Nyheter

Industripartiet INP har fleire medlemmer enn MDG

VAL: Ferske tal viser at Industripartiet INP har 158 fleire medlemmer enn Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). – Dette er veldig gøy, seier INP-leiar.

Det eine partiet vil skrota Parisavtalen. Det andre vil fasa ut norsk olje og gass innan 2035.

No viser ferske tal Vårt Land har henta inn at Industripartiet (INP) har 158 fleire medlemmer enn Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Medan MDG har 11.499 medlemmer, kan INP slå i bordet med 11.657 medlemmer.

– Dette er veldig gøy å høyra. Me har hatt eit mål om å eta oss innpå MDG, seier INP-leiar Owe Ingemann Waltherzøe til Vårt Land.

Han seier det er ekstra stas å gå forbi MDG i tal på medlemmer.

– Eg er ikkje større menneske enn som så, må eg innrømma.

Dette er veldig gøy å høyra. Me har hatt eit mål om å eta oss innpå MDG

—  Owe Ingemann Waltherzøe, INP-leiar

Har nesten 50.000 medlemmer på Facebook

INP vart grunnlagt i 2020. Partiet ønsker mellom anna å seia opp EØS-avtalen, den internasjonale Paris-klimaavtalen og å stansa utbygging av vindkraft.

Partileiar i INP Owe Ingemann Waltherzøe er oljearbeidar på Gudrun-plattforma i Nordsjøen og tidlegare konserntillitsvald for dei tilsette i Equinor.

Han snakkar med Vårt Land etter eit medlemsmøte i Kristiansund. Etter å ha turnert rundt i Møre og Romsdal, er han no på veg til Trøndelag.

– Det kom rundt 20 stykk på møtet i Kristiansund, det var greitt nok. Det minste møtet eg har vore på, var i Kragerø. Det var meg og to andre. Den eine var leiar i INP Kragerø, den andre viste seg å vera ein mann som kom for å varma seg og få lefser. Men han blei faktisk medlem etter kvart.

Han seier partiet bruker Facebook aktivt for å rekruttera nye medlemmer. Partiets Facebook-side har nesten 50.000 medlemmer.

– Me legg ut innlegg der me ber folk sende SMS med eit kodeord, det har gjeve formidabel medlemsvekst.

Han seier partiet har fått rundt 5.000 nye medlemmer i år.

Stiller lister i 138 kommunar og fylke

I ei fersk måling for Sentio får INP 5,1 prosent oppslutning. Det er det høgaste INP nokon gong har oppnådd på ei måling, melder NTB.

5,1 prosent ville ha gjeve partiet åtte representantar på Stortinget om dette vart valresultatet.

I år er første gong INP stiller til lokal- og fylkestingsval. Altinget melder at partiet stiller med vallister i 138 kommunar og fylke.

Lokal- og fylkestingsvalet blir halde måndag 11. september.

Ved stortingsvalet i 2021 stilte INP med lister i alle valdistrikt, men fekk berre 0,3 prosent av stemmene.

Endringslogg: Etter at denne saka vart publisert, tok MDG kontakt og opplyste at medlemstalet 11.499 er per 31.12.2022. Partiet vil ikkje opplyse kva medlemstalet er per i dag.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter