Nyheter

Liberal by lokkar med pridefest - konservativ regjering skremmer skeive

REKORD HATKRIM: Turistkontoret i Tel Aviv sel byen som LHBT+-metropolen i Midtausten. – Samstundes har Israel fått ei svært LHBT+-fiendtleg regjering, seier aktivisten Kessem.

TEL AVIV: Drapert med regnbogeflagget som kappe vandrar hen gjennom Tel Avivs sentrumsgater. Israelaren går med plakatar der bodskapen skifter frå gong til gong.

– Eg er LHBT+-aktivist, eg representerer ingen organisasjon. Eg representerer meg sjølv, eg er trans.

Hen vil berre vere offentleg med førenamnet – og ikkje vise andletet.

– Eg heiter Kessem, seier hen og held opp plakaten som identitetsvern.

Kvifor Kessem ikkje vil vise kven hen er får Vårt Land eit døme på, der me står i King George Street.

Fleire av dei som hastar forbi slengjer lite hyggjelege helsingar til aktivisten, som denne dagen held opp ein plakat som minner folk om dei mange partnardrapa i landet: Kvinner som blir drepne av ektemenn og sambuarar.

– To grupper er svært utsette i dagens Israel, kvinner og LHBT+-personar, fortel Kessem.

Dyster årsrapport

Same dag som Vårt Land møter hen, legg The Aguda, Israels nasjonale LHBT+-organisasjon fram årsrapporten for 2022.

Han er ei samling dystre tal:

  • Rekordmange 3.309 registrerte tilfelle av vald, trassering og hatefulle ytringar retta mot LHBT+-personar.
  • Eller ein vekst på 11 prosent samanlikna med 2021.
  • 35 prosent av dei rapporterte hendingane i 2022 fann stad i det offentlege rommet, slik som på gata, i nabolaget eller på offentleg transport.
  • Talet er ei femdobling samanlikna med 2021.
  • 25 prosent av dei registrerte 3.309 hendingane fann stad mellom parlamentsvalet 1. november og innsetjinga av landets nye regjering 29. desember.

– Dei to siste månadane blei eit vendepunkt for LHBT+-samfunnet i Israel. Det siste Knesset-valet presenterte aktørar som openlyst har gjort LHBT+-samfunnet til skyteskive, seier styreleiar i The Aguda, Hila Peer, i ei kunngjering.

To grupper er svært utsette i dagens Israel, kvinner og LHBT+-personar

—  Kessem, LHBT+-aktivist
pride

Statsråd er «stolt homofob»

Israels regjering har statsrådar som har ytra seg sterkt negativt om skeive. Dei fleste kjem frå ytre høgreparti og ultraortodokse parti.

Finansminister Bezalel Smotrich kallar seg sjølv ein «stolt homofob», medan diasporaminister Amichai Chikli meiner prideparadar er «skammeleg vulgære» og at regnbogeflagget er eit antisionistisk symbol.

Statsråd Orit Strook har uttalt at legar bør få høve til å nekte å behandle homofile pasientar på religiøst grunnlag.

Avi Moaz, medlem av Knesset og viseminister ved Statsministerens kontor, forsvarar konverteringsterapi og jobbar for å fjerne homofiles rettar. Han meiner dei truar den tradisjonelle familiestrukturen. Moaz vil fjerne retten til å organisere prideparadar i Israel.

No har han fått ansvaret for eit nasjonalt identitetsprogram.

Likekjønna kan ikkje gifte seg

Statsminister Netanyahu på si side har forsikra omverda om at Israel er trygt for skeive.

Knesset, Israels nasjonalforsamling, fekk ved årsskiftet ein open homofil som leiar. Amir Ohana tilhøyrer Netanyahus parti og var tidlegare justisminister.

Dagens lovgjeving seier at likekjønna ikkje kan gifte seg i Israel, men høgsterett har sagt at likekjønna ekteskap frå utlandet er lovlege.

I 2008 fekk likekjønna par rett til å adoptere.

I 1993 opna forsvaret for at opne homofile kunne få gjere teneste, eit sovande forbod blei fjerna i 1988.

Fryktar rettsreforma

Kessem i Tel Aviv fryktar at tilhøva – som kjem fram i rapporten frå The Aguda – skal gå frå vondt til verre:

– Dei religiøse partia pressar på for å få vedtatt langt meir restriktive lover, og no har dei makt, dei sit i regjeringa og koalisjonen har fleirtal i Knesset.

Hen peikar også på at rettsreforma regjeringa vil presse gjennom vil svekkje høgsterett. Får dei viljen gjennom kan Knesset vedta lover landets øveste domstol har avvist. Med eit fleirtal på 61 eller fleire røyster vil høgsterett bli overkjørt.

– Dette vil særleg ramme kvinner og LHBT+-samfunnet, meiner hen.

Rettsreforma er berre pausa, ikkje skrota slik demonstrantar har kravd sidan januar. Kvar laurdag går hundretusental i demonstrasjonstog.

pol

«Fortener å elske kven me vil»

Laurdag blei årets prideveke avslutta i Tel Aviv. Om arrangementet melder Tel Avivs turistkontor:

«Det er anerkjent som ein av dei leiande hendingane på den globale LHBT-kalenderen, og den største hendinga i sitt slag i Midtausten.»

Torsdag samla årets prideparade vel 150.000 menneske i Israels nest største by. Han var den 25. i rekkja.

Tel Avivs ordførar Ron Huldai helsa paraden:

– Me er alle like, me er alle menneske, og me fortener å elske kven me vil, utan frykt.

Politiministeren vil eigentleg nekte paradar

Oppbodet av politi var svært synleg i Tel Aviv. Sidan nyttår har Israel hatt ein tryggingsminister, Itamar Ben-Gvir, som er ein uttalt motstandar av pridearrangement.

Han er som statsråd øvste sjef for politiet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter