Nyheter

FN: Over 500 barn er drepne i Ukraina

KRIG: FN melder at ein tragisk milepæl er nådd: Minst 501 barn er blitt drepne i Ukraina sidan februar i fjor. Mørketala er sannsynlegvis høge.

«Nok ein tragisk milepæl for Ukrainas barn og familiar. Sidan eskaleringa av krigen i februar 2022 har minst 501 barn blitt drepne.»

Det skreiv Unicef-sjef Catherine Russell på Twitter på måndag. Unicef er FNs barnefond.

Ho skriv at talet er verifisert av FN, men at det truleg er store mørketal.

«Det reelle talet er sannsynlegvis langt høgare, og byrda på dei råka familiane kan ein ikkje førestilla seg.»

Unicef-sjefen skriv at nesten 1.000 barn er skada, ifølge verifiserte FN-tal.

«Bak kvart tal er ein familie riven i stykke og forandra for alltid. Det er hjarteskjerande.»

Dette dødelege landskapet vil vera svært farleg for barn, som kjem til å tilbringa meir tid utandørs

—  Internasjonale Redd Barna om landminer i Ukraina

Redd Barna slår alarm om landminer

Redd Barna åtvarar no om at landminer utgjer ein stadig større trussel for barn i Ukraina.

Barn utgjer ein av åtte drepne av landminer og ueksplodert ammunisjon. Den skriv internasjonale Redd Barna i ei pressemelding tysdag.

Organisasjonen åtvarar om kva som kan skje framover, når våren er på veg.

«Når vårvêret no nærmar seg, vil smeltande snø og regn avdekka nedgravne landminer og fragment av ueksploderte granatar og artilleri. Dette dødelege landskapet vil vera svært farleg for barn, som kjem til å tilbringa meir tid utandørs.»

Miner dekker 30 prosent av landet

Alt før Russlands fullskala invasjon, var to millionar ukrainarar truga av landminer og eksplosive krigsrestar i austlege Ukraina. Det viste FN-tal frå april 2021.

Sidan då har faren auka. No utgjer miner ein trussel i 30 prosent av landmassen til Ukraina, anslår ukrainske styresmakter.

Internasjonale Redd Barna opplyser at det no dagleg blir rapportert om mine-ulukker i Ukraina.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter