare lova ho å få fortgang i programmet. Då var det framleis 294 menneske som ikkje hatt fått ID-en avklara.

Mellom dei var Sirwan Nori.

– Då du lova at me skulle få identiteten vår avklara på seks månader, var det ikkje så lett å stola på deg. Men du gjorde det umoglege mogleg. Du har endra liva våre, sa Sirwan Nori til Marte Mjøs Persen under møtet fredag.

Han gav henne ein god klem.

Dei fleste har fått norsk pass

ID-programmet er koordinert av UDI, og er basert på eit samarbeid med kurdiske sjølvstyremyndigheiter i Irak.

Det er framleis åtte som ikkje har fått identiteten stadfesta, desse jobbar norske styresmakter framleis med.

Det store fleirtalet av deltakarane i programmet har no fått norsk statsborgarskap, stadfestar UDI.

Sju år etter at Stortinget bad regjeringa få på plass identitetsavklaring for irakarar, er programmet endeleg i mål. Det betyr at 645 kurdiske irakarar får statsborgarskap i Noreg.

Uvanleg hyllest frå Noas

Under møtet fredag stilte Jon Ole Martinsen, seniorrådgjevar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas). Han har lenge har jobba med denne gruppa.

– Det er ikkje alltid eg får høve til så skryta av Arbeidarpartiet, sa han under møtet.

Han trekte fram innsatsen til fleire stortingsrepresentantar frå Raudt, SV, Ap, KrF, Sp og Venstre. I tillegg hylla han gjennomføringsevna til statsråd Mjøs Persen.

– Ho har teke tak i programmet og har vist politisk gjennomføringsevne, seier Martinsen til Vårt Land.

Samstundes kjem Martinsen med ei klar oppmoding: ID-programmet bør kunne gjelda fleire grupper.

– Dette er ikkje einaste gruppa som slit med å få verifisert identiteten sin. Me burde utvida programmet til å også gjelda folk frå Somalia og Afghanistan.

– Handlar om korleis me skal likebehandla folk

Vårt Land har spurt Marte Mjøs Persen (Ap) om programmet kan overførast.

– Det er openbert læring som kan overførast til andre saker. Me må sjå på om ein skal gjera det nøyaktig som dette programmet, eller bruke moderne teknologi for å få bekrefta identiteten, svarer ho.

Ho fortel ho vart engasjert i saka til dei kurdiske irakarane då ho sat som medlem i bystyret i Bergen.

– Då eg kom inn som statsråd såg eg kor mange saker som stod att og kor lite som hadde skjedd. Eg tenkte dette må me gripa fatt i.

– Det har gått ein diskusjon i Arbeidarpartiet om kor streng og rettferdig ein skal vera i asyl- og flyktningpolitikken. Er dette del av ein generell oppmjuking?

– Dette handlar om korleis me skal likebehandla folk i Noreg. Dei som er komne og fått innvilga opphald, skal bli integrert i det norske samfunnet på ein god måte.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter