Nyheter

Knusande kritikk mot Une då tre søstre vann i retten

I RETTEN: Dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda får fullt medhald i Oslo tingrett. Dommen kjem med krass kritikk mot UDI og Une.

– Dette betyr alt. Eg har vore så sliten av å kjempa og kjempa. No kan eg vera her med barna mine og mannen min i Noreg.

Det seier Faustina til Vårt Land onsdag kveld.

Då har ho akkurat fått dommen frå Oslo tingrett som gjev henne og søstrene fullt medhald. UDI og Une meinte at dei tre søstrene laug om eigen identitet, og at dei uansett ikkje har rett til å bli i Noreg sidan dei ikkje lenger budde med far, som hadde kasta dei ut.

Dommen i Oslo tingrett kjem til motsett konklusjon. Retten konkluderer med at jentene har gjeve riktig identitet og at utlendingsforvaltninga no må behandla søknadane om permanent opphaldsløyve på nytt. Retten legg til grunn at søstrene no har oppfylt kravet til butid i Noreg.

Søstrene er verna frå utkasting fram til rettskraftig dom. Brenda og Gloria har levd i skjul for politiet sidan oktober i fjor.

– Denne saka har vore tyngst for søstrene mine. Dei har ikkje hatt ein eigen plass å bu eller jobb sidan i fjor haust. No skal dei ringe sjefen og høyra om dei kan begynna å jobba igjen, seier Faustina.

Saksbehandlingen ble tidlig låst i synet på at søstrene løy, og saksbehandlingen har derfor vært vilkårlig

—  Frå dommen i Oslo Tingrett

Knusande kritikk mot UDI og Une

Vårt Land har tidlegare omtala historia til Faustina, Gloria og Brenda. Dei kom til Noreg på familiegjenforeining i 2016, for å bu saman med faren. Dei levde over eit år i ein heim med store konfliktar før dei vart kasta ut av faren.

Staten vil senda dei ut av landet, dels fordi familielivet med far braut saman, dels fordi søstrene skal ha oppgjeve feil identitet.

Dei tre søstrene saksøkte staten ved Utlendingsnemnda (Une). Rettssaka gjekk tre dagar i Oslo tingrett sist veke.

Dommen er knusande i sin kritikk mot UDI og Une:

«Saksøkerne har fått fullt medhold i saken. Retten har kommet til at alle vedtakene som er bragt inn for retten til prøving, er bygget på feil vurdering av faktum om søstrenes identitet, idet søstrenes oppgitte identitet til norske myndigheter er sannsynliggjort.»

Brenda, Gloria og Faustina kom til Norge på familiegjenforening. De ble kastet ut hjemmefra som barn. Nå må de ut av Norge.

Brenda, Gloria

Søstrene vart trudd på alder

Då dei tre søstrene søkte opphald i 2016, brukte dei pass som viste at alle tre var umyndige. Passa viste at Brenda og Gloria var tvillingar på 16 år, medan Faustina var 14 år.

Norske styresmakter meiner desse identitetane ikkje stemmer. Dei meiner Brenda og Gloria ikkje er tvillingar, og at dei var 19 år og 18 år då dei søkte opphald, medan Faustina var 17 år.

Dommen festar lit til det søstrene har oppgjeve:

«Oppsummert har retten kommet til at søstrenes oppgitte identitet til norske myndigheter er sannsynliggjort og forenelig med tilgjengelig landkunnskap om [hjemlandet]. Vedtakene er derfor bygget på et feilaktig faktum som i vesentlig grad har virket inn på vedtakene med den følge at vedtakene er ugyldige.»

«Vilkårleg saksbehandling»

Fire gonger nyttar tingrettsdommar Åsa Gjesdal Bech ordet «vilkårleg» om UDI og Unes saksbehandling og vurdering av saka til dei tre søstrene.

Dommen kritiserer styresmaktene for å i for stor grad basera seg på opplysningar frå far i saka.

Far har fleire gonger levert inn pass på døtrene til politiet, etter at han hadde kasta dei ut heimanfrå. Styresmaktene har basert seg på fødselsdatoen i nokre av desse passa, då dei fastsette det dei meiner er rett identitet.

Brenda, Gloria og Faustina kom til Norge på familiegjenforening. De ble kastet ut hjemmefra som barn. Nå må de ut av Norge.

« (...)det synes som om utlendingsmyndighetene har latt seg forlede av fars opplysninger, uten å gjøre tilstrekkelig brede undersøkelser og vurderinger av opplysningene han kom med, og uten at opplysningene ble tilstrekkelig vurdert opp mot tilgjengelig landkunnskap (..)»

I dommen blir styresmaktene kritisert for å legga vekt på delvis motstridande opplysninger, og på opplysninger som er vanskeleg å etterprøva.

«Saksbehandlingen ble tidlig låst i synet på at søstrene løy, og saksbehandlingen har derfor vært vilkårlig.»

«Openbert urimeleg»

Une har peika på at søstrene ikkje lenger «utøver et familieliv» med far. Det meiner Une bryt med føresetnaden for opphaldsløyvet, som var basert på familiegjenforeining.

I dommen kjem det også kritikk av denne rettsforståinga, som blir omtala som «openbert urimeleg»

Dommen diskuterer paragraf 53 i utlendingslova. Paragrafen opnar for at ektefelle eller sambuar som kjem på familiegjenforeining og blir utsett for mishandling, kan få opphald på sjølvstendig grunnlag.

Den same bestemminga gjeld ikkje for barn som kjem på familiegjenforeining.

Dommen peiker på at Stortinget «muligens» ikkje har tenkt på ein situasjon som den Faustina, Brenda og Gloria har vore i. Dommen slår fast at barn ikkje skal bli gjevne ein dårlegare beskyttelse når slik situasjon oppstår.

«Da må i stedet ‘bo-sammenkravet’ i den opprinnelige tillatelsen tolkes utvidende, slik at vilkårene for den opprinnelige tillatelsen ikke anses brutt med påfølgende ugyldighet.»

Faren har tidlegare sagt til Vårt Land at han ikkje kjenner seg igjen i døtrenes versjon. Han stadfestar at han kasta dei ut av heimen, men seier han sjølv følte seg trua av dei.

Brenda, Gloria og Faustina

Uklart om Une vil anka saka

Enhetsleiar i Une, Georg Magne Rønnevig, skriv i ein e-post til Vårt Land:

– Me skal no gå grundig gjennom dommen me har fått frå tingretten. Me vil ta stilling til ankespørsmålet innan frista.

Frista er i utgangspunktet innan ein månad, men blir utsett litt grunna påske.

Skjerma frå tvangsretur

Oslo tingrett skjermar søstrene frå tvangsretur til heimlandet i påvente av rettskraftig dom.

Retten viser til situasjonen Faustina er i, med ein baby og eit barn på 2,5 år:

«Faustina har to små barn under 3 år i Norge, som trolig vil bli adskilt fra sin mor i en av de viktigste faser av et barns utvikling. Skadene barna kan bli påført ved å miste sin mor i denne perioden vil i så fall være irreversible.»

Retten viser også til at Gloria og Brenda held på å avslutta utdanning som helsefagarbeidarar. Ei utsending ville få store økonomiske konsekvensar for søstrene.

UNE må også betala sakskostnader i saka, som er på 557.173 kroner.


Dette har Vårt Land skrive om søstrenes sak:

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter