Nyheter

Dyster rekord i amerikansk jungel: Risikerer livet på vegen mot USA

DYSTER REKORD: Oriana Marcano og Luis Lopez såg ingen annan utveg enn å gå inn i Darien Gap, flyktningruta som tek liv. – Me ba Gud, ikkje forlat oss her.

Dei visste ikkje kva dei la ut på, kva farar som lurte, kor lenge det ville ta. Men dei var villige til å ta sjansen. På å møte drepande farleg natur; ville elvestryk og dødelege dyr, kriminelle som ranar, valdtek og drep.

Dei var seks som la ut på den strabasiøse vandringa, mor Oriana, far Luis, barna Stefano og Amaloha samt bestemor til Oriana.

Dei hadde også ein ekstra med på ferda. Oriana var gravid i sjuande månad.

– Barna ropte, mor, far, minnest Oriana Marcano.

dg

Rekordmange i 2023

Kvar gong mannen gjekk seg vill i jungelen, og kom vekk frå familien, gjekk ho ned på kne, i gjørma, falda hendene og ropte til Gud:

– Kjære Gud, ikkje ta han frå meg. Ikkje forlat oss her.

Oriana Marcano tek til tårene når ho fortel nyhendebyrået AP om ferda gjennom den ti mil lange jungelstrekninga Darien Gap.

Som no er full av flyktningar og migrantar, som strevar seg nordvestover mot ein tryggare morgondag. Ved utgangen av juli hadde 248.000 menneske streva seg gjennom, melder styresmaktene i Panama. Ein femdel er barn.

I heile fjor klarte 250.000 å ta seg frå Colombia til Panama. Gjennom Darien Gap. I 2021 var talet knapt halvparten.

Må finne vegen sjølve

American Highway går frå Alaska i USA i nord til Ildlandet i Argentina i sør. Du kan køyre frå nord til sør på det amerikanske kontinentet. Nesten.

Der Sør-Amerika smalnar av og Mellom-Amerika startar sluttar motorvegen. Der byrjar ein vel ti mil lang brutal jungel som strekkjer seg frå kyst til kyst. Her, i grenseområdet mellom Colombia og Panama, er ingen merka vegar, berre sleipe, gjørmete stiar, som brått blir vaska vekk av regn. Her er tett regnskog og høge fjellkjeder.

Tapón del Darién er spansk og tyder Darien-hinderet. På engelsk er namnet Darien Gap.

leir

Kjære Gud, ikkje ta han frå meg. Ikkje forlat oss her

—  Oriana Marcano, bøn under vandringa gjennom Darien Gap

«Mange er offer for overgrep»

USA, Colombia og Panama prøver å stengje massevandringa, men trykket frå sør minskar ikkje. Desperate menneske som har gått frå det vesle dei eigde satsar alt på eitt kort: Dei skal gjennom Darien Gap, over frodande elver, over bratte fjelltoppar, forbi væpna bandar, vidare opp gjennom Mellom-Amerika for å nå det lova landet. USA.

Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) har funne det naudsynt å etablere hjelpepostar i Panama for å møte dei som kjem stavrande gjennom regnskogen.

– Dei er skadde, dehydrerte, har allergiske reaksjonar, og slit med komplikasjonar av graviditet og kroniske sjukdommar. Mange er offer for overgrep og vald, fortel Veronica Martinez i ICRC til BBC.

---

Darien Gap

  • Eit jungelområde på grensa mellom Panama og Colombia, strekkjer seg frå Det karibiske hav i nord til Stillehavet i sør, er vel ti mil langt.
  • I 2022 kom det 250.000 flyktningar og migrantar gjennom Darien Gap.
  • Rekordmange 108,4 millionar menneske var på flukt i 2022.

---

Kjem med rutefly til Colombia

Storparten av dei som kjem gjennom jungelen er frå Venezuela, Ecuador og Haiti. Men mellom vandrarane er det også kinesarar og indarar, samt fleire som har reist til Colombia heilt frå Angola og Usbekistan. Dei tek rutefly til Colombia, for så å ta seg landevegen mot Darien Gap.

Kriminelle utnyttar flyktningane og migrantane til siste dollar. Dei som kan betale for los gjennom jungelen blir merka med farga band på handleddet. Kvart kartell i Colombia har sin farge. Undervegs kan dei vandrande kjøpe mat og drikke, på utsal drivne av kriminelle.

Dei som ikkje har pengar blir lett offer for bandar som herjar i jungelen. International Organization for Migration (IOM) opplyser at 36 personar mista livet eller blei drepne i Darien Gap i fjor. Langs jungelstiar blir det funne leivningar.

FAM

Nådde målet – bur i USA

Oriana Marcano og Luis Lopez klarte strabasane langs det som blir karakterisert som ei av verdas farlegaste flyktningruter. Dei kom seg også gjennom Mellom-Amerika, opp til grenseelva Rio Grande – og inn i USA.

Familien på fire er blitt fem. Vesle Adoni nærmar seg året. Familien har slege seg ned i El Paso i Texas, og hjelper migrantar som klarar å ta seg inn i USA.

Lopez likar å helse dei på spansk, fortel han AP.

– Eg har gått gjennom det du har gått gjennom. Du er i Guds hender.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter