Feira Ukrainas sjølvstende i eksil

– Eg føler eg må gråte.

Khrystyna ser seg rundt på alle menneska utanfor Stortinget i Oslo. Mange ber ukrainske flagg og har på seg tradisjonelle, broderte ukrainske folkedrakter. Ho held den vesle handa til Anastasia, som akkurat har begynt i norsk barnehage.

Anastasia var berre to månader då mora Khrystyna og bestemora tok henne med på flukt ut frå vestlege Ukraina. Dei stod 25 timar i bilkø for å koma seg ut av landet. No er dei i tryggleik i Noreg.

Ukrainas uavhengighetsdag

– Me trudde berre me skulle bli her nokre månader. Me trudde ikkje me skulle bli verande så lenge, seier Khrystyna.

Khrystyna og Anastasia var mellom dei fleire hundre personane som deltok i markeringa av Ukrainas sjølvstendedag i Oslo torsdag. Markeringa vart feira med is, barnetog, korps og appellar om meir våpen.

– Eg håper me kan feire med barnetog i Ukraina i framtida, seier Khrystyna.

Mana til meir produksjon av norske våpen

Det er gått 32 år sidan Ukraina kunne feira sjølvstende frå Sovjetunionen. Sjølvstendedagen blir feira 24. august. No må mange ukrainarar feira dagen i eksil, etter Russlands invasjon av heimlandet.

I Noreg vart dagen markert i Oslo, Lillestrøm, Jessheim, Raufoss, Larvik, Kristiansand, Lyngdal, Egersund, Stavanger, Sandnes, Stord, Bergen, Os, Sunndalsøra, Ålesund og Kirkenes.

Etter barnetoget i Oslo vart det halde politiske appellar på Eidsvolls plass utanfor Stortinget. Fleire tok opp den store nyheita denne dagen, om at Noreg skal senda F-16-fly til Ukraina.

Ukrainas uavhengighetsdag

Då Ola Elvestuen frå Venstre gjekk på talarstolen og held sin appell, fekk han fleire rundar med spontan applaus. Han har vore med på fleire solidaritetsmarkeringar for Ukraina tidlegare.

Ukrainas uavhengighetsdag

Elvestuen mana til meir produksjon av norske våpen som Ukraina treng, og at Noreg skulle stenge russisk tilgang til norske hamner.

«Tusen takk, Ola», roper nokon i publikum.

Ine Eriksen Søreide frå Høgre fortalde om eit møte som hadde gjort inntrykk, då ho fekk besøk på Stortinget av ukrainske barn som har rømt frå krigen.

– Barn og unge kjem til å bera med seg såra som krigen skapar. Det er eine og åleine Russland si skuld.

Ukrainas uavhengighetsdag

Evakuert etter å ha gått på ei mine

– Dette er eit høve til å minne nordmenn på at krigen i Ukraina held fram. Dette er den viktigaste dagen for Ukraina.

Det seier Sergei. 45-åringen sit i rullestol og høyrer på appellane på Eidsvoll plass.

Han har kjempa i frontlinja ved Bakhmut i austlege Ukraina. Ei mine tok eine foten og nokre av fingrane hans. Gjennom det medisinske evakueringsprogrammet Medevac vart han transportert til behandling i Noreg. Han er full av godord om behandlinga han har fått i det norske helsevesenet.

– Sei til henne at eg er så takksam for kva Noreg har gjort, seier Sergei til venninna Yuliia, som omset det han seier for Vårt Lands journalist.

– Eg håpar ein gong å kunne visa den same gjestfridomen som eg har fått oppleva.

Ukrainas uavhengighetsdag