Riksdagsvalet forsterkar det endra biletet av Finland og finsk politikk: Fremst i framskotne posisjonar står yngre kvinner. Dei skuvar vekk eldre menn som har hatt klippekort i rikspolitikken. Ved valet sundag forsvann ein tidlegare statsminister motvillig ut av Riksdagen.
Parlamentsvalet gjorde Riikka Purra (45), leiaren i ytre høgrepartiet Sannfinnane, til sjølvaste røystedronninga.
Ho fekk heile 42.589 røyster. Eller fjerde mest røyster nokosinne i eit riksdagsval.
Kan røyste på person
Dei som har fått fleire er Sauli Niinistö (Samlingspartiet) i valet i 2007, 60.563 røyster, kommunisten Hertta Kuusinen i 1948 og sannfinnen Timo Soini i 2011.
Sauli Niinistö er i dag president i Finland.
Landet har personval, dermed kan ein røyste på éin person, men røystene går først og fremst til partiet.
Utgåande statsminister, sosialdemokraten Sanna Marin, fekk 35.623 røyster. Den populære regjeringssjefen er berre slått av Purri.
Mange veljarar har likt Sanna Marin og hennar handtering av pandemi, Ukraina-krig og Nato-medlemskap, men færre tykte vel om politikken til den breie fleirtalsregjeringa, som tok Finland meir til venstre.
Får konservativ statsminister
Valvinnar er Samlingspartiet, Høgres finske søsterparti. Leiaren i det konservative partiet, Petteri Orpo, får jobben med å skipe ny regjering.
Skilnaden mellom dei tre største partia blei marginal. Samlingspartiet får 48 av 200 seter i Riksdagen. Sannfinnane får 46 medan sosialdemokratane får 43.
Dette betyr at Petteri Orpo kan skipe ei blåblå regjering med Sannfinnane og nokre mindre støtteparti, som Kristdemokraterna. Eller som også er vanleg i Finland, ei blåraud regjering med sosialdemokratane.
[ Reservesoldatar til kamp mot rettsreform ]
Kom med tre lovnader
Lenge låg Riikka Purra og Sannfinane an til å bli Finlands største part, men tapte ørlite på målstreken til Samlingspartiet, og blei nest størst.
Purra melde seg inn i Sannfinnane i 2016, og blei partileiar i 2021. I valkampen har ho fronta særleg tre saker: Ein meir restriktiv innvandringspolitikk, svekkje banda til EU og lågare skattar.
«Redd Finland», lydde slagordet til Purri og partiet ho leiar. Sannfinnane er det einaste finske partiet som lovar å ta Finland ut av EU.
Men Purra ønskjer ikkje eit finsk brexit med det første. Ho vil starte med å svekkje EUs klima- og miljøpolitikk.
Me hadde problem med folk frå nokre flyktningland. Menn trakasserte oss seksuelt
— Riikka Purra, leiar i partiet Sannfinnane
Stiller krav om innvandringspolitikk
Då ho stilte opp og vann leiarvalet i 2021, kunngjorde Purra at ho Sannfinnane aldri vil sitje i ei regjering som ikkje vil endre finsk innvandringspolitikk monaleg.
Noko som særleg betyr færre flyktningar til Finland.
Riikka Purra har fortalt Yle, Finlands NRK, at hennar restriktive syn på innvandring er forma av opplevingar som tenåring i heimbyen Tampere. Med flyktningar.
– Me hadde problem med folk frå nokre flyktningland. Menn trakasserte oss seksuelt, og følgde etter oss.
Tidlegare partileiar i Sannfinnane, Jussi Halla-ahos, skreiv bloggar om asyl-, flyktning- og innvandringspolitikk som trekte Purra til partiet på ytre høgre.
Ho er vegetarianar
Røystemagneten har ein mastergrad i statsvitskap, og har arbeidd som lærar og forskar før ho byrja å jobbe i sekretariatet til Sannfinnane i 2016.
Sidan 2019 har Purra hatt sete i Riksdagen. Arbeidet med doktorgraden blei lagt vekk.
Før Sannfinnane blei hennar parti for 15 år sidan, har vegetarianaren Purra fortalt at ho ved tidlegare val har røysta på eit breitt spekter av parti.
Dei grøne – «av omsyn til miljøsaka», konservative Samlingspartiet og sosialdemokratiske SPD.
---
Ny regjering i Finland
- Valkrinsnemndene fastset det endeleg valresultatet onsdag 5 april.
- Riksmøtet blir opna torsdag 13 april. Då får valvinnaren, Samlingspartiets Petteri Orpo, oppdraget med å skipe regjering.
- Orpo startar regjeringssonderingane fredag 14 april.
---
Sosialdemokratisk nederlag
Valet i Finland er eit nytt nederlag for nordiske sosialdemokratar. Lenge var både Norge, Sverige, Norge og Finland styrt av rørsla. I fjor haust måtte Magdalena Andersson i Sverige gje frå seg makta til ei blå regjering, så måtte Mette Frederiksen i Danmark utvide med eit konservativt parti og eit sentrumsparti. No er Sanna Marins statsministertid over.
Veka etter påske startar regjeringsforhandlingane. Fleire valtaparar har meldt at dei ikkje vil styre saman med Sannfinnane. Men i Finland er det kort veg mellom vallovnader og kvardagsløysingar.
Eit parti som kan komme på vippen, er Kristdemokraterna (KD). Partiet sikra seg fem mandat i Riksdagen.
Saman med Svenska folkpartiet, partiet til den svenske minoriteten i Finland, kan KD sikre ei borgarleg regjering med Samlingspartiet og Sannfinnane.